Barselomsorg må styrkast – skal lovnadane verte meir enn ord
Vi delar engasjementet for betre oppfylging av perinatal mental helse. Og er gjerne med på å ta grep.
Noreg har ein av verdas tryggaste svangerskaps- og fødselsomsorgar. Det skal vi vere stolte av. Brukerundersøkinga til Helsedirektoratet frå 2024–2025 viser svært gode resultat for svangerskapskontroll hos jordmor – faktisk den høgaste skåren i heile forløpet. Samstundes ser vi at informasjon til kvinner på barselavdeling og ved helsestasjon skårar lågare enn andre område. Det tyder på at «det fjerde trimesteret» – tida etter fødsel – framleis heng etter.
Liggetida på sjukehus har gått ned over mange år. Nye tal frå Medisinsk fødselsregister viser at landssnittet no ligg rundt 2,7 døgn, og ved store fødeavdelingar kan det vere endå kortare. Dette stiller store krav til vidare oppfylging heime. Når mor og barn kjem raskt heim, må kommunen og helsestasjonen vere tett på.
Perinatal mental helse – den psykiske helsa i barsel – kan ikkje lenger vere ein parentes. Helsetilsynet har nyleg minna oss om alvorlegheita: fødselsdepresjon er forbundet med auka sjølvmordsfare, og mellom 4.000 og 8.000 kvinner i Noreg utviklar fødselsdepresjon kvart år. Tidleg oppdaging og målretta hjelp er avgjerande. Dette handlar om liv og helse for både mor og barn.
Statsbudsjettet
Avtalen mellom dei fem partia reddar ikkje det øyremerka tilskotet til helsestasjonane. Det vert lagt føringar om at omlegginga ikkje skal føre til reduksjon i årsverk og kapasitet, men til styrking. Denne presiseringa er svært viktig. Og føreset oppfylging.
Vi foreslår fire konkrete grep:
- Heimebesøk til alle, innan 1–3 dagar etter utreise – finansiert og normert nasjonalt. Høringsutkastet til retningslinje må følgjast opp med tal på jordmorårsverk i kommunane og styrka samhandling med sjukehus.
- Styrka jordmortetthet på barselavdelingane og helsestasjonane, slik at informasjon og støtte til mor (inkludert psykisk helse og amming) faktisk blir gitt – ikkje berre lova. Brukerundersøkinga viser at nettopp denne informasjonen skårar lågast.
- Systematisk satsing på perinatal mental helse – screening, kompetanseheving og lågterskeltilbod, i tett samarbeid med fastlege, helsestasjon og spesialisthelsetenesta. Det vil redde liv og redusere seinare kostnader. For både mor og partnar.
- Henvisningsrett frå jordmor til spesialisthelsetenesta – når det treng hjelp til psykisk helse utover kapasiteten til kommunen, utan at kvinna må innom eit ekstra ledd.
Kvifor hastar det?
Norsk svangerskaps- og fødselsomsorg er ekstremt god. Men barselomsorga har ein veg å gå. Det handlar ikkje om å peike finger; det handlar om ansvar og prioritering. Og her må vi bygge på det som verkar: flokken rundt barnet. Den beste beskyttelsen eit barn får, er ein familie og eit nettverk som vert haldne oppe og tatt på alvor. Landsforeningen 1001 dager har løfta fram kor kritisk dei første 1001 dagane er – for barnets hjernedanning og for foreldra si psykiske helse. Vi må investere tidleg, og jordmor må få rammer til å gjere jobben sin.
Brukerundersøkinga til Helsedirektoratet stadfestar at kvinner er godt nøgde med helsestasjonen alt i alt (88 prosent svarer i «svært stor» eller «stor grad»). Men indikatoren «informasjon om kvinna ved helsestasjonen» skårar berre 62 på ein 0–100-skala og har størst variasjon mellom kommunar. Kvinnene etterlyser betre samtalar om psykisk helse, eigne kropplege plager og amming. Det er eit tydeleg signal om at vi må styrke barselkompetansen – og kapasiteten – i kommunane.
Jordmor er nøkkelpersonen i barseltida. Jordmor har unik kompetanse som omfattar både den nyfødde, mora og familien som heilskap. Heimebesøk tidleg etter heimkomst er ikkje «kjekt å ha»; det er tryggleiksskapande og førebyggande omsorg. Helsedirektoratet sitt høringsutkast til ny nasjonal fagleg retningslinje gjer det eksplisitt: Barselkvinna og det nyfødde barnet bør tilbydast heimebesøk av jordmor 1–3 dagar etter utreise. Det er ei norm som må realiserast for alle – ikkje berre dei mest ressurssterke eller dei som bur der tenesta har høg bemanning.
Samtidig må vi erkjenne at låg liggetid og pressa avdelingar har konsekvensar. Familia får mindre tid til trygg etablering av amming og til å få svar på kritiske spørsmål før heimreise. Når kommunane ikkje rekk å bygge opp jordmortenesta i same takt, blir det eit gap som i verste fall kan få alvorlege konsekvensar.
Jordmor er samfunnets mest kostnadseffektive investering i trygg barsel. Når vi gjev jordmor reelle rammer, gjev vi barnet, familien – flokken – den beste starten.
Ingen oppgitte interessekonflikter