Profesjonell nærleik, ikkje profesjonell distanse

Dersom eg skulle sagt høfleg nei til venneførespurnadar på Facebook fordi dei er nåværande eller tidlegare pasientar, kan eg ikkje ha venner herfrå. Kanskje hadde det vore rett?

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fire år gammel.

Bjarte Sørensen

Innlegg: Bjarte Sørensen, spesialist i allmennmedisin og fastlege ved Hjelmeland legekontor

LEGEFORENINGENS RÅD for legeetikk har kome med oppdaterte råd om korleis legar bør forhalde seg til sosiale media. Eit av råda lyder: «For å opprettholde profesjonell distanse, bør leger ikke være Facebook-venn med nåværende eller tidligere pasienter. Forespørsler bør høflig avslås, og med en begrunnelse». Dette rådet vart omtalt av Dagens Medisin og fanga opp og sitert av NTB og omtalt i fleire nasjonale aviser, blant anna VG.

Eg er usikker på kvifor eit av dei fire medisinsk-etiske prinsippa forfattaren meiner ein bryt med å vera venn med ein pasient på Facebook, men han nemner i same avsnitt at Helsedirektoratet har hatt streng fortolking av tausheitsplikta. Eg går derfor ut frå at ein med råda ønskjer å beskytte pasientens sjølvråderett og å unngå at ein gjer skade. Her vil eg argumentere at med litt kløkt, vil dette ikkje vera tilfelle, og kvifor eg med Aarseths råd kjenner meg inkriminert for det eg tenker er normal og etisk korrekt atferd.

PÅ FACEBOOK. Eg er fastlege for 1500 pasientar og bur og arbeider i Hjelmeland kommune, ein vidstrakt kommune i Ryfylke med djupe fjordar og høge fjell, der mellom anna hav- og landbruk er viktige næringar for dei 2676 innbyggarane.

På ein gard i ei lita bygd med færre enn 100 innbyggarar vart eg fødd for førti år sidan, og var éin av fire elevar på den lokale skulen då eg byrja i første klasse. Etter ei danningsreise som gjekk via kommunesenteret og Stavanger til Sydney i Australia, vendte eg tilbake hit som fastlege i 2007. På eit kommunalt julebord same år møtte eg den flotte kona mi som hadde kome hit utanbygds frå med dotter si for å arbeide som lærar. Me kommuniserte litt på Facebook før det fort vart meir alvor. Heldigvis hadde eg ikkje møtt henne som pasient enno.

Eit år seinare var me gift, hadde hus og to born, og her bur me enno, no med tre born og like mange kattar.

Å vera venn med nokon på Facebook her eg bur, er ikkje annleis enn å vera ein del av samfunnet, ein refleksjon av at me er ein del av fellesskapet

EIN DEL AV SAMFUNNET. Som de kan tenke dykk, kjenner mange meg, og eg kjenner mange. Dei kjenner meg ikkje berre som lege, men også som mannen til læraren, nabo, kompis, ein av foreldrene på skulen, kunde på lokalbutikken, menigheitsmedlem, lånetakar i lokal bank og bibliotek, tidlegare elev og sonen til gode venner. Likeeins kjenner eg ikkje alle berre som pasientar, men også i deira andre roller. Likevel, etter rundt 50000 konsultasjonar, er det slik at absolutt alle stader eg beveger meg, har eg på eit eller fleire tidspunkt vore i eit lege-/pasientforhold til meir enn halvparten av alle som er til stades. I klinikken vel eg å sjå på dette som ein styrke, og det trur eg pasientane som vel å koma til meg, også gjer. Her på bygda er me vane med å sjonglera alle hattane våre, gjerne fleire gonger i løpet av ein kort samtale.

Å vera venn med nokon på Facebook her eg bur, er ikkje annleis enn å vera ein del av samfunnet, ein refleksjon av at me er ein del av fellesskapet. Dersom eg skulle høfleg sagt nei til venneførespurnadar på Facebook fordi dei er nåværande eller tidlegare pasientar, kan eg ikkje ha venner herfrå. Kanskje hadde det vore rett?

PROFESJONELL NÆRLEIK. Eg vel likevel å gå mot Etikkrådet sitt råd og heller oppføre meg på Facebook på same måte som eg prøver å gjera i resten av samfunnet – med høg respekt for alle og deira roller og medviten om at ingenting av det eg seier, skal koma frå mine møte med dei som pasientar.

Kall det gjerne profesjonell nærleik. Det vil eg tru at mange av mine tusen kollegaer som arbeider utanfor byane, vil kjenne seg igjen i, og med mindre Etikkrådet tenker det er uetisk å bu i same samfunn ein arbeider i, vil eg tilrå dei å modifisere råda sine deretter.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS