Alternativ behandling: Lite truverdig om meirverdiavgift

Ein kan fort undra seg over om forslaga til vedtak er rein symbolpolitikk – for å svekka ei næring.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.

John Petter Lindeland

Innlegg: John Petter Lindeland, styreleiar for Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH)

FRÅ ULIKT politisk hald – og tydelegast framført av Høgre og Arbeiderpartiet – er det fire sentrale tema som i hovudsak utgjer argumentgrunnlaget når det gjeld forslag om meirverdiavgift på alternativ behandling.

Les også: Helsepolitikk og pressesensur?

DOKUMENTASJONEN? Ettersom det frå same haldet blir etterspurt kunnskapsbasert dokumentasjon i høve argumentasjon og påstandar, er det ikkje meir enn rimeleg å undersøkja om dei sjølve innfrir dette kravet.

Å definera alternativ behandling som utelukkande velværebehandling, er eit billig forsøk på å gjera brukarane si oppleving og erfaring om til rein juridisk semantikk

Om ikkje det er tilfelle, kan ein fort undra seg over om forslaga til vedtak er rein symbolpolitikk for å svekka ei næring. Det spesielle i denne saka er at det handlar om helse – noko ein i dei fleste tilfelle ikkje kan velja bort – og at tilgang til slike tenester ikkje skal vera styrt av lommeboka til den enkelte.

TRYGGLEIKEN? Dette er det første argumentet: «Ein ynskjer å beskytta pasientar/brukarar mot alternativ medisinske terapeutar som kan utgjera ein fare for den enkelte pasient ved at vedkomande vel bort offisiell behandling – eller risikera andre former for biverknadar. Å leggja på meirverdiavgift for slike tenester, er ein del av strategien som ein meiner vil ha effekt i høve slike tilstandar».

Merknad: Forsking frå blant anna Nasjonalt forskingssenter innen komplementær og alternativ medisin (Nafkam) viser at organiserte terapeutar sjeldan bryt gjeldande lovverk og forskrifter. Dei som får merksemd i media og som gjer at helsepolitiske talspersonar kjem på banen og krev strengare regulering, er i all hovudsak uorganiserte aktørar med låg terapeutkompetanse. Omfanget av slik verksemd er heller ikkje dokumentert.

Les også: Hva er alternativ behandling?

RESSURSANE? «Helsevesenet må prioritera sine ressursar strengare framover, og satsa på behandling som har dokumentert effekt».

Merknad: Bortimot 100 prosent av terapeutane som tilbyr naturmedisin/alternativ behandling, er sjølvstendig næringsdrivande. Staten yter inga tilskot til slik næringsverksemd og er derfor ingen utgiftspost i budsjettet. Det same gjeld utdanning, som i hovudsak er sjølvfinansiert. I staden for vage og lite konkrete argument om prioritering som alle kan vera samde i, burde ein heller innsjå at naturmedisin og alternativ behandling avlastar det sterkt pressa offentlege helsevesenet. Omfordeling av forventa inntekt frå meirverdiavgifta inn til andre helsesektorar, er i denne samanhengen svært usikre – jamfør NNH sitt høyringssvar.

«Å bruka forsking/dokumentasjon som avgrensingskriterium, blir urimeleg i denne samanhengen, sidan mange autoriserte helsefaggrupper kviler på svak evidens/dokumentasjon når det gjeld effekt».

LEGITIMERING? «Eit avgiftsunntak gjev inntrykk av at staten legitimerer slik behandling, og gjev eit skin av ein slags godkjenning og aksept - eller ei likebehandling i høve offentleg medisinsk helsehjelp».

Merknad: Intensjonen om avgiftsunntak for slike tenester har aldri vore å gje inntrykk av statleg godkjenning, men er tufta på konkurransenøytralitet i høve meirverdiavgiftsregelverket og som insitament til å skapa ordna forhold og pasienttryggleik innan ein bransje med relativ låg offentleg regulering.  Alternativ til ikkje å gje visse fordelar knyta til det offentlege Registeret for utøvarar av alternativ behandling, vil vera risikabelt i høve utvikling av robuste og profesjonelle organisasjonar som kan vera gode samarbeidspartnarar til forvaltninga i arbeidet med å styrkja pasienttryggleiken – under føresetnad av at det blir eit strengare regelverk i forskriftene når det gjeld godkjenning for registreringsrett av fagorganisasjonar.

VELVÆRETENESTER? «Alternativ behandling kan gje mange positive opplevingar, men må vurderast som velværetenester – som per dato er underlagt vanleg meirverdiavgift».

Merknad: Å definera generelt alternativ behandling som utelukkande velværebehandling, er eit billig forsøk på å gjera brukarane si oppleving og erfaring om til rein juridisk semantikk knyta til Helsepersonellova/pasientskadelova– og gje det ein status som legitimerer meirverdiavgift. Eit slikt einsidig perspektiv samsvarer ikkje med plagene dei fleste søker hjelp for, og heller ikkje med det som er definisjonen i § 2 i Lov om alternativ behandling: Med alternativ behandling menes helserelatert behandling som utøves utenfor helse- og omsorgstjenesten, og som ikkje utøves av autorisert helsepersonell.

Dette utelukkar sjølvsagt ikkje ei kritisk gjennomgang av organisasjonar/terapeutar som per dato har registreringsrett i Utøvarregisteret i høve dette temaet.

Ingen øvrige oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS