Metodikken bak har gitt ei betra teneste

Det er viktig at vi no i Noreg grip sjansen til å utarbeide gode pakkeforløp som sikrar meir forutsigbarhet for pasientar, pårørande og primærhelsetenesta, og som betrar kontinuiteten i helsetenesta.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Eva Biringer, seniorforskar, Seksjon for forsking og innovasjon, Helse Fonna HF
Miriam Hartveit, Ph.D-stipendiat, Seksjon for forsking og innovasjon, Helse Fonna
VI TAKKAR Sigrid Ramdal for sitt svar på DM-nett (15.12.2015) på vårt innlegg i Dagens Medisin (21/2015) om pakkeforløp. Vi synest spørsmåla ho stiller, og diskusjonen om «pakkeforløp» i psykisk helsevern, er viktige. Imidlertid er det nødvendig at diskusjonen bygger på ei felles forståing av kva «pakkeforløp» er.
Generelt må ein, for å betre praksis, både definere ønska praksis – kva vi skal endre til – og ha ein metode for å få til den naudsynte endringa – korleis vi skal få til endring. I tråd med internasjonal litteratur på «care pathways» er «pakkeforløp» ein metode for å implementere ny praksis, altså det sistnemnde (1, 2). Debatten om pakkeforløp har imidlertid i stor grad hatt fokus på innhaldet; kva vi skal gjere. Å avvise metoden «pakkeforløp» på grunnlag av at andre land har implementert ein standard der element som kan kritiserast, er med, meiner vi er feil.
EFFEKTIV METODE. Ramdal stiller spørsmålet om korleis ein kan vite at innføringa av pakkeforløp vil gi betring av psykisk helsevern:
Pakkeforløp som metode for å endre praksis, har vist seg effektiv (3), også innan psykisk helsevern (4-6). I Noreg har metoden også vore omtala som prosessforbetring, og røynsler med  tilnærminga er mellom anna refererte til på Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) sine nettsider. Metodikken er utvikla innan kvalitetsforbetringsfaget og har vore brukt i spesialisthelsetenesta i andre europeiske land (7), og i nasjonale satsingar, til dømes i Skottland si satsing på «integrated care pathways» i psykisk helsevern (8, 9). Mellom anna har den metodologiske tilnærminga vist seg å betre behandlinga når det gjeld planlegginga kring den enkelte brukaren, redusere bruken av tvang og medikamentbruk, talet på re-innleggingar (5), varighet av sjukdomen (6, 10), og den har bidratt til betre funksjon i jobb- og familiesamanhang (10) og høgare brukarnøgdhet (6, 10).
KVALITET. Evidensgrunnlaget gjer at vi meiner tilsette og brukarar i psykisk helsevern bør bidra til å utvikle gode pakkeforløp i Noreg innan fristen i 2020. Men vi presiserer at innhaldet – kva vi skal standardisere – bør utviklast med basis i evidens og den kunnskapen som finst om kva som er «beste praksis».
Innhaldet i «god behandling» bør definerast i eit samarbeid mellom helsepersonell (kunnskapsbasert kunnskap) og brukarar (erfaringsbasert kunnskap) innan dei økonomiske og lovmessige rammene vi har. Vi anbefaler ikkje å kopiere innhaldet i for eksempel dei danske pakkeforløpa.
BRUKARPERSPEKTIV. Rambøl etterspør korleis brukarmedverknad kan sikrast i pakkeforløpa: Brukarperspektivet er eitt av tre sentrale perspektiv i alt arbeid for å betre kvaliteten på tenesta (11) og det er sjølvsagt at brukarane skal delta i utforminga av pakkeforløpa på lik line med representantar for dei andre perspektiva.
Der finst også dømer på korleis utarbeidde pakkeforløp ivaretar brukarperspektivet: I dei skotske forløpa er brukarane sine eigenvurderingar av eige behov, deira styrker og målsetjingar/ønsker, tilrettelagt informasjon og individuell behandlingsplan med brukaren si rolle og ansvar, definert som sentrale element (9). Dette er element som vi i Noreg kan ta med og vidareutvikle i våre pakkeforløp (8).
TA SJANSEN! Vi påstår, med belegg i målsetjinga for pakkeforløp og eksisterande forsking, at pakkeforløpsmetodikk, brukt på rette måten, kan betre opplevd kontinuitet og kvalitet i psykisk helsevern. Men når vi diskuterer pakkeforløp, må vi skille mellom forbetringsmetodikken – korleis vi implementerer noko som er ønska i praksis – og innhaldet i standarden – kva vi implementerer.
Vi meiner det er viktig at vi no i Noreg grip sjansen til å utarbeide gode pakkeforløp som sikrar meir forutsigbarhet for pasientar, pårørande og primærhelsetenesta, og betrar kontinuiteten i helsetenesta. For oss betyr dette å seie ja til metoden som pakkeforløp er basert på – og ja til ei god utarbeiding av innhaldet i standarden vi skal implementere, inkludert bidrag fra alle relevante aktørgrupper.
Ingen oppgitte interessekonfliktar
Referanser:
1) Vanhaecht K. Care Pathways are defined as complex interventions. BMC Medicine. 2010;8(31).
2) De Bleser L, Depreitere R, De Waele K, Vanhaecht K, Vlayen J, Sermeus W. Defining pathways. J Nursing Management. 2006;14(7):553-63.
3) Rotter T, Kinsman L, James E, Machotta A, Gothe H, Willis J, et al. Clinical pathways: effects on professional practice, patient outcomes, length of stay and hospital costs (Review). The Cochrane Library. 2010(3).
4) Bauer M, McBride L, Williford W, Glick H, Kinosian B, Altshuler L, et al. Collaborative Care for Bipolar Disorder: Part II. Impact on Clinical Outcome, Function, and Costs. 2006.
5) Marchisio S, Vanetti M, Valsesia R, Carnevale L, Panella M. Effect of Introducing a Care Pathway to Standardize Treatment and Nursing of Schizophrenia. Community Mental Health Journal. 2009;Online publication May 19th.
6) Katon WJ, Von Korff M, Lin EH, Simon G, Ludman E, Russo J, et al. The Pathways Study: a randomized trial of collaborative care in patients with diabetes and depression. Arch Gen Psychiatry. 2004;61(10):1042-9.
7) Vanhaecht K, Bollmann M, Bower K, Gallagher C, Gardini A, Guezo J, et al. Prevalence and use of clinical pathways in 23 countries-an international survey by the European Pathway Association. Journal of Integrated Care Pathways. 2006;10(1):28.
8) Biringer E, Hartveit M. A future for pathways in mental health care in Norway: a discussion paper based on El-Ghorr et al. (2010). International Journal of Care Pathways. 2011;15(1):18-20.
9) El-Ghorr A, Cameron R, Fleming M, McKechnie L, Thomson D, Doherty S. Scotland's national approach to improving mental health services: integrated care pathways as tools for redesign and continuous quality improvement Int J Care Pathways. 2010;14(2):57-64.
10) Bauer M, McBride L, Williford W, Glick H, Kinosian B, Altshuler L, et al. Collaborative care for bipolar disorder: part I.Intervention and implementation in a randomized effectiveness trial. Psychiatr Services. 2006;57(7):927-36.
11) Øvretveit J. Quality Health Services: Brunel University Institute of Organisation and Social Studies; 1990.

Powered by Labrador CMS