Snoking i barn sine journalar?
Alle pasientar har rett til innsyn i eigen journal. Foreldre har rett til innsyn i journal for sine barn. Det finst unntak og dei må ivretakast i sjukehusa, enten journalen er på papir eller tilgjengeleg digitalt.
Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.
Innlegg: Pål Iden, assisterende fagdirektør i Helse Vest
NRK SLO STORT opp 29. november 2017, og igjen den 26. februar i år, at foreldre har tilgang til barn sin journal. Uttrykk som snoke og surfe i journalar blei brukt, og saka mistenkeliggjorde at informasjon var tilgjengeleg digitalt.
Det blei skapt eit inntrykk av det ikkje er trygt at foreldre kan lese på internett kva barna deira har snakka med behandlaren om. Noko av det som kom fram, er direkte feil. Anna er misvisande.
RETT TIL INNSYN. Alle pasientar har rett til innsyn i eigen journal, jamfør Pasient og brukarrettslova §5-1. Denne retten har vi hatt sidan 1977, og retten har blitt ivaretatt ved at pasientar tar skriftleg kontakt med sjukehuset og ber om innsyn i journalen sin. Foreldre har på lik linje rett til innsyn i journal for barn under tolv år, som ein del av foreldreansvaret, jamfør Pasient- og brukarrettslova §3–4. Det blir derfor heilt feil å seie at foreldre snokar i barna sin journal, som var eit uttrykk brukt fleire gonger i Dagsnytt 18.
Normalt er foreldre til støtte for barnet sitt under sjukdom, og foreldre sitt innsyn i barnet sin journal støttar opp om viktig medverknad i behandlinga, frå barnet sjølv og familien. Men det kan finnast unntak frå dette, og vi må ha rutinar som tek omsyn til barnet også i dei tilfella der involvering av foreldra ikkje er til beste for barnet.
PASIENTEN SI HELSETENESTE. I Helse Vest er vi klare på at det er pasienten si helseteneste vi driv. Eit bidrag til dette er å gi pasientane elektronisk lesetilgang til utvalde journaldokument. Denne moglegheita til å lese sin eigen journal på nett, bidrar til å gjere det enklare for pasientar å vere delaktige i eiga helse og behandling. Dette gjeld også for foreldra sin moglegheit til å følgje opp eigne barn gjennom sjukdom og behandling.
Helse Vest skil ikkje mellom psykiatri og somatikk i handtering av journaldokument. Før innføring av journal på nett i 2016 vart det gjort ei grundig vurdering, og rutinar vart utarbeidd for tilfelle der innsyn i journaldokument, frå pasienten sjølv eller foreldra, ikkje er tilrådeleg.
Det er eit viktig prinsipp at kvart enkelt journaldokument som vert tilgjengeleg via nettløysinga på helsenorge.no, må godkjennast for dette av behandlaren. Dette skal skje i tett dialog med pasienten sjølv, også om pasienten er eit barn.
DET BESTE FOR BARNET. Sjølv om dei med foreldreansvar for barn under tolv år nærmast har ein ubetinga rett til innsyn i barnet sin journal, finst det likevel tilfelle der barn og foreldre ikkje har samanfallande interesser, og der innsyn ikkje skal gis, enten til ein av foreldra eller til begge.
I desse tilfella vil omsynet til barnet sitt beste gå føre ein forelder sin rett til innsyn i barnet sin journal. Dette har Helse Vest tatt høgde for i si løysing med elektronisk visning av journaldokument på nett. Det betyr at behandlar, kvar gong han godkjenner eit journalnotat, må vurdere om det er forsvarleg å gjere informasjonen tilgjengeleg elektronisk.
AKTIV VURDERING. Helsepersonell vil alltid ha eit sjølvstendig ansvar for å yte forsvarleg helsehjelp og ivareta pasienten/barnet sine behov. Det gjeld også retten til å få skjerma journalopplysningar for innsyn frå foreldra. Vi driv kontinuerlig opplæring av tilsette for å trygge dei i rolla dei har.
Behandlarane må gjere ei aktiv vurdering av kvart dokument som vert godkjent for elektronisk visning, på same måten som dei må gjere dette når foreldre ber om innsyn i journalen på papir.
FØLSAM INFORMASJON. Enkelte ønskjer å sperre journal for visning på nett for foreldre til barn under tolv år innan barne- og ungdomspsykiatrien. Det er fleire grunnar til at dette er ein dårleg idé.
Det er like mykje følsam informasjon i somatiske barnejournalar, som i psykiatriske, for eksempel knytt til overgrep eller mishandling.
Også i somatikken skriv ein ned kva barnet fortel, ikkje berre kva ein finn reint fysisk. Vurderingar knytt til om eit journalnotat er eigna for visning på nett, må gjerast også her.
LEGITIMT BEHOV. Foreldre til barn med diabetes, alvorleg astma, medfødde muskelsjukdommar, kreft og så vidare, har i dag har stor nytte av journal på nett i deira løypande samarbeid med sjukehuset. Deira behov blir ikkje dekka av tradisjonelt innsyn, som er ein omstendelig prosess, som tar tid, og som ikkje kan gjerast fortløpande.
Behandling av barn kan ikkje, og skal ikkje, utøvast innanfor ein hemmeleg og lukka verden. Behandlaren eig heller ikkje informasjonen aleine, og skal ikkje stenge ute andre aktørar med legitimt informasjonsbehov, som foreldre og samarbeidande helsepersonell, med ansvar for barnet utanfor sjukehuset. Informasjonsdeling krev likevel alltid at det er til det beste for barnet.
Ingen oppgitte interessekonflikter