Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Kvardagen – og tilliten

At folk stolar på legen sin moralske integritet og medisinske kompetanse, skaper grunnlaget for profesjonell autonomi.

Annons:

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, fastlege ved Kurbadet legesenter i Oslo og seniorrådgiver i Helsetilsynet

DÅ EG VAKS opp, i ei mindre vestlandsbygd på 1970- og 80-talet, låste vi verken ytterdøra når vi skulle ut eller bildører når vi var på handletur i sentrum. Dersom vi skulle vere borte nokre dagar, låste vi og la nøkkelen under dørmatta slik at naboen kunne kome seg inn for å mate katten.

Ytre truslar var nærast ikkje-eksisterande i barndomen på bygda, utover ei litt uklar frykt for å bli kidnappa, inspirert av artiklar om bortførte born i vekeblad som Hjemmet og Allers.

TRYGGE LIV. Tillit er limet i samfunnet. Tillit er med på å byggje fellesskap og kjensla av å leve trygge liv. Menneska treng tillit for å meistre eksistensiell angst og kompleksiteten i samfunnet. Det er som Graham Greene seier i The ministry of fear: «It’s impossible to go through life without trust, that is to be imprisoned in the worst cell of all – oneself». Tillit handlar om å stole på andre. Personleg tillit oppstår mellom menneske, med namn, kjensler og eit andlet. Sosial tillit er tillit til institusjonar, som til dømes regjeringa, rettsvesenet og helsetenesta.

Sjuke menneske har eit særskilt behov for tillit, fordi sjukdom ber med seg tap av tillit til kroppen og funksjonsevna. Dette tapet av tillit til eigen kropp forsterkar behovet for å stole på andre. Spesielt helsepersonell. At folk stolar på legen sin moralske integritet og medisinske kompetanse, skaper grunnlaget for profesjonell autonomi.

«GUDESTOFFET». Vår yrkesgruppe er avhengig av høg grad av tillit. Det kan vere lett å gløyme i kvardagen og rutinearbeidet. «Tillit er gudestoffet som held legen og pasienten saman», er eit kjent sitat av nyleg avdøde Per Fugelli. Pasienten legg livet sitt i hendene våre. På operasjonsbordet pustar vi for pasienten. Når pasientane legg seg under kniven, opnar vi opp kroppane deira og reparerer livsviktige organ. På legekontoret fortel pasienten oss sine djupaste løyndomar, legg fram skamma si og veikskapane.

Pasientane kan miste tilliten til meg, fastlegen, dersom eg ikkje tek dei på alvor, dersom eg ikkje lyttar, dersom eg bryt avtaler eller held tilbake informasjon. Faglege feil kan også føre til mistillit, men dersom eg er open om feila og ber om orsak, kan tilliten rettast opp igjen.

HØGE KRAV. Dersom eg som lege oppfører meg på ein måte som er eigna til å svekke tilliten til yrkesgruppa vår, kan det få konsekvensar. Dette er regulert i lov om helsepersonell: «En grunnleggende forutsetning for å utøve virksomhet i helsetjenesten, er at allmennheten har den nødvendige tillit til de som utøver virksomhet og til helsetjenesten som sådan».

Dette betyr at samfunnet stiller høgre krav til meg som er lege enn til folk flest. I alvorlege tilfelle kan autorisasjonen min tilbakekallast. Dette kan gjelde åtferd både i og utanfor yrkesutøvinga, som til dømes brot på narkotikalova, valdsbruk og seksuelle overgrep.

Statens helsetilsyn er vaktar av tilliten til helsetenesta. Dette gjeld ikkje berre tilliten til det enkelte helsepersonell, men også helsetenesta som system. Statens helsetilsyn fører tilsyn med verksemder innanfor helsetenesta og behandlar tilsynssaker mot helsepersonell som gjeld uforsvarleg verksemd og anna.

FORSVARLEG. Dersom pasientar skal ha tillit til helsetenesta, må systemet institusjonalisere ein type mistillit til seg sjølv. Systemtillit legg til grunn at systemets indre kontroll fungerer (mistillit), at tillit og mistillit lever side om side – og at tillit er avhengig av mistillit.

Dette høyrest kanskje gresk ut for folk flest, men på eit meir folkeleg språk betyr det at til dømes ei sjukehusavdeling eller eit legesenter må ha system og rutinar som legg til rette for at medarbeidarane kan gjere jobben på ein forsvarleg måte og med minst mogleg risiko for feil. Dette kallar vi internkontroll. Alle verksemder innanfor helsetenesta må ha eit internkontrollsystem. Det er lovpålagt.

Sjølv om eg no bur i hovudstaden og samfunnet er vesentleg meir heterogent enn det var då eg vaks opp, har eg framleis høg tillit til samfunnet eg lever i og menneska rundt meg. Tanken på at medpassasjerar på T-banen går rundt med ei bombe i sekken kan streife meg, og på flyplassar kan eg ta meg sjølv i å speide etter mistenkjelege personar. Eg skyv slike tankar fort vekk, forsøker å leve så normalt eg kan og bekymrar meg minst mogleg for ting eg ikkje kan kontrollere. Eg låser likevel utdøra og har installert innbrotsalarm. Det er ein del av mitt eige internkontrollsystem.

Kjelder:
Fugelli P (2001). Tillit. Tidsskr Nor Legeforen 2001; 121:3621-4
Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven): LOV-1999-07-02-64
Andresen JF (2017). Tilsyn og vidsyn – om tillit og mistillit. Foredrag Strømstadseminaret 8. nov 2017
Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten: FOR-2016-10-28-1250

Kronikk og debatt/Legeliv, Dagens Medisin 21/2017

Kommentarer

  • sykehuslege 19.01.2018 09.00.52

    I sykehusene i dag er det ingen tillit til ledelsen. De fire helseforetakene, samlet under Spekter har skapt en avgrunn mellom arbeidstakere og arbeidsgiver. Det er derfor vi snakker om tillitskrise i sykehusene. Denne saken overskygger alt. Helseministeren har ikke vist noe lederskap i dette, han bare peker tilbake på helseforetakene. Hvordan skal man kunne opprettholde tillit til et helsevesen hvor arbeidsgiver med Spekter i spissen bruker enorme ressurser på å ødelegge for helsepersonell, hvor ærlighet åpenhet og redelighet er satt på båten, alle midler er lov, sist nå at Spekter nekter å offentliggjøre sine krav i forkant av behandlinga av nemda 25 jabuar - under dekke av noe så latterlig som "lojalitet til arbeidsdept," hva nå det måtte bety.

  • lege 22.01.2018 08.55.05

    Høie gjør bare det han får beskjed om fra HOD og de 4 RHF-direktører. Om vi hadde hatt en minister med mot og kraft til å sette pasienten og fagligheten i sentrum kunne kanskje noe av tilliten komme tilbake over tid. Da måtte også dagens Spekter-ledelse fjernes. Sannsynligheten er ikke så stor.

Nyheter fra startsiden

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!