Me skal sikre nok helsepersonell i framtida

Skal me klara å styrkja norsk helsevesen framover, må me utdanna, rekruttera, behalda og mobilisera kvalifiserte fagfolk. Det blir ein viktig jobb framover som eg er glad for at regjeringa har starta på.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.

Lisa Marie Ness Klungland Foto: Stortinget

Innlegg: Lisa Marie Ness Klungland, stortingsrepresentant (Sp) fra Rogaland, Helse- og omsorgskomiteen

ETTER TO ÅR med pandemi har me verkeleg sett det presset som er på norsk helsevesen, norsk helsepersonell og særlig mi eiga yrkesgruppe, sjukepleiarane. Pandemien har understrekt behovet for fagfolk. Regjeringa har allereie auka kapasiteten for å utdanna fleire sjukepleiarar med 500 studieplassar. 300 av desse blir finansiert med friske midlar.

Dette fikser ikkje utfordringane i det norske helsevesenet, men til hausten kan 5100 studentar starta på sjukepleiarutdanninga. Fleire får moglegheit til å bli sjukepleiar, og Noreg får dekt ein større del av behovet for fagfolk i helse- og omsorgstenestene.

HØGARE BEMANNING. Allereie før pandemien mangla me helsepersonell her i landet. I 2019 mangla det 4500 sjukepleiarar og 1100 spesialsjukepleiarar. Skal me auka kapasiteten, er det viktig å auka talet på intensivsjukepleiarar og spesialsjukepleiarar.

I tillegg til 131 nye utdanningsstillingar for intensivsjukepleiarar i 2021 sørgde Arbeidarparti/Senterparti-regjeringa i haust for 25 millioner kroner i 2022-budsjettet til å etablera minst 30 nye utdanningsstillingar for spesialsjukepleiarar. På toppen av det heile har regjeringa gjeve mykje fleire midlar til kommunane og sjukehusa. Desse er det mogleg å nytte til høgare bemanning.

Skal me auka kapasiteten, er det viktig å auka talet på intensivsjukepleiarar og spesialsjukepleiarar

EIN VIKTIG JOBB. Eg er glad for at regjeringa, raskt etter at ho blei innsett, sette ned ein helsepersonellkommisjon, og at regjeringa er tydeleg på at eitt av deira viktigaste mål er å sikra nok fagfolk med riktig kompetanse i helse- og omsorgstenesta. Skal me klara å styrkja norsk helsevesen framover, må me utdanna, rekruttera, behalda og mobilisera kvalifiserte fagfolk. Det blir ein viktig jobb framover som eg er glad for at regjeringa har starta på.

Det er sett ned ein helsepersonellkommisjon som skal levera ei utgreiing på korleis me skal få dette til innan 1. februar 2023.

HØG KVALITET. I tillegg ønskjer eg å nemna tillitsreforma som regjeringa her sett i gong, og som skal sikra at ein skal få jobba med det ein er utdanna til, og at det skal vere mindre papirarbeid – ein såkalla avbyråkratiseringsreform.

Dagens regjering er tydeleg på at den offentlege helsetenesta skal sørgja for beredskap og tryggleik i kvardagen og tilgang på helsehjelp av høg kvalitet ved behov. Helsepersonellkapasiteten er ein viktig del av dette, og Hurdalsplattforma er tydeleg på kor viktig beredskap er.


Ingen oppgitte interessekonflikter


Dagens Medisin
, fra Kronikk og debattseksjonen i 05-utgaven

Powered by Labrador CMS