MÅ HOLDE PÅ DEI FLINKE: Vi kan alle bli pasientar og vil kome til å trenge hofteoperasjonar, hjartekirurgi, kreftbehandling, psykisk helsehjelp og alt det andre. Dersom den offentlege helsetenesta ikkje klarer å halde på dei flinke fagfolka, vil det dermed gå ut over alle, skriv Lisbeth Homlong.

Når erfarne legar sluttar forsvinn verdifull kompetanse og erfaring

Når ein erfaren legar sluttar, vert denne ofte erstatta av ein mindre erfaren lege. Når fleire erfarne legar sluttar, fører det til at stabile fagmiljø går i oppløysing.

Publisert Sist oppdatert

«Saman er vi litt mindre åleine» var tittelen på mitt første innlegg i denne spalta for knappe 10 år sidan. Hovudtemaet var kva betydning gode sosiale relasjonar har for liv, helse og trivsel. For å belyse dette temaet skreiv eg om mine fem venninner frå studietida på 90-talet; anestesilegen, barnelegen, barne- og ungdomspsykiateren, nevrologen og augelegen Sidan sist har vi fått eit nytt tilskott i gruppa, røntgenlegen. Som tidlegare fastlege og no byråkrat i sentral helseforvaltning, representerer eg allmennmedisinen og det samfunnsmedisinske perspektivet i flokken.

25 år etter at vi blei uteksaminert frå Universitetet i Bergen, har vi studievenninnene stadig kontakt på dagleg basis i ein felles studiedame-chat, der vi deler stort og smått frå legelivet – og livet elles. Våre felles erfaringar og opparbeidde kunnskap etter eit kvart hundreår i det norske helsesystemet har gitt oss brei innsikt – og eg vil påstå at vi til saman har eit usedvanleg godt utgangspunkt for fruktbare diskusjonar og gode løysingar! Vi kan også peike på kor skoen trykker.

Legane sluttar

Mine seks studievenninner er alle hardtarbeidande overlegar i kvar sin spesialitet, og dei jobbar på sjukehus i ulike delar av landet. Røntgenlegen jobbar for tida som vikarlege, og frå sitt perspektiv, rapporterer ho om stoda i sjukehus-Noreg rundt omkring. Dersom mine studievenninner sluttar i jobbane sine, så vil det ta år og innsats for å erstatte den kunnskapen og kompetansen dei har opparbeidd seg.

Dette er ei reell og dagsaktuell bekymring. I ein fersk reportasje frå TV2 går det fram at i løpet av dei siste tre åra, så har nesten 2000 legar slutta på norske sjukehus. På nokre sjukehus har nesten 20 prosent av legane slutta på under tre år.

Strekk ikkje til

Dette gjeld både nyutdanna og erfarne legar. Reportasjen viser til at mange legar opplever høgt arbeidspress, lite rom for fleksibilitet og sjølvbestemming i kvardagen, og at jobben går hardt utover fritid og familie. Fleire fortel også at dei opplever at dei ikkje strekk til i møte med pasientane. Dei meiner også at løna dei får ikkje lenger står i stil med arbeidsbelastninga og ansvaret dei sit med.

Når ein erfaren legar sluttar, vert denne ofte erstatta av ein mindre erfaren lege. Når fleire erfarne legar sluttar, fører det til at stabile fagmiljø går i oppløysing. Dette går utover kvaliteten på pasientbehandlinga. Og i den harde enden er det den enkelte pasient som ber konsekvensane av dette. Vi kan alle bli pasientar og vil kome til å trenge hofteoperasjonar, hjartekirurgi, kreftbehandling, psykisk helsehjelp og alt det andre. Dersom den offentlege helsetenesta ikkje klarer å halde på dei flinke fagfolka, vil det dermed gå ut over alle. Bortsett frå dei av oss som kan betale seg ut av det ved å bruke private tenester.

Mine studiedamer melder om stadig tøffare arbeidsvilkår, tungvinte rammer for yrkesutøvinga, stort press og mange krav frå alle kantar. Dei er glade i jobben sin og har stor kjærleik for faget, men år etter år med arbeidsveker langt utover normalarbeidstid, lange vakter, ekstravakter, jobb i helger og høgtider – det tærer på. Dersom ein skal orke dette, så må innsatsen verdsettast. Det er i dette skjeringspunktet vi står no. Når arbeidskvardagen ikkje lenger er til å leve med – og innsatsen ikkje lenger står i forhold til det ein får ut av det, så vil fleire og fleire legar finne seg andre ting å gjere.

Verdifull erfaring

Sidan eg skreiv mi første spalte om studiedamene for knappe 10 år sidan, så har det skjedd ein del i liva våre. Vi har oppfostra til saman 16 flotte barn, som no har blitt tenåringar og unge vaksne. Vi har forska og avlagt doktorgrader. Vi har jobba og stått på for å få hjula i vår felles helseteneste til å gå rundt. Vi har overlevd kreft og anna alvorleg sjukdom, vi har skilt oss (ikkje alle) og funne nye kjærester, vi har hatt tatt oss av sjuke foreldre og følgd fleire av dei i grava. Vi har vore slitne, ting har butta og vi har fått sår og skrammer. Men vi har overlevd og er stort sett ved godt mot. Dette er legelivet!

Å knyte band og inngå i meiningsfulle relasjonar med andre, er kanskje det aller viktigaste vi kan gjere for å førebyggje sjukdom og dårleg helse. Studiedamene utgjer eit unikt sosialt nettverk for meg. Enn så lenge er dei framleis hardtarbeidande overlegar i den offentlege helsetenesta. Men det er ikkje sikkert dei blir der for alltid. Det vil vere eit stort tap. Eg vil uansett ha dei med meg. Like vakre, velkledde, slagferdige og kloke som alltid!

 

Kjelder:

Homlong, L. (2016). Saman er vi litt mindre åleine. Dagens medisin, 5. september 2016.

https://www.dagensmedisin.no/legeliv/saman-er-vi-litt-mindre-aleine/211856?utm_source=chatgpt.com

Noe skjer blant norske leger. Reportasje i TV2, 8. oktober 2025.

https://www.tv2.no/spesialer/nyheter/legeflukt/?fbclid=IwY2xjawNTNrJleHRuA2FlbQIxMABicmlkETA2bXlnZzh0ZkloQnJEOHBrAR6_ygbPKgPJqKDU4PXE-iVa2Kf9uyO-Yh85c4DBNEH2Cso1TpAB4f75vBBVtA_aem_cmOQkhp4WIDcOnrcyFF8mw

Powered by Labrador CMS