GENERASJONSFORSKJELL! – Vi må syte for at det er like lett for far min som for meg å få helsehjelp når helsetenestene no vert digitalisert, skriv kronikkforfattaren.

Digitaliseringa – og far min

Digitaliseringa av helsetenestene aukar forskjellen i tilgang og bruk av helsetenester: Dei som treng helsetenester mest, får minst.

Publisert
Beate Standal

Ulikskapen mellom meg og far min gjer at vi får ulik tilgang til helsetenestene når desse no blir digitalisert

FAR MIN ER i liten grad digital, faktisk er han nærast heilt analog. Han har telefon som han ringer med, og han syslar ikkje med data og slikt. Legehjelp oppsøker han ved å ringe eller gå innom legekontoret. Eg har på den andre sida gjerne opna fem appar før frukost. Eg samhandlar digitalt med både den eine og den andre, og treng eg legehjelp, sender eg av garde ei melding via HelseNorge.no.

Ulikskapen mellom meg og far min gjer at vi får ulik tilgang til helsetenestene når desse no blir digitalisert.

DIGITALT UTANFOR. Helsetenestene vert i aukande grad digitalisert. Utviklinga er ønska frå styresmaktene, og oftast grunngjeven med at digitale tenester er naudsynte for å kunne møte det store og aukande behovet for helsetenester framover. Satsinga er stor: Vi har endåtil eit eige Direktorat for e-helse som skal styre det heile.

Digitaliseringa av helsetenestene skjer trass i at far min og 599.999 andre nordmenn er rekna for å vere digitalt utanfor. Dei har ikkje tilgang til dei digitale helsetenestene i det heile. Vi bygger altså opp ei helseteneste som svært mange ikkje kan nyttiggjere seg per no.

ULIKSKAPEN AUKAR. Digitaliseringa aukar ulikskap. Sjølv om ny teknologi overordna gir betre tilgang til helsetenestene, er det samstundes slik at digitale løysingar aukar forskjellar. Dette er fordi nokre av oss er i stand til å dra nytte av digitale løysingar raskare og meir effektivt.

Digitaliseringa må ikkje skape helse-vinnarar og helse-taparar. Vi må halde eit auge med konsekvensane av den auka digitaliseringa

Eldre, dei langtidssjuke og dei med lav utdanning, altså slike som far min, har dårlegare digital helsekompetanse. Det er vanskelegare for dei å søke etter digital helseinformasjon og ta i bruk digitale helsetenester – og dei har generelt dårlegare digitale ferdigheiter. Med andre ord; når fastlegen blir digital, er det enklare for meg som (relativt) ung med universitetsutdanning å få tak i legen enn det er for den (relativt) gamle far min med fleire underliggande sjukdommar. Eg har altså lettare for å få helsehjelp, mens det ironisk nok er far min som har mest bruk for den.

Digitaliseringa må ikkje skape helse-vinnarar og helse-taparar. Vi må halde eit auge med konsekvensane av den auka digitaliseringa. Det tidlegare omtala Direktoratet for e-helse lagar årlege oversikter over bruk, haldningar til og tilfredsheit med digitale helsetenester blant innbyggarane. Dette kan nok til ei viss grad gi ei peikepinn, men samstundes er undersøkingane som oversiktene bygger på, utført digitalt. Dette veit vi gjer at far min og andre som er digitalt utanfor, aldri blir spurt.

No som fastlegen blir digital, er det enklare for meg å få tak i legen enn for far min, som har fleire underliggande sjukdommar og mest bruk for hjelpa

INKLUDER BRUKARANE! For å kunne motvirke at dei digitale helsetenestene aukar ulikskap i tilgang til helsetenestene, må ein først og fremst vere klar over at det faktisk er ulik tilgang og bruk av slike tenester. Dette viser både internasjonal og nasjonal forsking. Dernest må det arbeidast for å sørge for at desse ulikskapane blir mindre. Dette kan mellom anna gjerast ved å:

• Inkludere dei ikkje-digitale i undersøkingar om digitale helsetenester.
• Utvikle digitale helsetenester i samarbeid med brukarar for å sikre at tenestene blir enkle å ta i bruk og nytte seg av. Løysingane må vere intuitive og kunne brukast utan særleg opplæring.
• Gode ikkje-digitale alternative helsetilbod må vere tilgjengeleg for dei som er digitalt utanfor.

Vi må syte for at det er like lett for far min som for meg å få helsehjelp – også når helsetenestene no vert digitalisert.


Ingen oppgitte interessekonflikter

Dagens Medisin, fra Kronikk- og debattseksjonen i 08-utgaven

Powered by Labrador CMS