Einsemd kortar levetida vår

Førebygging av einsemd og sosial utstøyting må vere ein del av det lokale folkehelsearbeidet i kommunane.

Publisert
Lisbeth Homlong

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, spesialist i allmennmedisin og seniorrådgiver i Statens helsetilsyn

AT FYSISK AKTIVITET og eit sunt og variert kosthald er viktig for helsa, er godt kjent for dei fleste. Ifølge norske helsemyndigheiter skal vi ete minst fem porsjonar med frukt, bær og grønsaker kvar dag.

Det er godt etablert kunnskap at dette er med på å forebygge livsstilsjukdomar som overvekt, type 2-diabetes, hjartesjukdom og kreft – alt dette som vi vil ha minst mogleg av.

FEM OM DAGEN. Men færre veit kanskje om at det også finst gode forskingsbaserte råd om fem om dagen for auka livskvalitet og sterkare psykisk helse. Dei fem råda er som følgjer:

  • Knyt band til andre
  • ver aktiv
  • ver merksam
  • hald fram med å lære, og
  • gi til andre!

Psykolog Ragnhild Bang Nes ved Folkehelseinstituttet, som mellom anna forskar på lykke, meiner at vi treng ein nasjonal strategi for livskvalitet. I samarbeid med Rådet for psykisk helse har ho introdusert eit kvardagsgledekurs for over 80 norske kommunar. Kurset bygger nettopp på dei fem råda for livskvalitet over. Førebelse resultat viser redusert einsemd og auka livskvalitet hos deltakarane i kommunar rundt omkring i landet.

Det meste tyder på at den sterkaste slettes ikkje er den som står åleine. Du er sterkast dersom du er del av eit fellesskap

FELLESSKAPET. Å knyte band og inngå i meiningsfulle relasjonar med andre, er kanskje det aller viktigaste vi kan gjere for å førebyggje sjukdom og dårleg helse. Einsemd er like farleg som å røyke 15 sigarettar om dagen. Det er ikkje tull. Idéhistorikar Hilde Østby utforskar temaet einsemd i boka «Kart over ensomheten», som kom ut tidlegare i haust. «Helvete er dei andre?».

Tja, filosof Jean Paul Sartre sette ord på kjensler som har noko for seg i eit eksistensielt perspektiv. Men er det sant? Det kjem an på. Det meste tyder på at den sterkaste slettes ikkje er den som står åleine, som Ibsen skreiv i «En folkefiende. Du er sterkast dersom du er del av eit fellesskap.

Frå eit evolusjonistisk perspektiv, heng einsemd saman med frykta for å bli utstøytt frå flokken. Sånn sett er det ei kjensle vi har nytte av, då den får oss til å oppsøke fellesskap og tilpasse oss – på same måte som svolt, smerte og frykt er logisk; det hindrar oss i å døy av svolt -- og at vi søker å unngå skade og fare. Sånn sett heng det på greip at einsemd er skadeleg for helsa vår.

FOLKEHELSEPROBLEM. Einsemd aukar ikkje berre risikoen for psykisk sjukdom, men einsemd fører til stress, som igjen aukar nivået av stresshormonet kortisol. Kronisk stress og vedvarande høgt nivå av kortisol gir auka risiko for ei rekkje sjukdomar, som hjarte- og karsjukdom, diabetes, kroniske muskel- og skjelettsmerter og dårlegare immunforsvar. Nye studiar tyder på at einsemd kortar levetida vår.

Einsemd er eit folkehelseproblem som får altfor lite merksemd. Fleire bur åleine og fleire har ikkje partner eller barn, samanlikna med tidlegare, noko som gir auka risiko for einsemd. Mange naturlege møteplassar i lokalsamfunna er borte. Eldre og unge er særleg utsette. I eit folkehelseperspektiv må vi derfor leggje til rette for at flest mogleg får ta del i gode fellesskap og får høve til å inngå i gode relasjonar: Førebygging av einsemd og sosial utstøyting må vere ein del av det lokale folkehelsearbeidet i kommunane.

KRONISK EINSEMD. Eg ein av dei som trivst med ein del åleinetid. For mykje sosial omgang syg energien ut av meg, og då må eg trekkje meg tilbake og legge meg på lading ei stund. Vi er forskjellige slik, menneska. Det betyr ikkje at eg er einsam, sjølv om det har vore periodar i livet eg har kjent på det også. Eg trur det er ganske vanleg, og ikkje farleg. Livet er ikkje alltid like enkelt – men det klarer vi stort sett å meistre.

Det er den kroniske einsemda som er helseskadeleg: Når du over tid manglar meiningsfulle og nære sosiale relasjonar og saknar kontakt med andre menneske.

KVA KAN VI GJERE? Sjølv frå ein religiøs vaklar som meg er jula og julebodskapen viktig. Ventetida fram mot jul er kanskje den finaste tida. Vi finn fram julepynten, heng opp julestjerner i vindauga, opnar lukene i julekalenderen, baker peparkaker og kokosmakronar, hentar juletre og førebur den lange køyreturen heim til Vestlandet. Det er ei tid for glede.

For mange er det også ei tid for einsemd. Då kan vi gjerne vise til fem om dagen for betre livskvalitet – det hjelper neppe, verken på papiret eller i praksis.

Kva kan vi så gjere? Vi kan ikkje fikse ein flokk for folk, sånn utan vidare, og det sit oftast langt inne å invitere framande inn i fellesskapet.


Dagens Medisin, fra Kronikk- og debattseksjonen i 17-utgaven

Powered by Labrador CMS