PERSONELLFLUKT? – I dag manglar vi grunnleggande tal om volum, utvikling og innhald i privatfinansierte tenester, og veit difor ikkje nok om det verkeleg er en flukt av helsepersonell fra offentlege til private verksemder, skriv artikkelforfattarane.

Flyktar helsepersonell til dei private helsetenestene?

Det er ikkje godt å seie om det er vekst i, og flukt av, helsepersonell til private helsetenester. Vi oppmodar til å arbeide for eit meir fullstendig og detaljert register over både helsepersonell og privat helseteneste.

Publisert
Kristin Hestmann Vinjerui
Rannei Hosar
Ellen Rabben Svedahl

Kronikk: Kristin Hestmann Vinjerui, lege og postdoktor ved Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie (ISM), NTNU
Rannei Hosar, lege og stipendiat ved ISM, NTNU
Ellen Rabben Svedahl, lege og forskar ved ISM, NTNU

I NOREG ER privatfinansiert helsesektor, med både innhald, mogleg vekst og konsekvensar for helsepersonellmangel, mykje diskutert. Nyleg vedtok landsmøtet til Arbeidarpartiet ei godkjenningsordning for private aktørar, for å motverke mangel på personell i det offentlege, og dei borgarlege partia kom med felles kritikk til fjerning av fritt behandlingsval, der dei meiner tilboda frå private har vore unikt ulikt det offentlege.

Dei politiske diskusjonane ber preg av ideologi. Vi ønsker oss ein meir kunnskapsbasert debatt, men sanninga er at vi i dag manglar grunnleggande informasjon om volum, utvikling og innhald i privatfinansierte tenester.

KUNNSKAPSGRUNNLAGET. Vi forskar på nasjonale registerdata over helsetenestene i Noreg, og ønsker her å sette søkelys på kva for informasjon som finst og kva som skal til for å betre kunnskapsgrunnlaget.

Fastlegeregisteret gir god oversikt over fastlegane i Noreg. Men når det gjeld anna helsepersonell, finst det ikkje gode nasjonale register over kor, kor mykje og kva helsepersonell jobbar med. Dette er òg eit problem for Helsepersonellkommisjonen sin nye rapport.
Helsepersonellregisteret gir oversikt over autorisert personell, og i offentlege helsetenester har vi oversikt over talet på å sysselsette i ulike yrkesgrupper, men det er ukjent kor mykje klinisk arbeid dei faktisk gjer.

Dermed må vi anslå behovet for helsepersonell, basert på gode nasjonale register over aktiviteten i offentleg helseteneste.

MANGLANDE OVERSIKT. Privatfinansiert helseteneste registrerer ikkje helsepersonellbruk og heller ikkje aktivitet. Informasjon om omfanget og kor unikt ulike private tenester eventuelt er, effekten dei har på pasientar, samfunnet og dei offentlege tenestene, er dermed ikkje mogleg å undersøke.

Vi har tidlegare drøfta problem med manglande informasjon om aktivitet i privatfinansiert helsesektor, som manglande oversikt over folkehelsa, total og forsvarleg helsetenestebruk, og det medfører altså òg mangelfull oversikt over både behov for og bruk av helsepersonell.

TILLITSBASERT REGISTRERING. På leiting etter tal om private helsetenester er Norsk pasientskadeerstatning (NPE) det næraste vi har kome. Dei har tal på helsepersonell i privat helseteneste, i kraft av at NPE behandlar erstatningskrav. Private tenesteytarar må her registrere årsverk for tilknytt helsepersonell i ulike kategoriar. Registreringa er tillitsbasert, og kontrollerast ikkje, så det er ukjend kor fullstendige tala er.

Frå 2009 til 2022 auka talet på registrerte private verksemder frå nær 5000 til over 8500, cirka 80 prosent. Årsverk for helsepersonell auka totalt frå rundt 14.000 til 19.000, altså over 30 prosent. Sjukepleiarar og legar blir ofte blir trekt fram i utsegner om mangel på helsepersonell og flukt til det private. Frå 2009 til 2022 vart talet på årsverk for sjukepleiarar dobla frå 472 til 900. I offentleg helseteneste var det til samanlikning cirka 68.300 årsverk i 2009 og cirka 65.500 årsverk for sjukepleiarar i 2022.

Innmeldte private legeårsverk auka frå 324 til 544, nær 70 prosent, der veksten var sterkast frå 2018. I same periode var det rundt 22 tusen legeårsverk i det offentlege.

Tala er ikkje detaljerte nok til at politikarane kan ta gode, kunnskapsbaserte avgjersler om organisering av helsetenestene i Noreg vidare

USIKKERT OM FASTLEGAR. I NPE er legar inndelt i kirurgar, augespesialistar, øvrige legar og øvrige legespesialistar. Sistnemnte grupper utgjorde størstedelen og har auka mest det siste tiåret. Dette omfattar allmennlegar og eit vidt spenn av spesialistar.

Vi kan derfor ikkje, frå NPE sitt register, seie noko meir detaljert om endringar i talet på allmennlegar i privat helseteneste jamført i kommunane som fastlegar.

Dette kunne elles ha vore opplysande i debatten om legemangelen i fastlegeordninga, og andre spesialistar i helseføretaka.

BETRE REGISTRERING, TAKK! Er det så ein vekst i og flukt av helsepersonell til private helsetenester? Det er ikkje godt å seie. Frå NPE sine tal er det tydeleg auke i talet på private verksemder og tilknytt helsepersonell. Årsverk sjukepleiarar og legar framstår låge, jamført det offentlege, men en slik konklusjon er usikker då det er ukjend kor fullstendige tala frå NPE er.

Tala er heller ikkje detaljerte nok til at politikarane kan ta gode, kunnskapsbaserte avgjersler om organisering av helsetenestene i Noreg vidare.

Vi oppmodar til å arbeide for eit meir fullstendig og detaljert register over både helsepersonell og privat helseteneste. Dette bør ligge til grunn for forvalting av helsepersonell på tvers av sektorar – og for diskusjonane om balansen mellom offentleg og privatfinansiert helseteneste.


Tilleggsinformasjon:
Forfatterne oppgir ingen interessekonflikter, men takker Norsk Pasientskadeerstatning for tall og forklaringer.

Powered by Labrador CMS