Helseplatformen
IKKJE BRUK: Helseplattformen bør ikkje takast i bruk fleire stader. Det ser dei fleste, skriv Øygunn Leite Kallevik.

Draumen om «Ein innbyggjar – ein journal» har enda i eit mareritt

I praksis er det ikkje mogleg med reell konkurranse på journalsystem i spesialisthelsetenesta. Kva om staten på eit eller anna vis overtar det systemet som fungerer best?

Publisert
Øygunn Leite Kallevik

Helse Midt sit i ein umogleg situasjon. Både tilsette og pasientar er no isolert frå resten av Helse-Norge. Om Helseplattformen hadde hatt minimalt med feil, vil løysinga likevel vere umogeleg å leve med på sikt. Elektronisk pasientjournal og administrasjon av pasientdata er hyperkomplisert, og det trengst eit interregionalt samarbeid for å halde kontroll på ei rivande utvikling. Det er mykje snakk om kva Helseplattformen har kosta å innføre, men mindre fokus på kva løysinga vil koste å drifte. Alt bra som skjer i Helse Midt blir no overskugga av at vi syns synd på dei som jobbar der. Få likar å bli syns synd på. Kva alternativ finst, som ikkje handlar om å gå vidare i same spor?

Kan staten ta ansvar og kjøpe opp ein leverandør? I praksis er det ikkje mogleg med reell konkurranse på journalsystem i spesialisthelsetenesta. Kva om staten på eit eller anna vis overtar det systemet som fungerer best? Høgre og Bent Høie Bent Høie gjorde mykje bra, spesielt med introduksjon av «Pasientens helseteneste». Men, draumen om «Ein innbyggjar – ein journal» har enda i eit mareritt. Kommunar og fastlegar lever sitt eige liv, og merkeleg nok lar ikkje alle seg lokke til å bli ein del av den namngjetne Helseplattformen. Sjølv om det var Høgre og co som feila i utgangspunktet, må dagens regjering ta ansvar for å rydde opp. 

Naturleg å bruke same system

Milliardprosjektet Akson blei stoppa utan at folk på gata hissa seg opp over brukte midlar. Det er mogeleg å gjenta suksessen. Helsenorge – HelsaMi «Pasientens helseteneste» har blitt materialisert gjennom helsenorge.no. På grunn av kompleksitet og kapasitet går utviklinga likevel seinare enn pasientane forventar. Samstundes sit HelseMidt med si eiga løysing: HelsaMi - Helseplattformen AS. Vil det ikkje vere naturleg om heile landet brukte same system, i staden for at skattebetalarane må betale for utvikling, vedlikehald og drift av to liknande plattformer?

Epic, som leverer Helseplattformen, er ein amerikansk leverandør, som leverer journalsystem til private sjukehus i USA. For å forstå korleis helsepersonell jobbar, er det avgjerande for leverandøren å kunne hospitere og forstå tilsette. Å stille dei rette spørsmåla er også undervurdert. Dette vil vere langt enklare for eit norsk selskap enn for eit amerikansk. Dette er ikkje ein eingangsjobb, men er ein kontinuerleg prosess då eit IT-system vil alltid krevje endringar. Utarbeiding av endringsønske er ein stor jobb som bør fordelast på alle helseføretak. Det same gjeld testing og pilotering. Dei minste føretaka kan dra nytte av jobben dei store gjer. Deling av kunnskap, bruksanvisningar og opplæringsmateriell på tvers av føretak er tidsparande. Resten av landet har bruk for kompetansen i Helse Midt til denne jobben.

Systemsvikt

Helsepersonell skal ha hovedfokus på pasientar, og det må vere mogleg å bruke eit journalsystem utan at det er for lett å gjere feil. Når eit føretak i storfamilien (som ikkje inkluderer Helse Midt) oppdagar ein større feil, blir det kalla inn til systemsviktmøte med leverandør. Feil er enklare å oppdage når fleire jobbar i same system. Dette kan vere både brukarfeil og systemfeil. Når mange nok misforstår ein funksjonalitet må den gjerast meir intuitiv. Då er nemleg systemet det er noko gale med, sjølv om den tilsette i teorien kunne ha gjort rett. Open plattform Dei fleste sjukehusa i Noreg brukar no eit system som gjer at mindre system kan koplast på. I staden for å lage alt sjølv kan meir spesialiserte deler byggast inn. Ingen kan bli gode på alt, heller ikkje Epic. Prosjekt bør føregå nær brukarane I staden for svære nasjonale prosjekt, som er væpna til tennene med konsulentar, bør utviklinga bli styrt av føretaka sjølve, i samarbeid med leverandørar og brukarrepresentantar.

Helseplattformen bør ikkje takast i bruk fleire stader. Det ser dei fleste. Gjort er gjort. Dyrkjøpt lærdom er ofte den beste lærdomen. Kor kan vegen gå vidare? Noko må skje, og det bør skje i tett samarbeid med dei som over fleire år har fått arbeidskvardagen sin øydelagt.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS