Vi treng legar som veit nok om jod

Det er skammeleg at ansvaret for å få i seg nok jod, blir lagt på kvar enkelt, i staden for å opp farta med å tilsetje jod i matvarer. I mellomtida må legane få klare retningslinjer.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Kronikk: Øygunn Leite Kallevik, sjukepleiar og skribent i Bergen

SKJOLDBRUSKKJERTELEN er forma som ein sommarfugl, og den er avhengig av jod for å produsere det livsviktige hormonet thyroxin. Dersom vi anslagsvis har hatt ti år med jodtørke i Norge, vil vi trenge legar som forstår konsekvensen av dette. Det er mange som slit med å formeire seg. Eg tippar at smarttelefonen har mykje av skulda. 17. august aktualiserte nrk.no temaet med artikkelen «Urovekkende» funn om jod: Skal du få barn må du tenke på dette». Eit problem som burde vere langt enklare å løyse enn nettsurfing.

Det er skammeleg at ansvaret for å få i seg nok jod, blir lagt på kvar enkelt, i staden for at vi får opp farta med å tilsetje jod i matvarer. I mellomtida må legane få klare retningslinjer, noko som er fråverande i dag. Det er framtidas barn vi snakkar om. Ein defekt på hjernen som har oppstått i svangerskapet, kan ikkje behandlast. Det er kunnskap som fortener stort oppstyr, ikkje snikksnakk. Ein tablett med mulitvitamin dagleg kan enkelt førebyggje jodmangel.

GRAVIDITET. Kvinner med stor eller moderat jodmangel brukte 46 prosent lengre tid på å blir gravid enn dei som hadde tilstrekkeleg med jod, viser Oxford Academic til i eit prosjekt frå januar 2018.

Å behandle sauer med jodmangel, auka graviditetsraten frå 37 til 100 prosent i eit anna forskingsprosjekt. Det er kanskje ikkje så ulogisk når vi veit at thyroxin stimulerer til produksjon av kjønnshormon?

INFERTILITETSPROBLEM. Kvinner som har problem med å bli gravid eller som har spontanabortert, blir ikkje utgreia for jodmangel ved Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Det kan kanskje vere ein idé? Kva hadde vore enklare enn å forsøke å ete seg opp på jod i forsøk på å unngå omfattande undersøkingar og slitsame hormonbehandlingar? Dette kan kanskje gi håp til nokre kvinner sidan dei fleste sikkert ikkje har prøvd?

Veterinærar eg har snakka med, er bevisst på problemstillinga rundt jodmangel. Ved infertilitetsproblem, dødfødslar og svake sauer og kyr, er jodmangel noko dei tenkjer på først. Dei flakkar ikkje med blikket når ordet jod blir nemnt fordi dette har dei faktisk kunnskap om.

LEGAR MÅ PÅ BANEN. Det er vanlegvis ikkje legar som uttaler seg om konsekvensar av jodmangel. I NRK radios Nyhetsmorgen (17. august 2018) blei ernæringsfysiolog og professor Liv Elin Torheim intervjua.

Etter mykje detektivarbeid har eg funne ut at heile jodfeltet ser ut til å vere overlate til ernæringsfysiologar. Etter minst ti år med redusert jodinntak treng vi å få legane på banen. Sjukdomar som dukkar opp, er ikkje ernæringsfysiologane utdanna til å kunne noko om. Dei finn ut kva som skal til for å førebryggje sjukdom. Leddet mellom dei, og helsepersonell som har pasientkontakt, manglar totalt. Legar er vanlegvis kjent for å drive kunnskapsbasert, men her kan du rope i skogen utan å få svar.

Min påstand er at i Norge har vi minimalt med legar som veit noko om konsekvensane av langvarig jodmangel i landet. Dei legane jobbar i tilfelle ved enkelte private klinikkar .

UNDERVURDERT. Jod-problematikken har blitt undervurdert i heile Europa. Våren 2018  gjekk forskarar frå 27 europeiske land saman om eit opprop som krev strakstiltak mot jodmangel i Europa. Så mykje som opptil 50 prosent av nyfødde i Europa står i fare for å få lav IQ, dårlegare språkutvikling og finmotorikk.

Norge bidrar med Lisbeth Dahl frå Havforskningsinstituttet. Her snakkar ho om jod i TV2s «God Morgen Norge». Mange andre land stiller med endokrinologar. Eit av problema er å bringe informasjonen vidare til det medisinske miljøet.

REKORDLAVT. I 2017 hadde vi rekordlav fruktbarhet i Norge med 1,62 i landsgjennomsnitt. For første gong på mange år sank fruktbarheten i alle aldersgrupper. I Rogaland hadde vi minst nedgang, med ein fruktbarheten på 1,82. I Telemark var talet på 1,53 og lågast etter Oslo, viser tal frå Statistisk Sentralbyrås statistikkbank.

Mjølk og kvit fisk er den største jodkjelda i Norge, men vi finn likevel litt i drikkevatn nokre stader. Rapporten Risiko for jodmangel i Norge (s. 29) viser til ei undersøking frå 2002 som måler jodinnhaldet i drikkevatn. Høgast jodkonsentrasjon blei funne i Stavanger med 5,5 µg/l og lågast på Rjukan i Telemark med 0,6 µg/l.

TILFELDIG? Er det tilfeldig at flest kvinner blir gravide i områder der det er mest jod i drikkevatnet? Dette er rein spekulasjon, men nokon burde likevel sjå nærare på det.

Forskarar har slått fast at Norge er eit av dei landa i Europa som slit med jodmangel i befolkninga. Dei jobbar no på spreng for å finne ut kva matvarer som skal tilsetjast jod for å sikre folket automatisk tilgang på dette livsviktige mineralet. Noko vi har visst lenge, er at dagens unge har endra kosthaldet i retning av drastisk redusert jodinntak. Dette er dramatisk for dei barna som blir fødd i desse dagar – og fram til den dagen vi får i oss jod utan å tenkje over det.

SKREMMANDE. Etter å snakka med fleire forskarar, blir eg ikkje mindre nervøs. Dei er svært urolege for dagens unge og deira avkom. Bakdelen med å vere forskar, er at det tar lang tid før eit prosjekt er ferdigstilt. I mellomtida avdekkjer dei skremmande informasjon.

Samstundes er det vanskeleg å trengje gjennom i dei medisinskfaglege miljøa. Eit raskt søk på Tidsskriftet for Den norske legeforening viser at jodkrisa ikkje er omtalt. Det burde den bli.

JOD I SKULEN. I staden for å dele ut flourskylling slik vi fekk på skulen, burde multivitamin med jod ha vore delt ut på alle vidaregåande skular inntil vi har fått jodberiking av matvarer. No når dei fleste fagmiljøa er einige om at vi har eit jodproblem, vil det vere eit stort paradoks dersom ikkje styresmaktene klarer å tromme saman ei gruppe som kan lage retningslinjer til fastlegane. Dei kjem til å få mange spørsmål framover.

Vi treng ikkje å få fleire sommarfuglbarn i Norge dersom fleire gjer ein innsats for jodsaka.

Oppgitte interessekonflikter: Artikkelforfattaren er også skribent for bloggstaden altomlitt.no

Powered by Labrador CMS