Om dei berre visste?
Kva kan ein behandlar seie for å lette på den smerten ein bipolar pasient har kjent på i mange år?
Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.

Innlegg: Jeswanthiny Mayooran, lege i spesialisering (LIS) og konstituert overlege ved psykiatrisk avdeling, Stavanger universitetssjukehus
KVART MØTE MED kvar pasient er unikt og etterlèt seg noko i ein – enten det er bevisst eller ubevisst. Mykje av det som skjer i terapiromet er vanskeleg å setje ord på, men noko av det kan skildrast.
I dette innlegget vil eg dele mine djupe tankar og følelsar knytta til ein pasient som går i behandling hos meg.
OM DEI BERRE VISSTE? Eg ser varsamt inn i augene dine. Intense, brune, og eit hav med følelsar som lengtar etter å kome ut. Om du berre visste kor djupe spor du har etterlatt i meg. For eg ser det tydeleg. Eg kan føle det i heile terapiromet. Den smerten du har og framleis går rundt med. Ein smerte som mange kanskje ikkje vil forstå, eller prøve å forstå. Ja, for du er jo bipolar. Det er ofte nok til at folk kuttar deg ut – eller distanserer seg. Det har du sjølv sagt.
Dei har ledd av deg, sett rart på deg, og kalla deg sjuk. Men trur du latteren ville ha overlevd om dei verkeleg visste korleis du har det? Tankar som spinner, skam som ein biverknad og ein lengsel etter å vere «normal». Dette er din habituelle tilstand. Ukritiske handlingar, blamere seg for heile samfunnet og gjentekne innleggingar på tvang i psykiatrisk sengepost. Dette er dine maniske faser.
Kva kunne eg seie for å lette på den smerten du har kjent på i so mange år? Du har det vondt, og det einaste eg kan gjere, er å forsøke å forstå deg
KVA ER SVARET? «Å møte på andre med same tilstand, får meg til å lengte etter eit normalt liv. Det er nesten som å sjå seg sjølv i speilet.» Dette er ord du har uttrykt, og som gjev ettersmak i meg når eg tenkjer på det.
Eg tenkjer kor trist liv du må ha. I ein så ung alder, med heile livet som ventar på deg, vart du prega av denne tilstanden som har forma korleis framtida di kjem til å vere. «Det er som å leve i eit fengsel. Rammer ein er naudt til å tilpasse seg. Aldri vere i kontakt med den eg eigentleg er – for kven er den ekte meg eigentleg?»
Kva skulle eg ha svart deg? Kva kunne eg seie for å lette på den smerten du har kjent på i so mange år? Ja, for faktumet er at du har det vondt, og det einaste eg kan gjere, er å forsøke å forstå deg…
KVIFOR? Blikket mitt vandrar opp mot klokka på veggen bak deg. Tida vår har sprinta frå oss.
Du fortel om kor vanskeleg det er å leve med denne tilstanden. Kor vanskeleg det er å måtte påføre familien din denne byrden. Ja, og kor vanskeleg det er å føle seg einsam i denne store, vide verda, der du ikkje føler deg forstått: «Kvifor meg?»
Om eg berre hadde eit fornuftig svar til deg. «Da er dessverre tida vår ute.» Det er så vidt eg kan høyre meg sjølv. Midt opp i alt dette, er det dette eg presterer å seie.
MØTT – OG FORSTÅTT? Du nikkar så fint; så snill og høfleg som du er. Hmmmm, om eg berre kunne hjelpe deg, så du får det betre. Så du får eit meir tilfreds liv. Om eg berre…
Men eg håper verkeleg at du har følt det. At du kjenner deg møtt og forstått.
Ja, for den indre smerten du har satt kjetting på, har verkeleg strødd seg utover dette romet, og nådd mitt innarste lag.
Ingen oppgitte interessekonflikter
Referanser: Se www.dagensmedisin.no/debatt