SMERTEFULLT: Ved å auke kunnskap, forståing og anerkjenning av CRPS kan vi bidra til å betre situasjonen for dei mange som er ramma av denne lidinga, skriv Ina Giske. Foto: Ina Giske

CRPS: Ei smertefull og oversett liding

Denne «sjeldne» diagnosa, er kanskje vanlegare enn dei fleste trur.

Publisert
Ina Giske CRPS
Ina Giske

CRPS-FELLESSKAP HAR SOM MÅL å auke kunnskap, både i helsevesenet, hos pasientar, pårørande og i samfunnet generelt. For mange som får denne alvorlege diagnosen er det viktig å få tidleg hjelp og behandling, men også støtte til å meistre å stå i livet over tid, i samhandling og med støtte frå nokon som evnar å sjå og forstå utfordringane.

I Noreg i dag er det generelt lite kunnskap om CRPS i helsevesenet, i tillegg få behandlingstilbod. Noko som gjer at fleire vel å reise til utlandet for behandling, sjølv om dette er både kostbart og risikofylt.

Det finst fleire smerteklinikkar i Noreg som kan tilby behandling for CRPS. Ventetid varierer frå nokre veker til fleire månadar, avhengig av kor ein bur og kor alvorleg tilstanden er. Det er difor viktig at pasientar med mistanke om CRPS blir henvist tidleg til spesialisthelsetenesta for utredning og behandling.

LANGVARIG SMERTE. Komplekst regionalt smertesyndrom (CRPS) er ein tilstand som gjev sterk og langvarig smerte. CRPS kan oppstå etter ei skade eller ein operasjon. Smerten er ofte uforholdsmessig stor i forhold til den opprinnelege skada. CRPS kan også føre til endringar i huda sin temperatur, farge, hårvekst og glans. Det kan i tillegg oppstå muskelsvakheit, kontrakturar og motoriske forstyrringar. I tillegg er det også fare for spreiing av tilstanden til nye kroppsdelar, spesielt ved nye operasjonar. 

CRPS er ein relativt sjeldan tilstand som rammar mellom 5 og 26 per 100 000 innbyggarar i Noreg årleg, også barn kan få CRPS. Det er imidlertid grunn til å tru at mørketala er store, då mange pasientar med CRPS ikkje får diagnose og dermed manglande tilgong til behandling. Diagnosen byggjer på symptom, undersøking og sjukdomsforløp, men det finst ingen spesifikk test eller biomarkør som kan bekrefte eller avkrefte CRPS. 

TVERRFAGLEG TILNÆRMING. Behandlinga av CRPS er ofte kompleks og krev tverrfagleg tilnærming. Det finst inga enkel løysing eller kur som passar for alle. Mange pasientar får smertestillande medisinar, men desse kan ha biverknadar og avhengighetsskapande effektar. I tillegg kan medikamenta miste si effekt over tid eller ikkje virke i det heile tatt. 

Difor er det viktig å utforske andre behandlingsalternativ som kan bidra til å lindre smerte og forbetre funksjon. Nyleg har det britiske helsevesenet NICE publisert nye retningslinjer for handtering av kroniske smerter, inkludert CRPS. Dei anbefaler mellom anna at pasientane får tilbod om psykologisk terapi, fysisk aktivitet, akupunktur og mindfulness. Desse tiltaka kan hjelpe pasientane med å endre si oppfatning av smerten, redusere stress og angst, auke mobilitet og styrke, samt fremje velvære og meistring. 

LIVSSTIL. For personar med CRPS er det også viktig å ta ansvar for si eiga helse og livsstil. Det finst fleire råd og tips som kan gjere kvardagen lettare og meir meiningsfull. Som til dømes kan ein: 

  • Setje seg realistiske mål og planlegge aktivitetar som gjev glede og meining 
  • Søke støtte frå familie, vener, helsepersonell eller andre i same situasjon
  • Vere open om sine utfordringar og behov 
  • Unngå å isolere seg eller overanstrenge seg 
  • Ha ei god søvnhygiene og eit balansert kosthald 
  • Prøve å finne positive sider ved situasjonen og fokusere på det ein kan gjere i staden for det ein ikkje kan.

CRPS er ei alvorleg og utfordrande liding som fortener meir merksemd og ressursar frå både helsevesenet og samfunnet. Ved å auke kunnskap, forståing og anerkjenning av CRPS kan vi bidra til å betre situasjonen for dei mange som er ramma av denne lidinga. Det er på tide at vi tar CRPS på alvor også i Noreg.

Ingen oppgitte interessekonflikter

 

Powered by Labrador CMS