Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Blogger


Kjersti Toppes blogg Publisert2017-10-13

Tillit, tilsløring og trontale

Overskrifta på regjeringas arbeid dei neste åra er «berekraftig velferdssamfunn».  Denne målsettinga er eit tilslørande uttrykk. Den er ikkje konkret. Den er ikkje målbar. Den kan tolkast på mange forskjellige måtar. Senterpartiet vil ha eit TRYGT velferdssamfunn. Eit trygt velferdssamfunn får vi ikkje utan eit trygt helsevesen. Eit trygt helsevesen får vi ikkje utan ein ærleg debatt, som er faktabasert og som gir grunnlag for ein felles verkelegheitsoppfatning. Vi er langt frå der i dag.

VG påviste i fjor omfattande, alvorleg og ulovleg tvangsbruk i norsk psykiatri. I 2015 var det 640 belteleggingar som var lovstridige eller problematiske. Altså overgrep mot psykiatripasientar. Stortinget blei gjort merksam på dette gjennom VG. Ikkje  av departementet. Ein skandale i seg sjølv. Spørsmålet er : Korleis kunne Regjeringa ikkje vite?  Kan vi stole på regjeringa sine omtalar  av norsk helsevesen? Eg meiner Nei. Eg seier: Ære være VG.

Stavanger Aftenblad sin reportasje om den såkalla Glassjenta, er eit anna eksempel. Fylkesmennene i Hordaland, Rogaland og Troms la i 2016 fram ein knusande granskingsrapport om glassjenta sitt to og eit halvt år lange opphald under barnevernet si omsorg. Jenta fekk ikkje ein oppvekst og ei omsorg som er i tråd med det vårt samfunn har slått fast at barn skal ha. Rapporten viste ikkje bare svikt i systemet. Den viste svik satt i system. Men korleis kunne regjeringa ikkje vite, kvifor  blei ikkje Stortinget opplyst?  Eg seier: Ære være Stavanger Aftenblad.

TV 2 og Dagens Medisin var det som avslørte det store ventelistejukset. Tusenvis av pasientar på interne, uoffisielle ventelister gav sjukehusa penare offisielle ventelistestatistikkar. Men pasientane blei ikkje behandla raskare. Det blei påvist 160 000 forsinka pasientavtalar . Pasientar mista rett til behandling og fikk i staden ein meir uforpliktande frist for utredning. Men korleis kunne regjeringa ikkje vite ? Praksisen måtte jo være kjent for hundrevis av helseleiarar som statsråden omgås med. Eg seier: Ære være TV2 og Dagens medisin.

Onsdag 11.oktober røysta Stortinget over eit forslag om å evaluere fastlegeordninga. Senterpartiets liknande forslag blei stemt ned i vår. Denne gongen fekk det fleirtal, på grunn av VG . VG har nemleg i sommar kartlagt fastlegesituasjonen i norske kommunar. Resultatet er dramatisk. Massiv rekrutteringssvikt i både store og små kommunar. Fastlegeordninga, grunnmuren i kommunehelsetenesta, held på bryta saman. Korleis kunne statsråd Høie ikkje vite? Ære være VG. 

Eit trygt helsevesen krev ein ærleg og faktabasert debatt om helsesystemet. Om den reelle verkelegheita der ute i tenestene. Om korleis systemet verkar, og ikkje verkar. Om systemsvikt eksisterer, og om menneska og pasientar blir ivaretatt av systemet. Om New Public Management – som etter Senterpartiets syn fungerer svært dårleg i helsesektoren. Norsk helsevesen treng ein open debatt der pasientane og fagfolka sine erfaringar kjem fram, og blir lagt vekt på.

Stortingsvalet førte ikkje til regjeringsskifte. Vi er dei fremste til å beklage dette. Senterpartiet vil no føre vidare vår helsepolitikk, basert på brei fagleg kunnskap. Vi kjem til å fremje mange forslag dei neste åra,  om å utvikle eit trygt helsevesen.  Men vi har eitt overordna krav.  Det er at regjeringa i denne stortingsperioden  fortel Stortinget  verkelegheita om  norsk helsevesen. Det handlar om tillit.

Kommentarer

Kontrollspørsmål for kommentarer   5 + 4 =   (legg sammen tallene for å kommentere)
NB! Dårlig ytringsklima beskrives som et problem i deler av helsetjenesten, derfor har vi en åpning for anonyme kommentarer. Dagens Medisin oppfordrer imidlertid alle til å bruke fullt navn i kommentarfeltet, og kritisk vurdere om man har behov for å være anonym. Fullt navn og identifisering gjør debatten bedre – for alle! Ved å huke av boksen, godkjenner du publisering av kommentaren i artikkelen og Dagens Medisins regler for kommentarinnlegg.


  • lege 17.10.2017 09.46.44

    Statsråd Høie har dårlige rådgivere og er selv uten faglig kompetanse. Da blir det som det blir.

  • Erling Svensen 13.10.2017 15.55.57

    Du skriver "Overskrifta på regjeringas arbeid dei neste åra er «berekraftig velferdssamfunn». Denne målsettinga er eit tilslørande uttrykk. Den er ikkje konkret. Den er ikkje målbar. Den kan tolkast på mange forskjellige måtar. Senterpartiet vil ha eit TRYGT velferdssamfunn." Det kan sikkert sies mye om hvor god eller dårlig den overskriften "berekraftig velferdssamfunn" er, men det du trekker frem er at 2 ord i en overskrift ikke forteller hele historien? At det ikke er målbart og kan tolkes? For deretter å si et Senterpartiet vil ha et "trygt" velferdssamfunn? Som om det ikke kan tolkes og er målbart? For min del må du må gjerne kritisere politikere for å snakke i store ord, men når du gjør det samme i neste setning så blir det litt for mye å se flisen i din nestes øye og ikke bjelken i ditt eget.

Kjersti Toppe

Kjersti Toppe er stortingspolitiker for Senterpartiet fra Hordaland og er nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen. Ho har tidlegare vore medlem av Bergen bystyre og Hordaland Fylkesting, og er lege av utdanning.

Nyheter fra startsiden

Medisinsk fødselsregister

Har kartlagt fødselsdata i 50 år

FORBURKERRÅDETS UNDERSØKELSE

Slakter fastlegeundersøkelsen6

Politikk og økonomi

Henla sak mot Helsepartiet5

FORSKJELLER I KOLS-BEHANDLINGEN

– Helseatlas er ingen gapestokk

PROTESTERER MOT HJERTESENTER I BODØ

UNN-leger ut mot PCI-anbefaling4

AVDEKKER FORSKJELLER I KOLS-BEHANDLINGEN

Ulik bruk av mulig livreddende behandling

AVDEKKER FORSKJELLER I KOLS-BEHANDLINGEN

Minst 1 av 3 med kols er for dårlig fulgt opp2

KVINNER FIKK FJERNET BRYST OG EGGSTOKKER

10 kvinner får rettshjelp etter feilaktige operasjoner

FIKK FEILAKTIG FJERNET BRYST OG EGGSTOKKER

Dansk ekspert gransker de 21 feilaktige OUS-operasjonene2

PÅSTANDER OM HEMMELIGHOLD OG FRYKTKULTUR

Helsepartiet ekskluderte 13 medlemmer17

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!