
Vil ha meir aktive medarbeidarar
Ei ny samarbeidsavtale mellom Helse Bergen og Haukeland sykehus, idrettslaget skal auke aktivitetstilbodet retta mot tilsette.
Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.
Helse Bergen har som mål å vere ein arbeidsplass som fremjar helse. Eit felles mål for foretaket og Haukeland sykehus idrettslag (HSI) er å støtte førebyggjande og helsefremjande arbeid ved å tilby tilsette trening og aktivitet.
No har sjukehuset inngått ei avtale med idrettslaget for å klare nettopp dette, melder Helse Bergen.
Blir rettleia
Sidan 2009 har om lag 200 tilsette ved Haukeland universitetssjukehus gjennom HSI fått høve til å delta i organisert styrketrening med rettleiing om ettermiddagane.
Dette har vore ei prøveordning der målet har vore å tilby styrketrening i ein periode fra åtte til ti veker for å redusere risiko for belastningsskadar.
Det viser seg at deltakarar som har fylgd opplegget med rettleiing, har fått betre helse og mindre fråvær.
Dagtrening
Bedriftsidrettslaget vil no få støtte frå sjukehuset til å halde fram med det eksisterande tilbodet. Nytt frå i haust er at interesserte også kan få tilbod om gruppetrening på dagtid. Alle deltakarar vil få eige treningsprogram tilpassa av fysioterapeut.
– Helse Bergen har nyleg vedteke ein strategi for førebyggjande og helsefremjande arbeid. HSI har jobba med dette i mange år, og saman med dei kan vi enklare nå måla i strategien. Gjennom denne avtala ønskjer vi å støtte tilbodet om treningsrettleiing for å auke aktiviteten blant tilsette, seier personaldirektør Trond Søreide til helseforetakets nettside.
Gjeld ut neste år
– Dette er ei god avtale for oss. Det eksisterande tilbodet vert sikra, og enda fleire kan få tilbod om trening med rettleiar. Samarbeidet med sjukehuset gjer at vi kan auke aktivitetsnivået på andre område, seier Rune Haagensen, leiar i HSI, til nettstaden.
Avtalen som no er inngått, er gyldig ut 2012.
Haagensen opnar også for samarbeid om treningstiltak for andre grupper, til dømes folk som er sjukmeldte eller som kan kome til å verte sjukmeldte.