Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • Abonnere
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ei urovekkande utvikling

Velstandsutviklinga har gitt oss mange gode, men det har ei bakside. Dei som ikkje får ta del i den.

Publisert: 2022-09-16 — 08.45

Lisbeth Homlong

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, spesialist i allmennmedisin og seniorrådgiver i Statens helsetilsyn

DER EG VAKS opp på 1970- og 80-talet, var luksusforbruk og utanlandsferiar stort sett ukjende fenomen. Dyre vinar frå Bourgougne og Cremant hadde eg eit ikkje-eksisterande forhold til, og sjampanje var brus frå Hansa.

Far skeia ut med ei pils av og til, andre foreldre koste seg med vin frå ballongar på loftet. Ein sjeldan gong flotta vi oss med middag på restaurant.

Eg opplevde barndomen min som klasselaus. Far min jobba i bank og gjekk med dress og slips på jobb. Dei andre foreldra i nabolaget var industriarbeidarar, sauebønder, sjømenn og butikkdamer. Det var små forskjellar mellom folk. Vi barna, som gjekk inn og ut av heimane til kvarandre, fekk likevel sjå at oppvekstforhold ikkje var likt fordelt.

Helsetenester og utdanning som er lett tilgjengelege for alle, og som alle har råd til, kan medverke til å rette opp nokre av dei sosialt skapte forskjellane mellom folk

SOSIAL ULIKSKAP. Eit par hundre meter nede i gata budde Monika. Foreldra hennar drakk. Hagen var ustelt, gamle bilvrak hopa seg opp på gardsplassen. Ho forsvann ut av liva våre. Det gjekk ikkje bra. Eg veit ikkje om ho lever lenger. Barndomsvenn Kenneth, tre hus bortafor, gjekk med gummistøvlar når det var 15 minus og var blåfrosen. Mor mi rista på hovudet og fann fram nokre gamle vintersko vi hadde ståande. Barna i den heimen gjekk for lut og kaldt vatn. Kenneth har det godt i dag, men han er kronisk sjuk og ufør.

Sosial ulikskap i helse er systematiske skilnader i helsetilstand som følgje av sosiale og økonomiske tilhøve, som yrke, utdanning og inntekt. Slike skilnader er sosialt skapt, og det er mogleg å gjere noko med dei. I 2017 levde 86.500 hushald i Oslo under fattigdomsgrensa, opp frå 59.300 i 2006. Også barnefattigdommen er aukande. HUNT-data frå 2019 viser at dei sosiale ulikskapane i helse i Trondheim er urovekkjande store.

Mellom vaksne i familiar med dårleg økonomi har rundt 44 prosent dårleg helse. I familiar med god økonomi gjeld dette berre ti prosent. Dei økonomiske forskjellane i inntekt og formue er store og aukande. Dei som har mest frå før, lever lenger og får det stadig betre.

ENDRINGANE. Helsetenester og utdanning som er lett tilgjengelege for alle, og som alle har råd til, kan medverke til å rette opp nokre av dei sosialt skapte forskjellane mellom folk i samfunnet.

  • Situasjonen i dag er at bruken av private helseforsikringar aukar eksplosivt.
  • Ei fastlegeordning i krise gjer at mange pasientar, dei som kan, vel private løysingar for sine helseproblem.
  • Ein aukande marknad med private helsetenester blir eit betre alternativ for dei med midlar og trekkjer fagfolk ut av det offentlege.
  • Studiefinansieringa har sakka akterut, slik at det ikkje lenger er mogleg å studere på fulltid, utan å jobbe ved sidan eller få hjelp av foreldre.

VELSTANDEN SI BAKSIDE. Velstandsutviklinga i Noreg som har skjedd i løpet av mi levetid, har gitt oss mange gode, men det har ei bakside. Dei som ikkje får ta del i den. Vi ser no ei urovekkande utvikling i feil retning. Vi må sørge for at alle som kan jobbe også i framtida har jobbar det går an å leve av. Dei som ikkje kan jobbe, treng eit sosialt sikringsnett, gjennom offentlege ordningar, som gjer det mogleg å leve verdige liv. Folk må få helsetenester etter behov og ikkje etter betalingsevne. Utdanning må vere tilgjengeleg for alle som ønskjer det.

Det finst omfattande dokumentasjon på at ei likare fordeling av samfunnets gode er betre for alle. Nesten alt, frå forventa levealder til mental helse, frå vald til sjukeleg overvekt – er påverka av eit samfunns økonomiske likskapsgrad, og ikkje rikdomen til landet generelt. Dess større forskjell det er på fattige og rike i eit samfunn, dess dårlegare blir det for alle – inkludert dei rike.

DET SOSIALE ANSVARET. Mine barn som veks opp i eit privilegert nabolag i hovudstaden, ser ikkje det som eg såg i min oppvekst. Dei ser barn av foreldre med høg utdanning, gode jobbar, gode inntekter og høgt forbruk. På den andre sida av byen, og andre stader rundt omkring i landet vårt, veks mange barn opp under heilt andre vilkår.

Eg trur at dess mindre du blir eksponert for dei som har lite og lever mindre privilegerte liv enn deg sjølv, til lettare blir det å akseptere sosiale forskjellar. I eit samfunn med store sosiale forskjellar vil mange av oss ikkje sjå anna enn oss sjølv og våre eigne privilegium. Då får vi dårlegare forståing for andre sine livsvilkår, det blir lettare å distansere seg frå det og heller rettferdiggjere vår eigen posisjon. Slik gløymer vi vårt sosiale ansvar som borgarar.

Dagens Medisin, fra Kronikk- og debattseksjonen i 10-utgaven


Nyhetsbrev
Følg med på siste nytt fra Dagens Medisin ved å abonnere på vårt gratis nyhetsbrev og følge oss i sosiale medier.
Del:

Kommentarer

OBS! Du må logge inn for å kommentere

Bli medlem

Nyheter fra startsiden

Se opptak fra Post-ESMO-seminaret her!

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!