Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

DRONE-DEBUT: Robin Sørland i Helse Førde står klar med den første blodprøva som skal flygast med drone.

DRONE-DEBUT: Robin Sørland i Helse Førde står klar med den første blodprøva som skal flygast med drone. Foto: Espen Nyttingnes

Her blir blodprøve frakta med drone

For første gong er ei blodprøve frakta med drone. No skal dette testast ut i større skala.

Annons:

Den første drona med ei blodprøve flaug frå Førde sentralsjukehus til Sunnfjord hotell under helseinnovasjonskonferansen i Førde torsdag. Framfor 150 konferansedeltakarar kunne Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde, ta imot blodprøva på plenen framfor hotellet.

Fleire helseføretak går no saman med Airlift om å finne framtidas droneløysing for helsevesenet. I første omgang er målet å få til dronefrakt av blodprøver frå legekontor til sjukehus.

– Vi har ei ferdig løysing. Helseføretaka ønskjer no å sjå på denne. Det vi ser no er starten. Innan tre år trur eg vi er i lufta, seier Børre Eimhjellen, dagleg leiar i Airlift Solutions i ei pressemelding.

Fleire millionar blodprøver blir kvart år frakta rundt i landet. Transporten går med alt frå post til fly. I distrikta er avstandane lange og iettermiddagsrushet i dei store byane kan timar gå vekk i kø.

– Vår løysing vil spare tid, auke kvaliteten og vere grønare, seier Eimhjellen.

God plass for testing
Airlift vil bruke Bringeland, Førde sentralsjukehus og Sunnfjord som testarena for droneflyging for helsevesenet.

– Vår fortrinn er at vi held til i eit område som er godt eigna for testing. Vi har plass, her bur forholdsvis lite folk og vi har eit luftrom med lite trafikk, seier administrerande direktør i Airlift, Stian Haarklau.

Airlift meiner potensialet er svært stort.

– Vi trur frakt av blodprøver vil kome først, men det vil ikkje stoppe der. Frakt av organ treng ikkje vere så mykje lenger unna.. Men vi må byggje steg for steg, vi må krype før vi kan gå, seier Eimhjellen.

KOM FRAM: Administrerande direktør Arve Varden tok imot den første blodprøva sendt med drone. Foto: Helse Førde

Kommentarer

Nyheter fra startsiden

Helseministeren om IKT-kritikk

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!