Feil inntrykk av kjøp av helsetenester: Fakta om ventetider
Administrerande direktør i Aleris AS har i seinare tid komme med påstandar om Helse Vests sine kjøp av helsetenester, som skapar eit inntrykk me ikkje kjenner oss igjen i. Det er viktig å få fram fakta om ventetidene i helseregionen vår. Først då kan vi få ein opplyst og god samfunnsdebatt.
Ventetidene er framleis for lange for nokre behandlingar. Regjeringas Ventetidsløftet vil bli følgt opp på heile Vestlandet. Målet er markant nedgang i ventetidene i løpet av 2024 og 2025.
Helse Vest kjøper årleg helsetenester frå private aktørar for 2,8 milliardar kroner. Dette utgjer omtrent 7,9 prosent av det totale budsjettet til heile den offentlege spesialisthelsetenesta på Vestlandet.
Hovuddelen av dette er kjøp frå private ideelle aktørar, som Haraldsplass diakonale sjukehus. Beløpet inkluderer også kjøp frå private kommersielle aktørar. Kjøp av somatiske tenester utgjer den største delen, men kjøpa inkluderer også psykisk helsevern, mellom anna hos Jæren distriktspsykiatriske senter (DPS), og rusbehandling.
Sjukehusa får midlar for å redusere ventetider
Helse Vest vil følgje opp Ventetidsløftet ved i hovudsak å styrkje dei offentlege sjukehusa, men vi vil også styrkje tilbod hos private ideelle aktørar som vi har langtidsavtale med, som til dømes Haraldsplass diakonale sjukehus. Vi vil overføre midlane til dei tiltaka som sjukehusa sjølv meiner er nødvendige for å redusere ventetider.
Kan bli aktuelt med kjøp frå private aktørar
Det kan bli aktuelt med ytterlegare kjøp av helsetenester frå private aktørar. Slike kjøp vil bli avklarte i tett dialog med sjukehusa i heile regionen. Då kan eventuelle kjøp tilpassast dei tiltaka som sjukehusa sjølv set i gang.
Alle kjøp av helsetenester frå private aktørar skal utfylle tilbodet til pasientane som blir gitt i offentleg regi, og vere offentleg styrt og prioritert. Som døme på dette har Helse Vest RHF i 2024 valt å inngå avtale om kjøp av hundre ekstra hofteprotese- og kneproteseoperasjoner ved Haugesund Revmatismesjukehus. Vi planlegg også ei utlysing av kjøp av kirurgiske prosedyrar innan urologi i Stavanger-regionen. Det vil bli lyst ut på ope anbod, i tråd med lov om offentlige anskaffelser.
Åtti prosent av pasientane har inga ventetid
Dei offentlege sjukehusa handterer alle pasientar som treng akutthjelp med ein gong utan ventetid. Dette utgjer cirka åtti prosent av alle innleggingar i sjukehus. Det er altså dei tilvisingane som kan vente, dei tjue prosentane, som inngår i ventetidsstatistikken.
Det er også slik at pasientar som har andre sjukdommar som gir auka risiko for komplikasjonar, normalt ikkje vil få tilbod om operasjon hos dei private kommersielle aktørane. Desse pasientane vil dermed få vurdering og behandling i dei offentlege sjukehusa.
Framover vil vi jobbe for at Ventetidsløftet blir følgt opp. Då er det viktig å ha rette fakta rundt ventetidene på bordet. Vi må prioritere rett, slik at dei dyktige medarbeidarane på sjukehusa våre kan halde fram med å gi god hjelp og behandling til befolkninga på Vestlandet.
Ingen oppgitte interessekonflikter
Administrerende direktør Anita Tunold i Aleris har ønsket følgende tilsvar til dette debattinnlegget:
I Norge ligger ventetider for behandling offentlig tilgjengelig på helsenorge.no, og mine utsagn om ventetider er hentet derfra. Det at den nye helseministerens viktigste ambisjon er å kutte ventetider, er et klart signal om at situasjonen er alvorlig for pasientene. Ifølge Helse Vests egne opplysninger for ventetid (mai 2024), er det i Stavanger eksempelvis opp mot 572 ukers ventetid for plastikk- og rekonstruktiv kirurgi, 52 uker for sykdommer i fordøyelsessystemet, 73 uker for hormonsykdommer, 76 uker for gynekologi, 75 uker for sykdommer i mannlige kjønnsorganer – og opp mot 165 uker for operasjoner i hofte/kne/fot. Fagdirektøren i Helse Vest tar til orde for at fakta er viktig for en opplyst og god debatt. Her er vi helt enige; påstander må belegges med fakta. Både pasientene og fagfolka våre fortjener en fordomsfri og faktabasert debatt om hvordan vi sammen kan løse utfordringene helsetjenesten står i. Det gjør vi best ved å snakke sammen, og jeg har derfor invitert fagdirektør Vikse slik at vi kan oppklare eventuelle misforståelser.