VANEDANNANDE: Det er ikkje berre i USA at økt bruk av sterke smertestillande legemiddel skapar problem for pasientar og helsevesen. Illustrasjonsbilde: Thinkstock.

Eg har sjølv medverka til at pasientar har blitt avhengige

Legemiddelavhengigheit er ei utfordring for folkehelsa, og eit stort problem for den enkelte.

Publisert Sist oppdatert
Lisbeth Homlong

I ein artikkel i A-magasinet i fjor haust stod ein pasient fram og fortalt si historie om korleis ho blei avhengig av det sterke smertestillande legemiddel oksykodon. På grunn av sterke, kroniske smerter fekk ho utskrive oksykodon utan nokon klar plan for nedtrapping eller avslutning av behandlinga. Resultatet vart langvarig bruk, behov for stadig høgare dosar og til slutt alvorleg avhengigheit.

Historia til denne pasienten illustrerer svært godt korleis legemiddelavhengigheit oppstår og skildrar presist kvifor det er så krevjande å slutte:

«Røhr kjemper en kamp på flere fronter samtidig. Mot opioid-avhengigheten og abstinensene, mot hodesmertene og – mot skammen. Det er som en uløselig kabal.»

Epidemi av misbruk

I Noreg har det sidan 2016 vore fleire overdosedødsfall som skuldast sterke smertestillande legemiddel, som oksykodon, kodein og morfin, enn av heroin. Ein veit ikkje om legemidla som fører til overdosedødsfall er kjøpt ulovleg eller om dei er skrive ut av lege på resept – sannsynlegvis er det ein kombinasjon. Blant dei som døyr av overdosar av smertestillande legemiddel er det fleire kvinner og fleire eldre.

Den amerikanske epidemien med misbruk og overdosar av sterke smertestillande legemiddel er sett på som ei av dei største helsekrisene i USA i moderne tid og ein reknar at omkring 600 000 menneske har døydd av overdosar knytt til dette. Vi har langt frå liknande tilstandar i Noreg, men utviklinga etter 2016 gir grunn til bekymring.

Dei nasjonale faglege retningslinjene for bruk av vanedannande legemiddel gir legar ei god rettesnor for kva som er rett bruk av slike legemiddel. Det viser seg likevel at desse kan vere vanskelege å følgje i praksis, sjølv for den mest samvitsfulle lege. I møte med pasientar som slit med smerter, søvnløyse, angst og uro, er det enkelt og effektivt å skrive ut eit legemiddel som dempar plagene på kort sikt. Som lege vil ein gjerne hjelpe og i ein travel kvardag er det lett å ty til reseptblokka, i staden for å finne andre løysingar, som ofte er betre for pasienten på lang sikt, men som krev tid.

Leganes ansvar

I arbeid som fastlege veit eg at eg sjølv har medverka til at pasientar har blitt avhengige. Anten ved å starte opp med vanedannande legemiddel eller ved å halde fram med å skrive ut legemiddel til pasientar som først har fått dei i spesialisthelsetenesta - og så har eg ikkje vore nøye nok med å følgje opp pasienten etterpå.

Toleranseutvikling, noko som betyr at ein treng meir stoff for å få same effekt som tidlegare, og fysisk avhengigheit, er forventa og til dels uunngåelege konsekvensar av langvarig behandling med sterke smertestillande legemiddel. I løpet av to til fire veker med dagleg bruk kan fysisk avhengigheit utvikle seg, og dersom ein sluttar brått kan ein få abstinensar allereie etter eit par veker med dagleg bruk.

Dette må vi legar som skriv ut slike legemiddel ha langt framme i pannebrasken i vår daglege praksis og pasientane må få grundig og forståeleg informasjon om dette når dei har behov for smertelindring.

Også legemiddel som benzodiazepiner og z-hypnotika har tilsvarande risiko for toleranse og fysisk avhengigheit ved dagleg bruk over tid. Desse legemidla er ofte effektive og har lite sideverknader ved kortvarig bruk, mot søvnvanskar, angst og uro. Men ved langvarige plager, må ein vere tilbakehalden med å bruke dei.

Farlege kombinasjonar

I Helsetilsynet behandlar vi kvart år fleire saker som gjeld uforsvarleg behandling med vanedannande legemiddel, der legar står i fare for å miste forskrivingsretten. Vi ser at pasientar ofte får ulike legemiddel i kombinasjon, til dømes kodein eller oksykodon, saman med benzodiazepiner og z-hypnotika – til saman i høge dosar. Dette er svært uheldig og gir auka risiko for overdosar.

Ein fellesnemnar er at legen ikkje i tilstrekkeleg grad tek ansvar og styring over behandlinga, men let det «skure og gå». Nedtrapping og avslutning av slik behandling, når avhengigheit har oppstått, krev konkrete nedtrappingsplanar, tett oppfølging av pasienten, gjensidig tillit – og tolmod.

Legemiddelavhengigheit er ei utfordring for folkehelsa, og eit stort problem for den enkelte. Alle legar som er involvert i behandling av pasientar som får sterke smertestillande og andre vanedannande legemiddel, har eit stort ansvar og må vere på vakt ved slik medisinering.

Powered by Labrador CMS