Betre oppgåvedeling gir betre tenester

Oppgåvedeling er ein måte for å løyse personellmangelen me har i tenesta. Me kjem ikkje utanom å få til betre oppgåvedeling i helsetenesta – heller ikkje i operasjonsavdelingane.

Publisert
Iren Luther

Innlegg: Iren Luther, leiar i Fagforbundets yrkesseksjon for helse og sosial

I ET INNLEGG i Dagens Medisin spør Petrin Eide i NSF – Landsorganisasjonen for operasjonssykepleiere retorisk om det er «meir effektivt med halv sjukepleiarbemanning på operasjonsstua». Spørsmålet i seg sjølv bommar på det som eigentleg er problemstillinga, og det er korleis me best kan organisere helsetenestene sånn at flest mogleg pasientar får best mogleg tenester.

Det er litt uklart kva hatt Eide har på seg når ho no uttaler seg og nyttar forma «vi meiner» og «vår vurdering», sidan ho signerer både som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet og som faggruppeleiar for NSF si faggruppe for operasjonssjukepleiarar. Innhaldet tyder vel kanskje på at det mest var som faggruppeleiar, og ikkje som høgskulelektor.

STORT POTENSIAL. Det er velkjend at det er mangel på operasjonssjukepleiarar. Dei har ein kritisk kompetanse som me faktisk må ha for å få operasjonsstovene til å gå rundt. Spørsmålet er om ein treng denne kompetansen til alt det ein operasjonssjukepleiar vert nytta til i dag, eller om me – ved å ta inn andre yrker – kunne ha auka operasjonskapasiteten ved at nokon andre tok over deler av oppgåvene.

Spørsmålet er om me – ved å ta inn andre yrker – kunne ha auka operasjonskapasiteten ved at nokon andre tok over deler av oppgåvene

Vi, altså Fagforbundet, meiner klart at det her er eit stort potensial. Dette er ein måte å løyse den personellmangelen me har i tenesta. Ved å ta in helsefagarbeidarar, får ein fagfolk med solid helsefagleg grunnkompetanse, og ein kan spisse vidareutdanninga til det som er behovet ute i tenestene.

GOD UTDANNING. Eide viser til den nye studieretninga i kirurgisk verksemd som er oppretta på Fagskulen i Viken. Dette er eit deltidsstudium på 60 studiepoeng over to år som gir helsefagarbeidaren kompetanse til å jobbe på ein operasjonsavdeling. Ein hausta erfaringar frå ei tilsvarande utdanning i Sverige som har hatt gode resultat, og utviklinga skjedde gjennom eit breitt samarbeid kor både Fagforbundet, NSF og Sjukehuset i Østfold var involvert. At Eide meiner at denne breie samarbeidsprosessen har resultert i eit studium som ikkje gir god nok kompetanse, får stå for hennar eiga rekning.

Fagforbundet meiner at resultatet er ei god og brei utdanning som gjer at helsefagarbeidarane kan tilføre nyttig og naudsynt kompetanse til operasjonsavdelingar. At utdanninga er på deltid, gjer òg at helsefagarbeidarane kan vere femti prosent i drift i sjukehuset under utdanning. Dette kan redusere belastninga for helseføretaket når dei skal gi tilsette permisjon under utdanning.

NØKKEL TIL FRAMTIDA. Me skal sikre gode helsetenester til pasientane. Dette er målet, og alt anna er verkemidlar. Ein føresetnad for å få det til, er dyktige, kompetente folk som jobbar i helsetenesta. Det vesentlege er då ikkje at spesifikke profesjonar skal «eige» spesifikke oppgåver, men at me samarbeider for å få gjort dei oppgåvene me må gjere på ein best mogleg måte for pasienten. Me kjem ikkje utanom å få til betre oppgåvedeling i helsetenesta, heller ikkje på operasjonsavdelingane.

Nøkkelen til framtida er tverrfagleg samarbeid og oppgåvedeling. Det betyr at me treng operasjonssjukepleiarane sin kompetanse, men det betyr òg at me må nytte helsefagarbeidarane med vidareutdanning. På den måten får me betre kapasitet, og mindre sårbare tenester – dette tener alle på, ikkje minst pasientane.

Oppgitt interessekonflikt: Artikkelforfatteren opplyser at Fagforbundet ga økonomisk støtte til arbeidet med å utarbeide videreutdanningen i kirurgisk virksomhet.


Dagens Medisin, fra Kronikk- og debattseksjonen i 01-utgaven

Powered by Labrador CMS