Bjørg Bakkes blogg

Gode legar er gode pengar?

Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.

Bjørg Bakke

Bjørg Bakke er 6.års medisinstudent ved Universitetet i Bergen.
Hun var tidligere leder i Norsk medisinstudentforening (Nmf).

I seks år har eg vore tillitsvald i Nmf. I løpet av dei to siste åra har eg stått midt oppe i prosessen som har pågått i mange år – turnusdebatten. Eg har sett kva som har skjedd bak dei lukka dørene. Eg har sett kven som har jobba for studentane, og også kven som ikkje har jobba for studentane. Eg har møtt mange med svært sterke meiningar til ny og gamal turnusordning. Rundt grunnutdanning og helsepolitikk. Alt frå professor til overlege. LIS-lege og student. Eg har vore ved fleire utanlandske universitet og møtt medisinstudentar frå dei fleste lærestadene i Europa.

Eg har engasjera meg i Nmf fordi eg har meint det er fleire aspekt ved strukturen og systema for utdanning av legar som ikkje har vore optimale. Både for oss som står midt i det, men òg for dei liva me ein dag skal ha ansvar for.

Då eg byrja på medisinstudiet kom eg rett frå vidaregåande. Ante fred og ingen fare. Var vel eigentleg berre glad for å komme meg vekk frå ei lita bygd. Då eg byrja på studiet hadde eg ingen formeining om kvar folk studera. Eg hadde høyrd om nokon som tok utdanning i utlandet, men ikkje noko meir enn det.

Etter svært kort tid i Bergen, så kom temaet "utanlandsstudentar" opp. Eit tema som både studentar i Norge og ved utanlandske lærestader er flinke til å fyre bål oppunder. I Norge så er ein sjølvklart flinkare, fordi karakterkravet på generell basis er høgre. I utlandet så er ein meir motivert, gjer ein større innsats og har andre kvalitetar enn berre gode karakterar. Og for ein del, så er det også viktig å påpeike at det har vore frivillig å reise ut.

Og slik gjeng debatten. År inn og år ut. Den eine hevdar seg betre enn den andre. Og slik skapast også ein splid mellom gruppene. Denne spliden gjev oss også store vanskar med å diskutere alt frå turnus til kvar Noreg skal utdanne helsepersonellet sitt. Kvifor?

Fordi det med eitt har blitt personleg. Det som i utgangspunktet var ei utdanning, har blitt ein diskusjon om du er ein god nok lege. Ein diskusjon der begge grupper eller alle individ prøvar å få si utdanning til å ha høgst verdi. For det ligg ei tru om at den høgste verdien vil få meir igjen – turnusplass, LIS-stilling, sommarjobb med lisens eller meir tillit hos pasienten.

Eg byrja studiet utan fordommar mot folk som studerte medisin i utlandet. Eg visste ikkje kva folk det var, verken kva som sto i karakterboka deira eller kva dei lærte på studiet. Etter eitt år, tenkte eg at eg var betre. Propagandaen på studiet hadde sett sine spor og eg tenkte at innsatsen på vgs måtte vere eit teikn på at ein kanskje hadde litt lettare for å tileigne seg kunnskap. At karakterar hadde ein relevans til intelligens.

Det gjekk heldigvis ikkje så lang tid før eg innsåg kor mykje pisspreik dette faktisk var. Kvifor innsåg eg det?

Jo, eg engasjera meg i Nmf. Eg møtte utruleg mange oppegåande, reflekterte og spennande folk. Alle med ulik bakgrunn og ulik studiestad. Ulik motivasjon for å velje medisin. Innland som utland. Det lærte meg at karakterar frå vidaregåande ikkje har så mykje å seie verken på studiet eller i livet. Kvar du studerer seier ikkje noko om deg som person eller deg som lege.

Eg innsåg at, herregud, meiningane mine var tragiske. Og ikkje minst, feil.

Så eg byrja å argumentere mot dei haldningane som etter mange år hadde oppstått i Norge. At ein faktisk var flinkare fordi ein studerte i Noreg. Eg byrja å referere til at dei flinkaste folka eg nokon gong hadde møtt – dei studera jo faktisk i utlandet. Så det måtte jo bety at det var mange flinke folk både i Norge og i utlandet.

Og her byrjar me å komme til kjernen. For det handlar ikkje om folk er flinke eller dårlege. Dei fleste er kjempeflinke, og gjer alt dei kan for å lykkast på studiet og med pasientane. Tek på seg ekstrajobbar av ymse slag, verv eller forsking. Alt for å bli den best moglege legen dei kan bli.

