Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Abonnere
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Vi treng eit løft for primærhelsetenesteforsking

Skal vi bryte spiralen av nye krav og aukande kostnader til tenestene, må ny kunnskap til. Det er grunn til å forvente fleire positive ringverknader av å auke forskingsinnsatsen retta mot kommunale helse- og omsorgstenester.

Publisert: 2021-04-20 — 05.21

Frode Hovland Søreide

Kronikk: Frode Hovland Søreide, rådgivar i Noregs forskingsråd
Ole Johan Borge, avdelingsdirektør i Noregs forskingsråd

90 PROSENT AV dei som vert sjuke eller hjelpetrengande i Noreg, blir behandla i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Forsking og innovasjon er avgjerande for å utviklie effektive tenester. Ein ny rapport viser at forsking retta mot primærhelsetenestene er i sterk vekst, men vi meiner volumet framleis er alt for lite.

Ole Johan Borge

Ein ny rapport frå NIFU og Agenda Kaupang, utført på oppdrag av Forskingsrådet, har kartlagt utviklinga i helseforsking og innovasjonsarbeid (FoUI) retta mot kommunal sektor. Rapporten viser at det no blir publisert gjennomsnittleg om lag 750 vitskaplege artiklar kvart år. Det er ein vekst på over 60 prosent over det siste tiåret, og forsking retta mot kommunale helse- og omsorgstenester, tel no nesten ti prosent av all helseforsking i Noreg. Universitets- og høgskolesektoren står for den største delen av forskinga, etterfølgt av helseføretaka og instituttsektoren.

At kommunane sjølv står bak ein relativ liten del, er ikkje overraskande, ettersom dei færraste har nok ressursar til forsking og utviklingsarbeid (FoU). Sist i statistikken kjem næringslivet, noko som kanskje tyder på at helsenæringa foreløpig ikkje ser verdien av forsking i primærhelsetenestene.

Sjølv om publikasjonsvolumet er aukande, er innsatsen framleis for liten for å møte dei utfordringane kommunane står overfor

FRAMLEIS FOR LITE. Sjølv om publikasjonsvolumet er aukande, er innsatsen framleis for liten til å møte dei utfordringane kommunane står overfor. Riktig nok er det stor variasjon mellom kommunar med tanke på kor langt dei er komne. Ein del av dei større kommunane ser ut til å ha større kapasitet til å setje i gang og følgje opp FoUI-samarbeid.

Bergen kommune leiar til eksempel arbeidet med Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest, som samordnar ni kommunar og sju forskingsinstitusjonar med målsetting om å styrke forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling i tenestene.

Medan mange kommunar har formaliserte samarbeid med FoUI-institusjonar, har dei færraste eigne budsjett til dette. Eit fleirtal av kommunane seier at dei gjerne er dei som set i gang forskingsprosjekta. Likevel er det mange som oppfattar kommunane si rolle først og fremst som eit forskingsobjekt, og etterlyser meir praksisnær forsking som lettare kan takast i bruk.

FORSKING TIL NYTTE. Sjølv om stadig fleire kommunar deltek i forskingsprosjekt, tyder rapporten på at for mykje av forskinga går føre seg med armlengds avstand. Dette kan resultere i mindre relevant forsking for kommunar og pasientar, og vi får dermed ikkje dei forbetringane vi treng.

For at forskinga skal komme befolkninga til gode, er det viktig at brukarar av den nye kunnskapen er med på definere problemstillinga. Sjølv om kommunane har ansvaret for å leggje til rette for forsking i eigne tenester, er det ingen krav til eigenutført forsking, eller til at kommunane skal bidra med finansiell støtte til dette. Skal forskinga som er retta mot kommunale helse- og omsorgstenester løftast vidare, må kommunane sjølv ta eit større ansvar i å setje i gang, definere og delta i forskingsprosjekt.

EFFEKTIVITET. Forsking og innovasjon er eitt av fem hovudmål i HelseOmsorg21-strategien, og målet skal bidra til å gjere tenestene betre og meir effektive. Det har over lang tid vore gjort for lite forsking retta mot dei kommunale helse- og omsorgstenestene og deira integrasjon med spesialisthelsetenestene. Difor har Forskingsrådet gjennom dei seinare åra løfta denne forskinga fram i dei breitt anlagde verkemidla for helseforsking, slik som BEDREHELSE og HELSEVEL. Samstundes er det oppretta verkemiddel som rettar seg direkte mot forsking for, med og i offentleg sektor og dei kommunale tenestene, slik som Offentlig sektor ph.d. (OFFPHD) og FORKOMMUNE.

NY KUNNSKAP! Skal vi bryte spiralen av nye krav og aukande kostnader til tenestene, må det ny kunnskap til. Det er grunn til å forvente fleire positive ringverknader av å auke forskingsinnsatsen retta mot kommunale helse- og omsorgstenester. For behandling, og ikkje minst for førebygging og eigenkontroll av helse. I tillegg til å kunne føre til betre og meir effektive tenester, kan styrka forskingskompetanse bidra til at kommunane vert betre til å fange opp relevante forskingsresultat og det kan bidra til at tiltak blir både sett i gang og spreidde vidare.

Ei slik utvikling kan òg være positivt for å auke interessa for primærhelsetenesteforsking i næringslivet. Til sist kan det gjere primærhelsetenestene meir attraktive for både nyutdanna og erfarent helsepersonell som ønskjer seg forskingserfaring. I dag tapar kommunale helsetenester denne konkurransen i møte med helseføretaka. Samla kan dette gi kommunale helse- og omsorgstenester eit verkeleg løft.

Ingen oppgitte interessekonflikter


Dagens Medisin, fra Kronikk og debattseksjonen i 07-utgaven

Nyhetsbrev
Følg med på siste nytt fra Dagens Medisin ved å abonnere på vårt gratis nyhetsbrev og følge oss i sosiale medier.
Del:

Kommentarer

Nyheter fra startsiden

EFTA-DOMSTOLENS RÅDGIVENDE UTTALELSER

– Vil ha betydning for godkjenningspraksis

Kreftkonferansen

DM Arena The Way Out Of The Pandemic

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!