Viktig å leggje til rette for god spesialistutdanning
Eg vil bli svært overraska og skuffa om det vi har fått av tilbakemeldingar på oppfølging av LIS-utdanninga på Vestlandet, ikkje er truverdig informasjon.
Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.
Kronikk: Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF
EG HAR MED undring lese eit intervju med Christer Mjåset om at leiinga i helseføretaka ikkje følgjer opp den viktige oppgåva det er å ha gode og planlagde utdanningsløp for legar i spesialisering (LIS). Det er på sin plass å synleggjere kva vi har lagt til grunn, og kva vi gjer innanfor dette feltet.
For det første har vi kartlagt alle LIS-ar og deira status i LIS-utdanninga. Gjennomgangen har vore i nært samarbeid med fagmiljøa i den einskilde eininga, og med kollegaer i dei andre føretaka, for å sikre gode vekslingar for LIS-ane. Det er verd å understreke at den einskilde LIS-óg har medverka i gjennomgangen. Dersom påstandane til Mjåset om at legar i spesialisering ikkje har fått rettleiing eller supervisjon, er sanne, er jo denne kartlegginga eit omfattande arbeid vi ikkje kan ha tillit til. Det er alvorleg dersom spesialistkomiteane har vært klar over dette utan å ta dette opp i gjennomgangen i fagmiljøa og den einskilde LiS og leiing i føretaka.
BRUK AV VIKARAR. For det andre har helseføretaka sjølvsagt etterlevd tariffavtalen med Legeforeningen knytt til fast tilsetting av legar i spesialisering. Per medio juni 2016 er om lag 44 prosent av LIS-ane fast tilsette, om lag 34 prosent er tilsette som vikarar. Vikarar er ein ordinær situasjon som skal dekkje viktige velferdsordningar som foreldrepermisjonar, permisjonar der legar i spesialisering går over i forskingsoppgåver for ein periode, vikarar som skal dekkje opp for legar som gjennomfører gruppe 1-teneste, for å nemne nokre årsakar til bruk av vikarar. Då står vi att med om lag 22 prosent som har anna tilsettingsform; blant anna dei LIS-ane som har «gammal» tilsettingsform før rammene om fast tilsetting blei avtalt.
Det som er viktig, er at delen faste tilsette aukar heile tida. Vi står og inne for kva mål vi har for LIS-utdanninga på Vestlandet.
Sjølvsagt har eg høyrt at ein skulle ønskje det kunne gå raskare med fast tilsetting. Det er eit mål at flest mogleg skal ha faste heile stillingar i føretaksgruppa Helse Vest, det gjeld alle yrkesgrupper. Det er eit mål vi har sett oss føre å nå. Når det er sagt, vil det likevel alltid vere behov for vikarar, legane er jo og omfatta av vel fungerande velferdsordningar og andre viktige grunnar til å få permisjonar.
RETTLEIING. Så til ein annan påstand frå Mjåset; fagmiljøa skal saldere med rettleiing og supervisjon av legar i spesialisering. Vi har og lagt til grunn at rettleiing skal planleggast på same måte som anna aktivitet når det blir utarbeida avansert oppgåveplanlegging for legane. Vi har delt inn hovudoppgåvene i ti hovudgrupper som skal vere del av avansert oppgåveplanlegging.
Gruppe åtte er undervisning/ opplæring/ rettleiing/ fordjuping. Dersom avansert oppgåveplanlegging blir gjort i tråd med intensjonane, vil ein ha oversikt over kven som gir rettleiing og kven som får rettleiing. Det er ei viktig leiaroppgåve å få dette til. Sjølvsagt kan det vere at dette ikkje er perfekt alle stadar, men dette blir følgd opp. Vi er ferd med å gjennomgå analysar av all oppgåveplanlegging for eventuelt å støtta dei einingane som ikkje har kome langt nok, eller godt nok i gang.
Dette veit vi bli følgd opp i klinikkane og leiinga i helseføretaka, så vel som det blir gjennomgått status i eiga prosjekt som del av «Alle møter» programmet.
SAMANBROT. Dersom det er slik at dyktige legar som skulle ha gitt supervisjon og rettleiing, ikkje gjer det, er det alvorleg. Då er det mange legar i spesialisering som ikkje kan utføre prosedyrar, som manglar heilt vesentleg del av si utdanning. Det er med andre ord ein alvorleg og sterk kritikk av dyktige legar som har utdanning av LIS-ar blant sine oppgåver. På den same tid er det då mange leiarar, tusenvis av legar som gir supervisjon, kanskje 500 som skulle ha gitt rettleiing og 1000 LIS-ar som ikkje har fått eller ikkje får ei tilfredsstillande utdanning som alle har vært tause om dette, eller ikkje har nytta viktige kanalar for å ta dette opp.
Er elendet så komplett at ingen har varsla om at utdanninga på Vestlandet er i ferd med å bryta saman? Eg trur ikkje det. Dersom det hadde vore ein så grunnleggjande svikt i utdanningssystemet vårt, forventar eg at spesialistkomiteane hadde peika på dette i si oppfølging av LIS-utdanninga. Det ville vere å forvente at ein så alvorleg beskriving av tilstanden i utdanninga av legespesialistar var kome til overflata i deira gjennomgangar, og at mange hadde engasjert seg for å gjere alle leiarnivå klar over dette.
TILSTANDEN. Vi har jobba mykje med å få til gode utdanningsløp for legar i spesialisering, internt i kvart av helseføretaka og mellom helseføretaka. Vi har rydda mykje på plass saman med fagmiljøa, vi har forankra utdanningsstatus for alle LIS-ane i eit fellesskap, og vi har kome langt i førebuinga til ny spesialiststruktur.
Skulle tilstanden vere slik Mjåset beskriv, må vi verkeleg kome til botnen i kva som har svikta og sette inn tiltak for å rette dette opp. Eg vil bli svært overraska, og skuffa, om det vi har fått av tilbakemeldingar på oppfølging av LIS-utdanninga på Vestlandet, ikkje er truverdig informasjon, og at ingen har meldt ifrå om det.
Kronikk og debatt, Dagens Medisin 13/2017