Debatten handlar ikkje om deg som individ enten du studerer i Norge eller i utlandet. Det handlar om systemet me blir utdanna i.

Det handlar også om Bjørknes. For Bjørknes er kanskje eit symbol på litt av problemet vårt.

I Noreg har svært mange medisinstudentar tatt opp fag. Dei har kanskje tatt alle fag på nytt. Hanka inn seksarar på karakterfabrikken i Oslo. Saman med litt alderspoeng og litt fag på universitetet kjem folk seg inn på studiet. For andre har Bjørknes tilbode ein annan moglegheit. Ein kan nytte Bjørkes som ein inngangsport til medisinstudiet. Betale ei avgift, få ein studieplass. To år i Noreg, fire i Ungarn.

I eit system der antal norske studentar har vore likt i mange år, har antal studentar utanfor Noreg auka med 50 %. Og akkurat no treng Noreg mange av oss, men viss denne auken skal fortsette, så vil me få eit problem. Det vil ikkje vere jobb til oss. Og me vil ikkje få ferdiggjort utdanninga, sidan me fortsatt må ha turnus.

Eg har blitt skulda for å vere kjøpt og betalt av dei norske studentane i Polen. Eg meinte desse hadde like stor rett på tilgang til den nye turnusordninga som studentar i Norge. No blir eg skulda for å komme med ein påstand om at norske utanlandsstudentar er dårlegare, fordi eg sjølv vil ha turnusplass. Eg vil minske konkurransen.

Det er ikkje godt å vite kva eg vil. Kanskje eg innerst inne er kjøpt og betalt. Det er sant at eg også har lyst på turnusplass. Men, eg har også lyst til at du som har 600.000 kroner i studielån frå Ungarn skal få turnusplass. Og du i Polen. Men, også du i Tromsø.

Eg ynskjer at det å byrje på ei seksårig utdanning skal vere annleis enn andre yrker. Nettopp fordi den er lengre og inneber eit betydeleg ansvar. Eg ynskjer at den norske stat skal betale for sitt eige helsepersonell – ikkje at studenten som reiser til Budapest skal betale. Dette fordi Kunnskapsdepartementet syns dette er ei god og billig ordning.

Eg syns Bjørknes privatskule kan bli lagt ned. Dei pressar opp snittet til eit unaturleg høgt nivå. Der det skal både pengar og mange år for å kunne klare inntaket. Dei gjer medisinutdanninga til ein business. Eg meiner staten skal kjøpe opp dei plassane ein treng. På den måten vil ikkje folk måtte betale skulepengar. Men, desse plassane bør vere gjennomtenkte. Det bør vere ved stader som ein kjenner til systemet og erkjenner det ikkje fordi det er så billig, men fordi det er så bra.

Alle må sjølvsagt få ha ein moglegheit til å utdanne seg til det dei vil. Men, når privatskular som Bjørknes er involvert, får det heile ein merkeleg smak. For det er liten tvil om at denne skulen ikkje har interesser av gode legar, men av gode pengar.

Det er ikkje på individnivå denne debatten kan vere. Den må vere på systemnivå, på prinsippnivå. Så når eg seier at det er urovekkande at det finnast ein marknad for kjøp av studieplass eller karakterfabrikk for å komme inn i Noreg, så er ikkje det fordi eg trur du som lege blir dårleg. Men, eg trur vilkåra for oss som legar blir dårlegare. Det fører til at fleire av oss ikkje vil få turnusplass. Og det medfører ikkje automatisk til høgre kvalitet, men til at økonomisk status får meir innverknad på kven som kjem til å få moglegheit til å studere medisin. Dette fordi du må betale tilbake eit stort lån eller betale skulepengar for å forbetre karakterane dine i fleire år.

Å diskutere studiekvalitet tyder like mykje ei evaluering av dei norske universiteta som dei ute i Europa. Kvifor er dette så skummelt? Jo, fordi det kjennes som eit angrep på seg sjølv.

Eg kunne ynskje at folk kunne respektere denne debatten fordi det kanskje hadde ei meining å diskutere det. Men, også debatt rundt hospitering, turnus eller studiekvalitet. Eg kunne ynskje at integriteten min ikkje blei stilt spørsmålsteikn ved kvar gong nokon er usamd i det ein meiner.

Som leiar av ei fagforeining, så tenkjer eg at jobben min er å arbeide for oss som gruppe sitt beste. Det tyder at eg ikkje ser studentar som studerer i Norge og i utlandet som to ulike grupper – men ei. Det kunne eg ynskje fleire vil vere med på.

Powered by Labrador CMS