Betre kvalitet med utrykningsteam i fullt utstyrt legevaktbil

Utrykningsbil med akuttmedisinsk og diagnostisk utstyr, bemanna med eit team av lege og ambulansearbeidar, er ei styrke for legevakta.

Publisert
Erlend Bae

Innlegg: Erlend Bae, seksjonsleiar, sjukepleiar og ambulansearbeiar ved Søre Sunnmøre legevakt

VED SØRE SUNNMØRE legevakt er legebil med team av lege og ambulansearbeidar ein viktig del av verksemda. Kveld og helg har vi ein lege i tilstadevakt og ein lege i beredskapsvakt for om lag 35.000 innbyggjarar.

Styrande mynde bør i større grad innrette økonomiske stimuli slik at den akuttmedisinske kjede oppmuntrast til å finne effektive og gode løysingar

Samstundeskonflikt er vanleg årsak til at legebil ikkje rykker ut, men vi er likevel ute med bilen meir enn to ganger i døgnet i snitt.

GOD EFFEKT. Kvart oppdrag blir vurdert av teamet på legevakta, og utrykning blir gjort når det samla sett framstår som fornuftig. Medio september har vi hatt 571 oppdrag i 2022:

  • 37 prosent: Akutt,
  • 53 prosent: Haster,
  • 10 prosent: Grønne.

34 prosent av pasientane er på institusjon. Fleirtalet av oppdraga er i dei to kommunane som er nærast den fysiske legevakta. På natt har avstand til legevakta mindre å seie for om legebil rykker ut, og så godt som alle legar i vaktkorpset har vore på utrykking med legebilen.

Ut ifrå tala våre ser vi følgjande effektar av at legevaktteamet rykker ut:

  • Ambulansetransport vert unngått i om lag halvparten av oppdraga.
  • Sjukehusinnlegging vert unngått i meir enn 1/3 av oppdraga.

BEHANDLING – OG TRIVSEL. Dette vil seie at opp mot 300 ambulansetransportar og 200 innleggingar kan ha vore unngått hittil i år fordi legen rykker ut til pasient. Lokal ambulansestasjon ville ha hatt ti prosent fleire oppdrag utan legebilen.

Tilbakemeldingar viser at alle legane meinte det var stor eller svært stor nytte å vere eit team beståande av lege og ambulansearbeidar:

  • Fleirtalet av legane meinte kvaliteten på pasientbehandlinga auka i stor, eller i svært stor grad, av at ambulansearbeidar var saman med legen på oppdrag.
  • Fleirtalet av ambulansearbeidarane rapporterte at det var stor eller svært stor nytte i å ha lege på staden også i dei tilfella både legebil og ambulanse var på staden.
  • Trivselen på vakt er høgare.

RESSURSUTNYTTING. Konklusjonen er at utrykningsbil med akuttmedisinsk og diagnostisk utstyr, bemanna med eit team av lege og ambulansearbeidar, er ei styrke for legevakta. Å dra i sjukebesøk og på akuttutrykningar fører til reduksjon i ambulansetransportar, færre sjukehusinnleggingar og betre kvalitet i pasientbehandlinga. I tillegg aukar tryggheita for legevaktlegen og arbeidsglede på vakt vert større.

Styrande mynde bør i større grad innrette økonomiske stimuli slik at den akuttmedisinske kjede oppmuntrast til å finne effektive og gode løysingar. I dag er det gjerne slik at auka ressursbruk i eit forvaltningsnivå fører til innsparing i eit anna. Dette fører til at gode løysingar kan bli forkasta på grunn av silotenking hos dei ulike aktørane.

På Søre Sunnmøre har godt samarbeid og positiv haldning hos kommunar og helseforetak gitt framtidsretta og gode løysingar som fører til god samla ressursutnytting.


Ingen oppgitte interessekonflikter


Dagens Medisin, fra Kronikk- og debattseksjonen i 14-utgaven

Powered by Labrador CMS