Helfo er ikkje ute etter å ta legar i kontroll, men ønskjer å bidra til at det blir enkelt å bruke refusjonsordninga rett, skriv Karen Longva Buset.

Rettleiing først, kontroll når det er nødvendig

Takk for innblikket i korleis legar kan oppleve møtet med Helfo. Vi ønskjer at alle legar skal oppleve psykologisk tryggleik i arbeidet sitt og ha tillit til Helfo.

Publisert Sist oppdatert

Innlegget er eit tilsvar til debattinnlegget «Vi trenger psykologisk trygghet i møte med Helfo kontroll.»

Etterkontrollane til Helfo får ofte mykje merksemd i media. Openheit om kontrollane er viktig, men vi ser at dette kan føre til at legar kjenner seg utrygge i møte med Helfo. Kontroll er nødvendig i eit system som byggjer på tillit, men Helfo ønskjer først og fremst å gi støtte og rettleiing, slik at legane bruker refusjonsordninga rett frå starten av. 

Vi har mange måtar å gi støtte og rettleiing på. Rettleiingstenesta til Helfo er open alle kvardagar frå kl. 09.00 til 15.00. Her kan de stille spørsmål om regelverk og takstbruk på telefon eller e-post. Vi rettleier òg på helfo.no, sender ut nyheitsbrev og held kurs. Vi ønskjer at legane skal ha god nytte av desse tilboda, og derfor måler vi kvaliteten gjennom brukarundersøkingar. Slik følgjer vi med og kan justere tilboda etter behov, der vi har moglegheit til det. 

Legar møter Helfo på fleire måtar gjennom yrkeslivet.

Vi takkar for innspelet om fleire konkrete døme på korrekt takstbruk. Vi forstår behovet og vil vurdere korleis vi kan få til dette på ein god måte. I denne samanhengen vil vi òg nemne at Helsedirektoratet og Legeforeininga samarbeider om å finne løysingar som kan gi legane auka tryggleik og betre forståing for korleis kontrollsystemet til Helfo fungerer. Som ein del av dette arbeidet skal dei mellom anna sjå på dokumentasjonskrava. 

Risikobaserte kontroller

Vidare fortel du at legar har vorte engstelege for å bli tekne ut til kontroll utan varsel på førehand. I den samanhengen ønskjer vi å seie litt om korleis vi rettleier, og kva saker som faktisk er aktuelle for kontroll. 

Dei fleste kontrollane til Helfo er i dag risikobaserte. Det betyr at vi ikkje vel behandlarar tilfeldig, men rettar kontrollinnsatsen mot område der analysar eller andre opplysningar tyder på at det kan vere vesentlege feil. Tips frå pasientar, andre helseaktørar og offentlege etatar er òg ei viktig kjelde til informasjon. 

Samtidig ønskjer Helfo å bidra til at feil blir oppdaga og retta tidleg. Derfor vil vi i større grad søkje å rettleie fastlegane på eit tidleg tidspunkt, til dømes ved å gi dei betre oversikt over eigen takstbruk. Noko av føremålet er å gjere behandlarar merksame på forhold som kan tyde på misforståingar eller uheldig praksis før feila utviklar seg over tid.

Legar møter Helfo på fleire måtar gjennom yrkeslivet. Når ein lege inngår oppgjersavtale med Helfo, får vedkomande tilsendt ei innføring i korleis refusjonsordninga skal brukast. Innan kort tid vil Helfo òg lansere eit digitalt opplæringsprogram for alle legar som inngår ny oppgjersavtale. 

Rettleiing er ikkje alltid tilstrekkeleg

Legane får utbetalingsvedtak når dei sender refusjonskrav til Helfo. I vedtaket får dei informasjon om avviste krav og oversikt over takstane dei har brukt. I oversikta kan legane sjå korleis dei bruker takstane samanlikna med andre legar. Her kan dei oppdage om dei bruker ein takst mykje meir eller mykje mindre enn andre. Høg bruk av takstar tyder ikkje nødvendigvis at takstbruken er feil. Det kan òg vere eit uttrykk for at legen har arbeidd mykje eller har ei særskild pasientgruppe. Dette er vi i Helfo klar over. Vi tilrår likevel at legane les gjennom utbetalingsvedtaka sine og vurderer om dei har forstått regelverket rett dersom dei skil seg mykje frå kollegaene sine. I løpet av 2027 vil fastlegane få tilgang til ei digital oversikt over eigen takstbruk i Tenesteportalen for helseaktørar. Der vil dei få fleire moglegheiter til å samanlikne eigen takstbruk med andre. 

Dei siste åra har Helfo i aukande grad sendt rettleiingsbrev til legar som skil seg ut med særleg høg bruk av enkelte takstar. Føremålet med desse breva er å gjere legen merksam på moglege feil. Legen får då høve til å vurdere om takstane blir brukte rett, og justere praksisen ved behov. Vi ser at slike brev har god førebyggjande effekt. Framover vil vi automatisere denne utsendinga slik at vi kan sende slike brev til fleire. Dette gjer vi for å møte legane sitt uttalte behov for tidlegare informasjon og rettleiing til dei som brukar takstane feil. 

Nokre gongar er ikkje rettleiing tilstrekkeleg. Helserefusjonsordninga i Noreg byggjer på tillit. Eit viktig element i å ta vare på denne tilliten er å gjennomføre kontroll når vi har mistanke om økonomisk misbruk. 

Erfaringane og tala våre viser at det store fleirtalet av legar er dyktige og pliktoppfyllande, og at dei difor har liten grunn til å kjenne på utryggleik eller frykt. 

Helfo er ikkje ute etter å ta legar i kontroll, men ønskjer å bidra til at det blir enkelt å bruke refusjonsordninga rett. Ordninga kan best vidareutviklast i samarbeid med dykk som bruker henne, og vi set stor pris på innspel. 

Ingen oppgitte interessekonflikter

 

Powered by Labrador CMS