IKKE FOR ALLE: – Dessverre møter vi ein del pasientar som ikkje har BankID – og dermed kan vi ikkje tilby dei digital behandling i psykisk helsevern, skriver artikkelforfatterne.

Alle må få tilgang til digital helsehjelp

Det er eit uhaldbart paradoks at dei som treng hjelpa mest, er dei som får minst tilgang til digital helsehjelp. Det hastar med å få på plass ei offentleg teneste som sikrar at alle får tilgang til elektronisk identifikasjon (eID).

Publisert
Beate Standal
Smiti Kahlon

Elektronisk identifikasjon må vere eit offentleg ansvar – for å sikre digital e-helsetilgang for alle

NÅR DET ER private aktørar som utleverer elektronisk identifikasjon (eID), kan i praksis tilfeldige banktilsette bestemme kor vidt pasientar skal få tilgang til digital behandling. Elektronisk identifikasjon må vere eit offentleg ansvar for å sikre at alle får tilgang til digitale helsetenester.

Vi arbeider ved eit forskingssenter som vil auke bruk av digitale psykiske helsetenester. Vi vil mellom anna at folk i alle aldersgrupper skal kunne få behandling for angst og depresjon via internett.

UTESTENGD. For å få tilgang til digitale psykiske helsetenester, må ein identifisere seg med sikker eID, kor BankID er ein av få som er sikker nok. Men dessverre møter vi på ein del pasientar som ikkje har BankID – og dermed kan vi ikkje tilby dei digital behandling.

Når det ikkje fins ein sikker nok offentlig eID, fører det til at fleire blir ekskluderte frå dei digitale helsetenestene

Bankane avgjer sjølve om ein kunde skal få BankID eller ikkje. Naturlig nok har ulike bankar ulik praksis når det gjeld kven som kan få BankID, og dei står i sin fulle rett til å nekte kunder BankID. Sårbare grupper som typisk ikkje får BankID, er ungdommar, fosterbarn, eldre og flyktningar. Mange av desse har eit større behov for helsetenester enn andre. Samstundes har dei vanskar med å opprette kundeforhold i ein bank. Dei er dermed utestengt frå å få BankID.

Når det då ikkje fins ein sikker nok offentlig eID, fører det til at fleire blir ekskluderte frå dei digitale helsetenestene.

DIGITALT HULL. Ungdommar er spesielt utestengde. Berre 20.0000 av 257 000 ungdom i alderen tolv–femten år har BankID. I mange tilfelle gir ikkje bankar ut BankID til dei under femten år. Det er også ulik praksis når det kjem til krav om oppmøte, dokumentasjon og samtykke frå føresette. Det kjem i tillegg til at ungdom hamnar i eit stort svart digitalt hull den dagen dei fyller tolv år. Då blir føresette nekta digitalt innsyn i ungdommens journal. Og når ungdommen sjølv heller ikkje har BankID, vil korkje ungdommen eller føresette ha innsyn i journal, få tilgang til prøvesvar eller resepter. Digital behandling blir også umogleg for ungdommar utan ein eID.

Det er eit uhaldbart paradoks at dei som treng hjelpa mest, er dei som får minst tilgang til digital helsehjelp. Det hastar med å få på plass ei offentleg teneste som sikrar at alle får tilgang til eID.


Ingen oppgitte interessekonflikter


Dagens Medisin, fra Kronikk- og debattseksjonen i 09-utgaven.

Powered by Labrador CMS