Sjølvmord i den lukka psykiatrien

Ein må gå ut frå at eit menneske som blir lagt inn i den lukka psykiatrien, er eit menneske i krise.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Inger-Mari Eidsvik

Innlegg: Inger-Mari Eidsvik, fagkonsulent ved tverrfaglig spesialisert behandling av ruslidelser (TSB) poliklinikk, Helse Møre og Romsdal

EIN BLIR teken imot i akuttmottaket. Enkelte har blitt henta heime av politi i full uniform. Kanskje med barn som vitne? Om barna ikkje er der, så er nabolaget der.

Inne på akuttmottaket får ein tildelt eit rom. Eit rom med blenda vindu med ei seng, eller eit nakent rom uten gardiner. Vakta (eg kaller miljøterapeutisk for personalvakt når pasienten blir plassert på isolat) sit utenfor døra og stenger denne. Ingen prater med pasienten som no er i enda større krise, fordi det å bli henta med politi er brutalt når ein har behov for hjelp og ikkje er kriminell?

Les også: Farlig retorikk

KRENKING. Den første natta kan bli lang og ein kjenner seg åleine. Etter ei tid starter medisineringa. Ved tvang dersom ein ikkje tek medikamenta frivillig. Tvang betyr at fire–fem «vakter» legg seg delvis over pasienten og dreg ned buksa før sprøytene blir sett i setemuskelen. Eller pasienten kan bli lagt i belter for å utføre tvangsmedisinering. Gjerne med påfølgende runde med isolat. Noko som er krenkende.

Pasienten kan få virkninger og alvorlige bivirkninger av nevroleptika som er skremmende. Pasienten kan bli enda meir i krise fordi pasienten blir redd.  Og fordi virkninga kan vere slik Preben beskriver i innslaget i Dagsrevyen. Pasienten kan oppleve å miste seg sjølv. Kognitivt og emosjonelt, pasienten har ikkje lenger kontroll.  Ein kan rett nok «velge» å ta medikamenta frivillig. Trusselen om tvangsmedisinering er der om ein er tvangsinnlagt. Pasienten si krise har no mest trulig eskalert og kanskje det er på dette tidspunktet at pasienten får reelle tankar om sjølvmord? Pasienten er sliten.

KRISE. No har psykiatrien, ved hjelp av medikament, isolat og/eller beltelegging, fått «roa» pasienten slik at han/ho er handterbar. Den akutte krisa er over? For kven? Ingen har enno snakka med pasienten om kvifor han/ho kom inn. Korleis livet er, kva som var grunnlaget for krisa. Pasienten har blitt behandla som eit objekt. Ikkje blitt møtt som eit medmenneske av eit anna. Psykiaterane som er ansvarlige behandlere, er opptekne av å dempe symptoma med medikament.

På dette tidspunktet blir pasienten ofte skrevet ut, eller overført til anna avdeling. Der det er lettare å begå sjølvmord: Fordi vegen tilbake blir for lang? Det er påført for mykje smerte i behandling?

Det biomedisinske hegemoniet må ta slutt. Gi pasienten verdigheit, autonomi, tid og respekt. Lytt!

Les også: Selvmord kan forebygges

TRAUMEKUNNSKAP? Eit spørsmål til slutt: I kva grein av dei medisinske spesialitetene stiller ein diagnoser og medisinerer før ein utreder? Eller diagnostiserer/medisinerer uten å innhente grundig dokumentasjon? Kva med å lytte til pårørende?

Det biomedisinske hegemoniet må ta slutt. Kva er traumekunnskap? Ikkje skyld på pasienten! Gi pasienten verdigheit, autonomi, tid og respekt. Lytt!

Pasienten ber om forståelse og livberande relasjoner i krise.  Det ville kanskje du og ha gjort? Vi er alle mennesker.

Oppgitte interessekonflikter: Artikkelforfatteren har egenerfaring med tvang i lukka psykisk helsevern

Powered by Labrador CMS