Eit menneske som berre er Pasient har ikkje tid eller åndsnærvær til stort anna. Å hjelpe Pasienten til å vere eit heilt menneske må vere vårt mål, skriv Remi Neverdal.

pasient med liten p

Å vere eit heilt menneske kan vere så mangt. Oppgåva mi i møte med Pasienten er å freiste leite fram til kva dette inneber for den einskilde.

Publisert

Julie står i vindauget. Under, i hagen, står Romeo gøymt, han drøymer om å vere hansken på Julies hand, slik at han kan få røre ved kinnet hennar. Dei kan ikkje få kvarandre; namna deira har gjort dei til fiendar. Julie fortvilar:

«[…]that which we call a rose, by any other name would smell as sweet»

Rosa var ei rose også utan namnet, dufta like vedunderleg, tornane like skarpe. Ingenting hindrar dei i å få kvarandre utanom dette eine: namnet.

Eg er fastlege. Pasientar kjem til meg med varierande grad av uhelse. Nokre har tette nasar eller inngrodde negler, denne teksten handlar ikkje om dei, men om dei Sjuke – dei Sjuke som i møte med meg, NAV, med fysioterapeuten, er Pasientar. Helsevesenet vårt er storarta, kronblada vakre, men stilken har tornar. For menneske med omfattande helseproblem har måten helsetenesta møter dei på alt å seie. Fokuset vårt, meiner eg, bør vere å opne Pasienten, utforske romma i vedkomande. Sjølvsagt finst sjukdom der inne, men Pasientane er også så uendeleg mykje meir, dei er sysken, dei steller i hagen, dei snakkar med katten.

Ingen er utelukkande elendig.

Som fastlege ynskjer eg å fylgje stien ikkje berre til Sjukdomen, men til hagen og familiestova og elles kor det finst vegar inni mennesket framfor meg. Det er sjølvsagt ikkje beint fram, særleg med fullt venterom og telefonar på alle kantar. Eg trur likevel det er forsøket verd.

Filosofen og legen Friedrich Schiller (1759-1805) åtvara mot å hyperspesialisere individet – vi er alle meir enn vår mest openberre bane:

«Evig og alltid bare lenket til et lite bruddstykke av helheten, utvikler mennesket seg også selv bare til bruddstykke.»

Sjølv den revolusjonære filosofen og politikaren Rosa Luxemburg (1871-1919) skreiv frå fengselet eit brev til ei politisk engasjert veninne og bad henne tone ned politikkmonomanien sin:

«At du nå ikke har tid eller åndsnærværelse til annet enn […] partielendigheten, er skjebnesvangert, for slik ensidighet kaster også skygge over den politiske dømmekraften, og fremfor alt må man til enhver tid leve som helt menneske.»

Eit menneske som berre er Pasient har ikkje tid eller åndsnærvær til stort anna. Å hjelpe Pasienten til å vere eit heilt menneske må vere vårt mål. Enkelt er det ikkje, særleg ikkje i helsevesenet der menneska vi møter nettopp kjem i kraft av sine sjukdomar og lyter. Eg vil likevel ikkje ha på meg at mi gjerning her på jorda var å gjere brotstykke ut av dei eg meinte å hjelpe.

Hadde Romeo eit anna namn var kjærleik mogleg. Gir vi Pasientane andre namn – mor, handballinteressert, forfengeleg – då vert helsefremjing mogleg.

Å vere eit heilt menneske kan vere så mangt. Oppgåva mi i møte med Pasienten er å freiste leite fram til kva dette inneber for den einskilde. Då kan den store Pasient-P-en skrumpe inn og etterlate seg liv fylt med verdi og meining.

Powered by Labrador CMS