FORVITRAR: Det verkar som om perspektivet har skifta frå å vera folkets tenarar til å bli eit system der det ser ut til at det sentrale er å sementera sine leiarposisjonane sine og sikra seg skyhøge lønningar medan organisasjonen forvitrar, skriv Stein Gisle Apeland.

Har helsestyret vårt mista både mål og meining?

Det er for meg heilt klart at det minst ineffektive vil vera at ein på ny får full politisk styring i systemet og at ein går bort frå industritenkemåten.

Publisert
Svein Gisle Apeland

Etter over 40 år som fastlege der det blei stadig meir byråkratisk motbakke og ein etter kvart nærast uoverstigeleg kø av dokumentasjonskrav, blei det stadig meir krevjande å få den tida som trengst til det me var sett der til å gjera, møta menneske med alle mulege livsutfordringar, kort og greitt mange gonger rett og slett berre vera eit medmenneske. Slikt kan som kjend vera mangelvare i det gjennomdigitaliserte samfunnet. Det er nå eingong slik at menneske treng menneske, ikkje «appar», å halda seg til. Etter å ha gått av med pensjon på overtid, kan eg seia eg saknar dei mange gode, daglege møta, men systemet saknar eg ikkje eit sekund, tvert om!

Med den årelange erfaringa kjenner eg som så mange andre at det trengst ei opprydding i helsevesenet både når det gjeld struktur og moral (...uff då, der kom ordet som sjølvsagt verkar krenkande på dei mange sårbare i leiande posisjon i helsevesenet vårt...) Det kan verka som om systemet vårt er ei skute som både har mista kurs og motorkraft. 

La det vera klart at eg ikkje meiner at politisk styring er synonymt med god styring

Systemets tenarar

Det verkar som om perspektivet har skifta frå å vera folkets tenarar til å bli eit system der det ser ut til at det sentrale er å sementera sine leiarposisjonane sine og sikra seg skyhøge lønningar medan organisasjonen forvitrar. Dette spriket mellom det som knapt kan kallast anna enn vettlaus auke i overbetalte (eg meiner verkeleg det!) direktørar og innsparing i driftsmiddel inkludert nedlegging av avdelingar og funksjonar er ganske motlaust for ikkje å seia demotiverande å vera vitne til. Kva gagnar det den som står i endelaus ventekø at ein har bygd reine helsepalassa?

Skal me våga å peika på det mange meiner er sjølve verkebyllen at det kan synast at ein mange stader er mei ser på kva som tenar dei tilsette enn den oppgåva som helsepersonell faktisk er sett til å utføra? Eg er klar over at dette er ein brannfakkel og eg vil på ingen måte generalisera dette, for det finst hopevis med hardt arbeidande helsepersonell som har eit varmt hjarte (altså ikkje den anatomiske varianten...) for pasientane og solid fagkunnskap, men det er viktig at omsorg for og fokus på pasienten skal framhaldast som ikkje berre ein del av kulturen, men som det faktiske grunnfjellet i alt me føretar oss i «vesenet». 

Sjølvsagt vil ein aldri greia å tilfredsstilla alle krav frå publikum, som godt haussa opp av media (det er ikkje dei ressurssvake som kunne trenga det mest som får krava sine fram…) legg fram ønskje med kostnadsramme som ofte med god margin overstig ikkje berre det rimelege, men det som let seg gjennomføra. Ein har trass alt eit ansvar å tenka samfunnsmessig heilskapleg og klart avgrensa ressursar både personellmessig og økonomisk, og kravet er då at desse blir brukt der det kan forsvarast, med andre ord der det tener folket best. 

Det minst ineffektive

Det er for meg heilt klart at det minst ineffektive vil vera at ein på ny får full politisk styring i systemet og at ein går bort frå industritenkemåten. La det vera klart at eg ikkje meiner at politisk styring er synonymt med god styring (det er ofte lite samsvar mellom politikk og logikk dessverre), men pasientar er ikkje kundar, og venteliste er ikkje nokon ordrereserve! Likevel er det ei nyttig påminning å sitera den gamle krigararistokraten Winston Churchill: Demokratiet er den dårlegaste styreforma ... nest etter alle dei andre!

«Kundane» er veljarar, og det kan då i alle fall vera eit incitament på å gjera vedtak som tener folket. Me treng både ein leiarstruktur og leiarar som er seg sjølv i tydinga at dei står til ansvar for det dei gjer, og ikkje på Ibsensk vis er seg sjølv nok! 

Slik det nå er, er det svært freistande å ta fram eit gammalt sitat frå Håvamål: «Betre børa du ber'kje i bakken enn mannevit mykje» (... for å presisera er «mann» her eit kjønnsnøytralt uttrykk tydande «menneske»...) der me med sorg slår fast at bakkegangen for det nåverande helsestyresystemet vårt må vera ganske lett sidan det verkar som om nemnte bør er svært lita.

Ingen oppgitte interessekonfliktar

Powered by Labrador CMS