Er sjukmelding svaret?

Dei fleste av oss opplever ei krise ein eller annan gong i livet. Men er svaret då sjukmelding? Eller treng vi rett og slett gode kollegaer og ein trygg arbeidsplass som kan leggje til rette for den situasjonen vi er i?

Publisert

Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.

Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest RHF
EG TRUR IKKJE sjukmelding alltid er svaret. Nokre gonger er svaret at det beste er å jobbe litt, om det blir lagt til rette for det. Både for ein sjølv og for verksemda. Nokre gonger er det ikkje så mykje som skal til, kanskje få bytta nokre vakter eller få permisjon for å løysa praktiske ting som skal til.
I den nye Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv 4. mars 2014-31. desember 2018 (IA-avtalen) blir det teke til orde for dette: «Det foreslås å igangsette et forsøk med en forenklet og avgrenset ordning med «sykmeldt i jobb». En slik ordning vil kunne bygge opp under ambisjonen om økt bruk av graderte sykmeldinger, og således bidra til aktivitet fremfor passivitet».
EIN VEG Å GÅ. Dette utspelet ønskjer vi velkommen. Det er bra å få ein open debatt og dialog om dette temaet, ikkje berre i media, men på den enkelte arbeidsplass, mellom kolleger. Ein god diskusjon og debatt om dette emnet før nokon står i det, kan også vere ei god førebuing på kva vi sjølve vil gjere om dette treff oss. Eit viktig utgangspunkt for IA-avtalen er at deltaking i arbeidslivet i seg sjølv ofte kan vere helsefremjande for den enkelte.
Dei siste sjukmeldingstala viser at det sjukmeldte sjukefråværet går ned. For heile Helse Vest var talet 5,5 prosent per tredje kvartal 2013. Det er same nivå som det samla sjukmeldte sjukefråværet for alle bransjar, også dei private.
VI TENKJER NYTT. Ser ein helse- og sosialsektoren under eit, var talet 7,6 prosent i same periode. Per januar 2014 er talet for Helse Vest redusert til 5,3 prosent. Dette er ei god trend. Men vi har framleis ein veg å gå.
I Helse Vest ønskjer vi no å tenkje litt nytt kring dette med sjukefråvær. Vi ønskjer å gjere ei evidensbasert studie der vi får testa hypotesen om at gradert sjukmelding er meir effektivt. Vi er no i planlegginga av å få til eit samarbeid med eit forskarteam, der vi ønskjer å teste ut på om auka bruk av gradert sjukmelding kan redusere sjukefråværet i Helse Vest ytterligare.
PSYKISKE LIDINGAR. Mens dei fleste årsakene til legemeldt sjukefråvær flater ut eller går ned, er det framleis ei årsak som aukar i omfang. Statistikk viser at lettare psykiske lidingar er ein viktig årsak til ein del av sjukefråværet. Ifølgje tal frå Nav har det legemeldte sjukefråværet på grunn av lettare psykiske lidingar auka med 145 prosent frå 2000 til 2011.
Lettare psykiske lidingar er så mangt. Som kollegaer og verksemder kan vi gi støtte til å meistre livssituasjonar som er vanskelege. Ofte kan trygt og føreseieleg kollegaskap utgjere forskjellen til å meistre sjølv dei vanskelegaste krisane ein kan oppleve. Det er ikkje reint ofte ein finn at det nettopp var gode kollegaer som gjorde at ein kom seg gjennom krisa, sjølvsagt også med støtte frå sine næraste. Vi trur at bruk av gradert sjukmelding vil gi betre prognose enn full sjukmelding.
GODE METODAR. For å teste dette, ønskjer vi å utvikle ei verksemdtilpassa arbeidsmetode som blir testa i ein pilot i anslagsvis seks månader. Deretter ønskjer vi å teste ut modellen i eit randomisert kontrollert forsøk i anslagsvis tolv månader. Er dette vellykka, ser vi føre oss at vi endrar fokus i tråd med det som i kunnskapsgrunnlaget viser seg å gi verknad i heile føretaksgruppa.
Målet er å finne gode metodar for å redusere sjukefråværet, og å skape ein betre og meir tilrettelagt arbeidskvardag for dei medarbeidarane som treng det i ein kortare eller lengre periode.
HALDNINGAR. Eg er opptatt av at vi tar dette temaet på alvor og at vi skaper ein dialog oss kollegaer imellom om kva haldningar vi har til å meistre, støtte og motivere om vi opplever ein vanskelege periode, som eksempel samlivsbrot, og korleis vi ønskjer å ha det.
Er sjukemelding eit rett tiltak når krisa ved samlivsbrot er på sitt vanskelegaste, eller er svaret at det er nettopp då ein god arbeidsplass kan bidra til å meistre situasjonen?
Kan det vere betre å få bytta nokre vakter, nytta nokre dagar permisjon når praktiske ting skal løysast? Kva er rett innsats?
VERDIGHET. I denne samanhengen er det også viktig å skape verdighet rundt det fråværet som i utgangspunktet ikkje er sjukdom, i dei tilfella kor det verkeleg finns betre og meir fleksible løysningar.
Ei løysing er bruk av dei etablerte, gode permisjonsordningane vi har. Leiarskap og medarbeidarskap er viktige element her, vi har alle eit ansvar for å bidra. Det er ikkje verdig å skape behov for sjukemelding heller, om vi ikkje er 100 prosent. Vi kan ta vare på kollegaer som møter kriser i livet på ein god måte med å vere imøtekomne og fleksible.
Kanskje kan god støtte på jobben i enkelte tilfelle erstatte ei sjukmelding? Kva trur du? Korleis kan du og eg vere med å snu trenden?
Kronikk og debatt, Dagens Medisin 06/2014

Powered by Labrador CMS