Har psykiatrien blitt faglig fattig?
Dersom psykiatere ikkje har andre tilbod enn nevroleptika i møte med mennesker i livskrise, kva seier det om faget?
Mange roper på fleire senger i psykiatrien. Eg er usikker. Då må det ei radikal omlegging til inne i postane, der frisk luft, aktivitet og meining for pasienten er vektlagt. Kanskje burde Norge innføre «Åpen dialog» i alle helseregioner slik ein har gjort i Nord-Finland. Der er medikamentbruk og akuttinnleggelser sterkt redusert. Der bruker ein ofte Benzodiazepiner i akutt fase, for søvn og for å roe pasienten om det er behov.
Der jobber pasient, pårørende, kommune og spesialisthelsetenesta som likeverdige parter i akutt fase og fram til pasienten står stødig i livet.
Vi kan ikkje fortsette det biomedisinske sporet
Innafor psykose/bipolarspekteret har det blitt skremmende mange diagnoser. Dette medfører ofte livslang medisinering på Nevroleptika. Rett nok eit kortare liv då bivirkningene er mange.
Diagnosene er basert på ein tanke om at det er feil i pasienten, ikkje på kva pasienten har erfart. Dei er og basert på forskning som holder ei pasientgruppe fast i det medisinske sporet.
For meg er dette utan meining. Det er som om eg fekk ein infeksjon, skulle eg derfor få antibiotika i 2-5 år for å unngå nye infeksjoner? Vi gjer ikkje dette? Etter 2-5 år på Nevroleptika (som er anbefalinga) har vi gjerne blitt kognitivt svekka, og livsspiren vår er borte. Mange er sterkt overvektige med følgesjukdommer. Det å trappe ned/slutte på Nevroleptika er for mange uråd, og innebér og helsefare i seg sjølv.
Vi bør sjå til Jaakko Seikkula (Åpen dialog) i Finland og snarast gi pasienten Benzodiazepiner i akutt fase om vi ikkje klarer å gi ro og søvn i trygge rammer og relasjoner.
Tvang skal vere siste utveg
Personleg har eg møtt den medisinske modellen frå psykiaterane i dei lukka postane. Medisin er tema frå første samtale, noko eg har takka nei til sidan 1988. Tvangsmedisinering og isolat blir då tiltaket.
Tvangsbehandling skal vere siste tiltak mot ein pasient innlagt på tvang, slik lovverket fungerer i dag. Dersom psykiatere ikkje har andre tilbod enn nevroleptika i møte med mennesker i livskrise, har psykiatrien blitt faglig fattig?
Kva tyder ein psykososial modell i praksis? Kan det innebere reelt tverrfaglig samarbeid i dei lukka postane, der pasienten blir inkludert? Kulturen i dag er ofte at psykiateren har enevelde og at behandlinga er basert på den medisinske modellen.
Den medisinske modellen har gode kår i Norge. Då ser ein heller ikkje etter andre forklaringer hos pasienten: Kva er traumer, og kva er tilknytnings- eller relasjonelle vanskar? Kva er identitetskrise? Nevroleptika hjelper lite ved livskriser. På medikament blir ein zombie. Da er det vanskeleg å jobbe med årsak. Kor er det psykososiale perspektivet på dei lukka postane? Kva er ein human psykiatri?
Kven er Noreg, skal me fortsette å bryte menneskerettane til den mest sårbare pasientgruppa slik vi har gjort over fleire tiår, eller er det tid for å tenke nytt?
Inger-Mari Eidsvik har fått medhald i Borgarting Lagmannsrett i at staten har brote menneskerettane hennar ved at tvangsmedisinering ho blei utsatt for var ulovleg. Det er ikkje oppgive interessekonfliktar.