.VIKTIGE OPPGÅVER: – Altfor lenge har ein fordelt oppgåver i helsetenesta basert på tradisjon, ikkje etter faktisk kompetanse, skriver artikkelforfatteren.

Respekt er grunnlaget for god oppgåvedeling

Det er flott at forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i Norsk Sykepleierforbund (NSF) meiner ein kan fordele oppgåver til både portørar, reinhaldspersonell og andre. Men fyrst må ein sjå på folka i desse yrka som kolleger og fagfolk – og behandle dei med den respekten dei, og me, fortener.

Publisert Sist oppdatert
Hilde Karin Hjorteset

Innlegg: Hilde Karin Hjorteset, helsefagarbeidar og tillitsvald for Fagforbundet ved kref tavdelingen på Haukeland sjukehus

I DAG GLER eg meg over å kunne lese at Helsepersonellkommisjonen meiner at ei satsing på helsefagarbeidarane og oppgåvedeling er ein av dei viktigaste tiltaka for å møte mangelen på helsepersonell som me har – og vil få — framover.

Dette er ei kjærkomen anerkjenning av ei til dels undervurdert yrkesgruppe i helsetenesta.

FORUNDERLEG HALDNING. Samstundes var det med ein viss undring at eg las NSF-leiar Lill Sverresdatter Larsen si reaksjon i Dagens Medisin. Under overskrifta «Sykepleiere kan slippe å brette klær og vaske oppkast», uttalar forbundsleiaren at ho meiner det er eit «stort rom for å omfordele oppgåver».

Det er lett å vere samd i at det er eit stort potensial for å dele på oppgåvene betre. Men måten ein snakkar om desse oppgåvene får det til å framstå som noko «nedverdigande», noko sjukepleiarane liksom er heva over.

Heile haldninga er litt rar, sidan eg ikkje har inntrykk av at mine gode sjukepleiar-kolleger har denne oppfatninga.

At sjukepleiarar gjer oppgåver som andre kan gjere, er i beste fall eit symptom på måten me ser på kompetanse på

ANERKJENNING, TAKK! Det er ikkje at sjukepleiarar har oppgåver som er «under» deira kompetansenivå, som er problemet. At sjukepleiarar gjer oppgåver som andre kan gjere, er i beste fall eit symptom på måten me ser på kompetanse på. Altfor lenge har ein fordelt oppgåver i helsetenesta basert på tradisjon, ikkje etter faktisk kompetanse.

Ei endring må starte med ei anerkjenning av at det er andre yrkesgrupper som òg har fagkompetanse. Måten å gjere dette på, er ikkje å erklære bastant at «helsefagarbeidarar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene får tildelt fleire oppgåver dei ikkje har kompetanse for».

HEILHETLEG ANSVAR. Personleg gjer eg fleire oppgåver som ikkje lå i grunnutdanninga mi. Det gjer mine sjukepleiar-kolleger òg, forresten. Begge deler er eit resultat av ein arbeidsgjevar som har prioritert kompetanseheving – for å sikre at dei tilsette sin kompetanse er i samsvar med behovet på avdelinga.

For min del gjer det at eg kan ta eit meir heilskapleg ansvar for pasienten, noko eg tør å påstå er betre både for pasienten og for mine kolleger.

ANSVARET – OG RESPEKTEN? Satsinga til Helse Bergen gjer at eg kan ta eit mykje større ansvar for til dømes sepsis-pasientar enn eg kunne før, og godt samarbeid med mine kolleger gjer at eg alltid har nokon som kan hjelpe til viss noko fell utanfor mitt kompetanseområde.

Det er flott at forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i Norsk Sykepleierforbund meiner ein kan fordele oppgåver til både portørar, reinhaldspersonell og andre. Men fyrst må ein sjå på folka som jobber i desse yrka som kolleger og fagfolk – og behandle dei med respekten dei, og me, fortener.


Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS