Likeverdig psykisk helsehjelp – uansett kor du bur?
Nytt helseatlas viser store geografiske skilnader i behandling og oppfølging av vaksne med psykiske lidingar i spesialisthelsetenesta. Dette kan ikkje forklarast med behov åleine.
Helseatlas-gruppa i Helse Førde: Oddne Skrede, Sweta Tiwari, Haji Kedir Bedane, Knut Ivar Osvoll, Bjarne Martens Nes, Jagrati Jani-Bølstad
Ambisjonen om likeverdig tilgang til psykisk helsehjelp står sterkt i norsk helsepolitikk. Kvar i landet du bur, har likevel stor innverknad på kva psykisk helsehjelp du får. Det viser det nye Helseatlaset for psykisk helsevern for vaksne (1). Skilnadene er så store og stabile over tid at dei ikkje åleine kan forklarast med ulikskap i befolkningssamansetjing og behov. Helseatlaset analyserer bruken av psykiske helsetenester i perioden 2020–2024 og avdekkjer betydelege geografiske variasjonar i både omfang, behandlingsintensitet og oppfølging. For fleire diagnosar – særleg ADHD, personlegdomsforstyrringar og psykoselidingar – er variasjonanestore. Også for meir utbreidde tilstandar som depresjon og angst ser vi betydelege skilnader mellom opptaksområda til helseføretaka.
Når data over fleire år viser store og stabile skilnader, held det ikkje å konstatere at «slik er det»
Etter utskriving – ein kritisk fase
Eit av dei mest alvorlege funna i atlaset gjeld oppfølging etter utskriving frå døgnbehandling. For pasientar som har vore innlagde med depresjon eller psykoselidingar, varierer det kraftig kor raskt og i kva grad dei får vidare oppfølging i spesialist- og kommunehelsetenesta i etterkant. Dette er godt dokumentert som ein særleg sårbar fase, med auka risiko for tilbakefall, alvorleg sjølvskading og sjølvmord (2). Når enkelte område lukkast med tett og tidleg oppfølging, medan andre systematisk ligg langt lågare, er det vanskeleg å tru at dette berre skuldast lokale forhold eller tilfeldigheiter.
Ulik bruk av avtalespesialistar
Private avtalespesialistar er ein viktig del av psykisk helsevern for vaksne. For dei mest utbreidde diagnosane som depresjon og angst vert meir enn 1 av 3 behandlingar i Noreg utført hos private, men det er også her store geografiske skilnader. I Oslo-området står avtalespesialistar for over halvparten av behandlinga, og desse opptaksområda har óg ein høg samla behandlingsaktivitet. I andre, mindre befolkningstette, område er bruken av avtalespesialistar marginal, og den totale aktiviteten per innbyggjar også betydeleg mindre. Dersom behovet er likt fordelt, som ein skulle anta, er det altså ulik bruk av avtalespesialistar som forklarar det meste av dei geografiske skilnadane for desse diagnosane.
Praksisskilnader – ikkje berre behov
Noko geografisk variasjon er venta. Demografi, avstandar og organisering varierer. Men når skilnadene er systematiske og vedvarande, er det rimeleg å spørje om dei i større grad speglar ulik praksis enn reelle skilnader i behov.
Eit tydeleg døme er depresjon, den største diagnosegruppa i psykisk helsevern. Moderat depresjon står for størstedelen av behandlingskontaktane i alle helseregionar. Det viser at spesialisthelsetenesta behandlar eit stort volum pasientar med moderate lidingar – ikkje berre dei mest alvorlege. Samstundes varierer både talet pasientar per innbyggjar og behandlingshyppigheita betydeleg mellom ulike område. Dette peikar mot ulike tersklar for tilvising, diagnostisering og oppfølging.
Eit ansvar å bruke kunnskapen
Helseatlaset gir eit solid kunnskapsgrunnlag. Når data over fleire år viser store og stabile skilnader, held det ikkje å konstatere at «slik er det». Då må vi stille spørsmål ved korleis tenestene er organiserte, kva prioriteringar som blir gjorde, og korleis vi kan lære av område som lukkast betre.
Likeverdig tilgang til psykisk helsehjelp er eit grunnleggjande prinsipp i norsk helseteneste. Atlaset viser at for enkelte diagnosar er vi framleis er eit stykke unna dette målet. No er det opp til fagmiljø, leiarar og styresmakter å bruke kunnskapen aktivt – til forbetring, ikkje berre dokumentasjon.
1. Helseatlas for psykisk helsevern for vaksne 2020-2024.
2. Nasjonal faglig retningslinje for selvmordsforebygging i psykisk helsevern og
tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB). Helsedirektoratet. 2024.