Mange av oss har forsøkt å snakke opp helsefagarbeidarane i mange år, men me ser framleis at dei vert undervurdert som fagfolk, skriv artikkelforfattarane. (bildet er en illustrasjon).

Me kan ikkje behandle helsefagarbeidarane våre som eit B-lag

No må me løfte faget og fagfolka. Ny standard kan vere eit bidrag til å setje faget i fokus

Publisert

GODE HELSETENESTER er lagarbeid. I sentrum av dette laget står helsefagarbeidarane. Utan desse fagfolka fell tenestene våre saman. Likevel vart dei ofte forbigått, både i det offentlege ordskiftet og i prioriteringar som vart gjort lokalt på arbeidsplassen.

Alle som har eit fag har kjent på behovet for å halde seg fagleg oppdatert. Tilsette i helsetenesta kjenner dette særleg sterkt. Faget utviklar seg i høg fart, og det kjem ny teknologi, nye behandlingar og nye medikament. Etter kvart som folk lev lenger vart òg ein del av pasientane sjukare og treng meir spesialisert oppfølging.

SKAL ME NÅ HOVEDMÅLET med vår felles helse- og omsorgsteneste, at alle får god og naudsynt pleie og omsorg, må me gjere noko med korleis me snakkar om fagfolka våre, og korleis me prioriterer faget deira. Me kan ikkje behandle helsefagarbeidarane våre som eit B-lag. No må me løfte faget og fagfolka.

Me har hatt gleda av å vere med på å utvikle eit verktøy som kan bidra til dette. Saman med Standard Norge har me utvikla Norsk Standard, NS 6511, for krav til fagleg oppdatering av helsefagarbeidarar. Dette er eit praktisk verktøy for helsefagarbeidarar og deira leiarar, og går gjennom kva kunnskap helsefagarbeidarane bør halde seg oppdatert på og korleis ein kan gjere dette.

VÅRT HÅP er at standarden kan vere eit bidrag til å setje faget i fokus. Mange av oss har forsøkt å snakke opp helsefagarbeidarane i mange år, men me ser framleis at dei vart undervurdert som fagfolk. At dei som får kurs og kompetanseheving ofte er dei med universitet- og høgskuleutdanning.

DET GLER OSS at Helsepersonellkommisjonen peiker på mykje av det same, og løftar fram fagarbeidaren og behovet for betre oppgåvedeling i helsetenesta. Det er òg positive teikn ute i tenestene for at ein har fått augne meir opp for kor viktige desse fagfolka faktisk er. Standarden er eit bidrag inn i dette arbeidet, og me gler oss veldig til å sjå kva ein får til no når ein tek den i bruk.

Ina Cecilie Lindhom, Flekkefjord kommune
Berit Elisabeth Nygård, Østre Toten kommune
Tone Krüger, Utviklingssenteret i Nordland
Jette Dyrnes, Helsefagarbeiderforbundet
Fagforbundet, yrkesseksjon helse og sosial
Olga Espegren, Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester Agder Vest
Hege Engesvik Roda, Sandnes kommune

Powered by Labrador CMS