Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Om medisinfri behandling

Debatten om kva som er fagleg forsvarleg, er viktig. Kva slags kunnskap dette skal bygge på, er endå viktigare.

Annons:

Innlegg: Eva Marit Svendsen, seniorrådgiver ved Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse

EG VISER til diskusjonen i Dagens Medisin der Inger-Marie Eidsvik samt Rune Andreas Kroken og Erik Johansen i Norsk psykiatrisk forening har hatt innlegg. Det som slår meg, er at her møtes to ulike kunnskapsparadigmer: den forskingsbaserte representert av Norsk psykiatrisk forening, og den erfaringsbaserte ved mangeårig pasient Inger-Marie Eidsvik.

Norsk psykiatrisk forening viser til såkalla forskingsbaserte fakta som ligg til grunn for kva som er forsvarleg behandling, medan Eidsvik viser til det ho har sett og erfart gjennom snart 30 år som pasient.

KONSEKVENSANE. Det er fleire tema i debatten om medisinfrie behandling som vert drøfte om ein annan. Det eine er korleis den akutte psykosen skal behandlast. Her er Eidsvik klar på at ho for sin del ikkje vil ha medisin, men ei hand å halde i. Andre ynskjer medisin i ei kort periode for deretter å trappe ned samstundes som andre tilbod trappast opp.

Det andre store tema i debatten er konsekvensane av tvangsmedisinering og kva slags langtidseffektar dette gir. Eidsvik løfter fram konsekvensane slik ho ser det, av tvangsbehandling ved psykose. Etter mi meining burde Norsk psykiatrisk forening vere meir audmjuke og spørjande til dei observasjonane som denne erfarne pasienten har gjort seg. Kvifor vert ikkje hennar spørsmål om  langtidsverknader av tvangsmedisinering respondert på?

Studiar av livssituasjonen til dei som har vore utsett for slik behandling ville kanskje gi oss svar på om ho har rett? Tvangsmedisinering bør av etiske grunnar etter mi meining vere uaktuelt i alle samanhengar uavhengig av desse forskingsresultata.

Les også: Psykofarmaka dreper mange

FORSVARLIG? Når det gjeld langtidsbehandling, har diskusjonen vore fokusert på kor fagleg forsvarleg det er å basere tilbodet på medikamentell behandling med antipsykotiske midlar. Ifylgje Norsk psykiatrisk forening er dette dokumentert godt nok. Erfaringane til mange pasientar viser noko anna. Kanskje er det fagleg forsvarleg for fagfolka, men ikkje for helsa til pasienten?

Overmedisinering og mangelfull monitorering er dessverre framleis kvardagen for mange pasientar. Dette kan vere ei av årsakene til at så mange pasientar har dårleg erfaringar med langtids medikamentell behandling. Ein annan årsak kan vere at  behandlinga i for liten grad vert fylgt opp i tett samarbeid med pasientane og dei ulike hjelpeinstansane. Mellom anna er det framleis mange pasientar med langvarige og samansette problem som ikkje har individuell plan (IP) og kriseplanar. Etter vår meining bør dette brukast i større grad enn det som vert gjort i dag.

VIKTIG DEBATT. Debatten om kva som er fagleg forsvarleg, er viktig. Kva slags kunnskap dette skal bygge på, er endå viktigare. Slik eg ser det, er det nødvendig at vi både vektlegg forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap. Det er viktig at erfaringane til pasientar vert lagt til grunn når praksis skal utviklast.

Vi må ikkje einsidig basere det som er fagleg forsvarleg på forskingsfunn som kan vise seg å vere relevant i dag og uaktuelt i morgon. Det som er etisk forsvarleg, og dei erfaringane pasientane gjer, må vere grunnmuren vi bygger på.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Kommentarer

Kontrollspørsmål for kommentarer   3 + 7 =   (legg sammen tallene for å kommentere)
OM KOMMENTARFELTET: Dårlig ytringsklima beskrives som et problem i deler av helsetjenesten, derfor har vi en åpning for anonyme kommentarer. Dagens Medisin oppfordrer imidlertid alle til å bruke fullt navn i kommentarfeltet, og kritisk vurdere om man har behov for å være anonym. Fullt navn og identifisering gjør debatten bedre – for alle! Ved å huke av boksen, godkjenner du publisering av kommentaren i artikkelen og Dagens Medisins regler for kommentarinnlegg.


  • Walter Keim 29.03.2017 20.36.15

    Jeg er stort sett enig men psykiatrien har aldri kunnet vise positiv langtidseffekt utover 3 år. Man har - enkelt forklart - antatt at seponeringssymptomer skyldes at psykosen kommer tilbake. Denne antagelsen er feil, se https://www.madinamerica.com/2013/07/harrow-wunkerlink-open-dialogue-an-evidence-based-mandate-for-a-new-standard-of-care/ Slik sett er et ingen motsetning mellom dårlige brukererfaring og nyere forskning. Dette er mainstream blant ledende forskere. Problemet er bare at konservative psykiatriprofessorer benekter det ennå.

Nyheter fra startsiden

HELSE SØR-ØST FORKASTER OMSTRIDT IKT-LØSNING

Utredning slakter radiologi-løsningen1

STRID OM VARSLING OG REPRESALIER

Forsker tapte mot OUS i to rettsinstanser

EUROPEISKE LEGEMIDDELMYNDIGHETER

Gransker feildoseringer av metotreksat