Mann i blå genser står foran trær med småbåter og brygger ved vannet bak seg.
PLIKTOPPFYLLANDE HELSEPERSONELL: Byråkratane veit at helsearbeidarar er særs pliktoppfyllande og samvitsfulle. Det er blitt ei sovepute for dei medan helsetenestytarane slit helsa av seg, skriv Ståle Brekke.

Ingenting ville vore enklare for fastlegane enn å sleppe sjukemelding

Om eg sjølv framleis hadde vore i primærhelsetenesta, ville eg sjukemeldt kvar og ein som meinte seg trengande det.

Publisert

Det er tillagt at legar skal sørga for at trengande pasientar skal få utskrive sjukemelding.

I mange tilfelle er det openbart at ei sjukemelding er nødvendig. Dømer på dette er når ein er innlagt på sjukehus, er så sjuk at ein er under behandling med antibiotika grunna infeksjonssjuksom eller av andre openberre årsaker er ute av stand til å utføra arbeidet ein har (beinbrot, rekonvalesens mm). Nokre gonger eg heller ikkje den arbeitsutførande istand til å utføra arbeidet sitt ansvarleg. Om ein person står i ei akuttkrise i livet, vil det vera uforsvarleg å la han vera pilot i eit fly eller å køyra på vegane med ei last full av brennstoff eller anna slags elsplosivt materiale. Tankane og merksemda til den råka er heilt andre stader enn i førarhuset enten det gjeld bil eller fly. Likeeins er det for råka helsepersonell som er livsivaretakarar for andre.

Eg har arbeidd som almenlege i mange nok år til å sjå og forstå dette.

Og kven er det eigenleg som veit om kven av dei hjelpetrengande pasientane som veit om ei sjukemelding trengst, om det ikkje var den som har skoen på og veit kvar den trykker? Pasienten er den som står midt i alt som er, for å sitera presten og biskopen.

Ingenting ville vore enklare for fastlegane enn å sleppa denne oppgåva. Om eg sjølv framleis hadde vore i primærhelsetenesta, ville eg sjukemeldt kvar og ein som meinte seg trengande det. Og om tilsynsmakta hadde sett meg i korta og drege tilbake retten min til å sjukemelda, ville mi personlege glede ikkje vorte større for å sleppa og gjera denne utakknemlege oppgåva det er vorte.

Og, gode kolllegaer; test ut systemet og konsekvensane! Våg å stola på pasientane og gje dei den nødvendige hjelpa som ei sjukemelding kan vera ein del av.

Om det så skulle utvikla seg og gå over stokk og stein, så kast ansvarsballen tilbake til dei som set premissa for korleis sjukemeldingspraksisen skal vera. La dei stå for ansvaret og ta det!

Byråkratane veit at helsearbeidarar er særs pliktoppfyllande og samvitsfulle. Det er blitt ei sovepute for dei medan helsetenestytarane slit helsa av seg.

Det er mest som eg får lyst til å ytra meg som Jehovas Vitner overfor mine gode og alltid pliktoppfyllande kollegaer: Våkn opp.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS