MÅLRETTA: Helfo har fått det for seg at dette med bruk av tid er ei belasting på helseøkonomien. Det synest nå som dei ganske målretta går etter høg-score-legane og straffar desse for tidsbruken med krav om tilbakebetaling trass i at det ikkje er tvil om at tida er blitt brukt på pasienten, skriv Svein Gisle Apeland.

Om heksejakt på legar og vern av helsopplysingar

At opplysingane ein gjev fortruleg under fire auge til ein med teieplikt skal vera verna mot innsyn for andre, skulle vera sjølvsagt.

Publisert Sist oppdatert

Me lever i eit samfunn der stadig fleire føler seg framandgjorde der dei ferdast i ein nær uavbròten kakofoni av informasjon. I dette ligg det òg eit stadig jag etter det vellukka livet der dei (anti?-)sosiale media sine påverkarar spreier sine ulike bodskap. Kring ein fjerdedel av folket vårt vippar etter kvart over tòlegrensa og framstår med psykiske plager i ein grad som overstig det som normalt høyrer til livet sine sinnsmessige bølgerørsler og hamnar innan diagnostikken. Talet er urovekkande raskt stigande. Så er då spørsmålet kven skal geleida den lidande gjennom dalen og vonleg få vedkomande ut som ein fungerande menneske att? Kvar finnest det kompetente hjelpeapparatet?

Legane kjenner seg rimeleg rettslause, og pasientane har ikkje vern mot ran av sine mest intime persondata

I mange år har det vore sjølvsagt at dette er fastlegen sin domene. Dette arbeidet har gjennom åra vore lite verdsett, men ein liten tidstakst er det for den ansvarsmedvitne legen som har omsut for pasienten sin og ser vedkomande som noko meir enn eit blodtrykk eller ein senebetennelse i armen. På legelista der pasientane gjer sine merknadar, ser ein tydeleg kva pris den einskilde set på legen som medfølgjar i vanskelege tider. At vedkomande i regelen òg er den som hjelper den vanskelegstilte i møtet med eit stadig meir svulmande helsebyråkrati, er sjølvsagt òg avgjerande for å få høge score analogt med terningkastsystemet som elles er eit ganske utbreidd vurderingsystem.

Går etter dei populære legane

Så er då problemet at Helfo har fått det for seg at dette med bruk av tid er ei belasting på helseøkonomien. Det synest nå som dei ganske målretta går etter høg-score-legane og straffar desse for tidsbruken med krav om tilbakebetaling trass i at det ikkje er tvil om at tida er blitt brukt på pasienten. Byråkratar som ikkje har relevant medisinsk erfaring fungerer som overkikadorar i eit system der legen er nærast rettslaus. I tillegg kjem så krav om at ein ikkje skal ta unødvendige prøvar og skal inngå helsekontrollar samstundes som ein sjølvsagt skal stilla rett diagnose i tide og ikkje gjera feil. Frustrasjonsnivået stig til over brestepunktet der ein blir sett ein fagleg og menneskeleg spagat i eit svært krevjande virke med lange arbeidsdagar og ansvar for hundrevis av menneske som er avhengig av at avgjerdene til legen er rette.

I tillegg står ein med eit formidabelt etisk og personvernmessige dilemma ved at NAV tilsynelatande har uavgrensa tilgang til alle våre mest intime opplysingar i legejournalen utan at dei treng vårt samtykke. Om ein sakshandsamar finn det for godt, har legen berre å utlevera komplett journal utan å kny. Helfo kan i sin kontroll krevja det same , og om den rettferdsugne legen skulle nekta, vil det går utover både refusjon og lisens. Legane kjenner seg rimeleg rettslause, og pasientane har ikkje vern mot ran av sine mest intime persondata. Datatilsynet konkluderer at heimel er til stades. Kvar er lovgjevar?

Ein helse-inkvisisjon

Me lærte om Inkvisisjonen sine overgrep i farne tider. Legane er den nye tids presteskap, og nå ser det ut for meg som at NAV og Helfo har tatt rolla som kurien med mynde til å lysa i bann på basis av eiga rettferdsoppfatting som på ingen måte treng i vera i takt verken med allmenn rettsoppfatting eller det som synest rimeleg.

Folk treng tid og nå, som alltid, eit menneske å forhalda seg til. Å gje dei ein app , er å gje steinar for brød. At opplysingane ein gjev fortruleg under fire auge til ein med teieplikt skal vera verna mot innsyn for andre, skulle vera sjølvsagt. Skal me i kyrkjebøna endra den gamle formuleringa «Gud vern oss mot pest, hunger og dyrtid» ved å skifta ut «pest» med «byråkratitt».

Powered by Labrador CMS