MANN VERSUS KVINNE: – Kvinner lever sunnare liv enn menn, mosjonerer meir, et sunnare mat og drikk mindre alkohol. Fleire menn er einsame og fell ut av skulen, har sjukeleg overvekt og meir hjarte- og karsjukdom.

Snakk meir om menns helseutfordringar!

Eg ønskjer meg at kvinnehelse og mannshelse vert snakka om parallelt: At det er utfordringar hos begge kjønn, på ulike område, som vi må handtere på ulikt vis. Kvinnehat er farleg, men mannsforakt er også eit fenomen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er mer enn to år gammel.

Lisbeth Homlong

MIN KRITISKE ryggmargsrefleks slo inn då Kvinnehelseutvalet nyleg la fram sin rapport om stoda for kvinnehelsa i dette landet. Kvinnehelse har systematisk blitt neglisjert og kvinners helseproblem vert ikkje tatt på alvor – det er hovudbodskapen.

Både som fagperson og samfunnsborgar er det vanskeleg å sjå at dette er heile røyndomen, og eg saknar ein meir nyansert debatt enn den som kom i kjølvatnet av rapporten.

KVINNER VERSUS MENN. Det må vere lov å påpeike at forventa levealder for kvinner er 3,5 år lengre enn menn i snitt, og at norske kvinner er i verdstoppen når det gjeld deltaking i yrkeslivet. Vidare har det aldri vore tryggare å vere gravid, å føde – eller å bli fødd her i landet. Også her er vi verdsleiande.

Kvinner lever sunnare liv enn menn. Dei mosjonerer meir, et sunnare mat, og dei drikk mindre alkohol enn menn. På den andre sida er tre fjerdedelar av alle som tek livet sitt, menn. Nærast alle som døyr i arbeidsulykker, er menn, til saman 142 menn sidan 2018. Fleire menn er einsame, fleire menn fell ut av skulen, fleire menn har sjukeleg overvekt. Menn har meir hjarte-og karsjukdom og vert ramma av dette i yngre alder og fleire døyr av prostatakreft enn av brystkreft.

STATUS – OG UTFORDRINGAR. Trass i slike fakta har det til saman blitt utarbeidd heile fire offentlege utgreiingar om kvinnehelse, medan det per i dag ikkje finst nokon tilsvarande utgreiing om menn. Eg vil derfor våge å uttrykkje at vi bør snakke meir om menns helseutfordringar i framtida.

Eg saknar ein meir nyansert debatt etter Kvinnehelseutvalet sin rapport

Når dette er sagt, så har oppfatninga mi av rapporten blitt modifisert noko etter kvinner flest i Noreg har god helse. Og ja, det er utfordringar på kvinnehelse-feltet; mange kvinnesjukdomar har vi altfor lite kunnskap om – og eit for dårleg behandlingstilbod for – som til dømes endometriose. Sjølv om vi skårar i verdstoppen på harde endepunkt i fødselsomsorga, tyder mykje på at dei mjuke verdiane vert saldert vekk i kampen av ressursane på dette feltet. Det har blitt mindre tid, mindre omsorg og meir samleband. Eg trur ikkje det løner seg på lang sikt når det gjeld å skape eit godt fundament for foreldreskap.

POSITIV KRAFT. Eit udelt gode med rapporten er at den kategorisk slår fast at biologiske ulikskapar hos kvinner og menn medverkar til ulik helse og sjukdomsutvikling i et livslaupsperspektiv. Anatomi og biologi har ei sentral betydning, og det har ikkje berre med kjønnshormon å gjere, men det er forskjellar mellom kjønna helt ned på cellenivå, som gir kjønnsforskjellar i vev og organ generelt. Rapporten slår fast at kjønn har betydning for helse, at kvinner og menn har ulik biologi, lever ulike liv, og vert ramma ulikt av sjukdom. Dette er sentral kunnskap som må ligge til grunn for å sikre gode helsetenester for alle, uavhengig av kjønn.

Dei aller fleste av oss har menn som vi er glade i, og som vi ønskjer skal få lange liv med god helse; fedrar, brødrar, søner, vener, kjærester, ektemenn. Eg har sjølv ein son som er i ferd med å vekse opp, og som skal finne seg til rette i den moderne mannsrolla, som slett ikkje er enkel. For han ønskjer eg at maskulinitet også blir verdsett som ei positiv kraft.

Er dette heile røyndomen? Eg saknar ein meir nyansert debatt enn den som kom i kjølvatnet av rapporten om kvinnehelse

Kvinnehat er farleg, men mannsforakt er også eit fenomen. Nokre vil hevde at menn berre må skjerpe seg, og i den offentlege debatten er det ein tendens til at menns problem vert individualisert, medan kvinneproblem er strukturelle. Kvinner opplever at dei ikkje blir høyrt. På den andre sida er det meir tausheit knytt til mannshelse. Menn let vere å gi beskjed. Det er også strukturelt.

BLINDSONER. Forfattar Frode Grytten kom i 2017 ut med novellesamlinga «Menn som ingen treng». Det er ein slåande tittel, og Grytten skriv med innsikt og empati om marginaliserte menn. Klassekampens bokmeldar skriv det så enkelt og sant at eg tillèt meg å sitere han: «Eg kan ikkje tru anna enn at det Grytten gjer, er viktig: Å gå laus på håplause menn med spott, spøk og alvor. Mannleg sjølvmedynk fortener ofte hån og latter, men også meir ettertenksam behandling, om ikkje samfunnets mannlege mørkesider skal bli endå mørkare».

Eg ønskjer meg at kvinnehelse og mannshelse vert snakka om parallelt, at det er utfordringar hos begge kjønn, på ulike område, som vi må handtere på ulikt vis. Vi må verdsette at både kvinner og menn har helseproblem som har utgangspunkt i kjønn, og at både kvinner og menn vert ramma av kjønnsbestemt helsetap – særleg knytt til sosioøkonomiske forskjellar.

Her trur eg det finst mange blindsoner.


Dagens Medisin, fra Kronikk- og debattseksjonen i 05-utgaven.

Powered by Labrador CMS