Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Vi må snakke meir om tillit

Vi kan ikkje tillate oss å undervurdere viktigheita av tillit for eit velfungerande helsevesen.

Annons:
Sara Soraya Eriksen

Innlegg: Sara Soraya Eriksen, medisin- og forskerlinjestudent tilknyttet UiB og Bergen Centre for Ethics and Priority setting (BCEPS)

«BEFOLKNINGA SET si lit til ei god offentleg helseteneste. Ved å underfinansiere den over tid, vil denne tilliten svekkast». Orda tilhøyrar president Marit Hermansen i Den norske Legeforeninga.

Samanhengen er høyringa om statsbudsjettet i helse- og omsorgskomiteen etter det mange vil omtale som nok eit ostehøvelkutt i helsesektoren.

At Marit Hermansen brukar ordet tillit, er neppe tilfeldig. Som eit relasjonelt begrep som i høgste grad blir påverka av miljø og kultur, er det ikkje få tilhengarar av vitskap som stille sukkar når begrepet tillit blir lagt på bordet. Tillit er vanskeleg å studere, vanskeleg å måle, men det er livsviktig at tillit er til stades.

LIMET. Eit helsevesen utan tillit er eit helsevesen utan pasientar: Tillit aukar sannsynligheita for at pasientar søkar helsehjelp, for at pasientar deler kritisk informasjon, og ikkje minst: for at pasientar lyttar til råda som helsepersonell gir.

“Vi møter menneske på deira mest sårbare, og i eit tilvære prega av usikkerhet er tillit sjølve limet. Å ta denne tilliten for gitt, vil gi fatale konsekvensar”

Tillit fungerer som ei bru i vanskelege og usikre situasjonar – noko som er sjølve kjernen i medisinfaget. Vi møter menneske på deira mest sårbare, og i eit tilvære prega av usikkerhet er tillit sjølve limet. Å ta denne tilliten for gitt, og å la den erodere, vil gi fatale konsekvensar.

ANSVARET. Vi har alle eit ansvar: Det er ikkje berre fornuftige prioriteringar i Stortinget, regjeringa og i leiingar som trengs for å oppretthalde tilliten til det norske helsevesenet. Tillit til eit system påverkast også i stor grad av tillit til enkeltpersonar som representerer systemet. Altså deg og meg. Kva som utspelar seg innanfor legekontoret sine fire veggar, har i aller størst grad påverknad på oppfatningar av, og tilliten til, morgondagens helsesystem.

Vi har alle eit stort ansvar for å oppretthalde, og til og med forbetre, tilliten til det norske helsevesenet. For når det kjem til tillit, er det ingen grunn til at vi ikkje skal sikte mot å vere verdas beste – også i framtida. Dette må gjenspeglast gjennom ei reflektert medisinutdanning som gir grobotn for gode mellommenneskelege ferdigheiter, gjennom arbeidsplassar som oppfordrar til tillitsskapande holdningar, og som president Marit Hermansen har uttrykt: «Gjennom prioriteringar som styrkar ei god offentleg helseteneste». Her har sjølv fantastiske Noreg mykje å gå på – i alle nivå.

FUNDAMENTET. Vi må ikkje ta for gitt at pasientar følar tillit til helsepersonell og helsevesenet. Vi må alle – studentar, legar og politikarar – jobbe for å fortene den tilliten det norske helsevesenet i dag mottar.

Å kvile på laurbærblada, ikkje å anerkjenne viktigheten av tillit som eit fundament for eit velfungerande helsevesen samt å halde fram med ostehøvelkutt, kan i verste fall føre til ei fatal erodering av dette naudsynte limet.

Vi må snakke meir om tillit.

 

Ingen oppgitte interessekonflikter

Kronikk og debatt, Dagens Medisin 18/2019

 

Kommentarer

Nyheter fra startsiden

Helseministeren om IKT-kritikk

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!