Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Abonnere
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Lytt til fagfolka der ute!

Helseminister Ingvild Kjerkhol og statsminister Jonas Gahr Støre: No har de ansvaret. Dørene er opne. Lytt til fagfolka der ute!

Publisert: 2021-11-06 — 08.50

Lisbeth Homlong

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, spesialist i allmennmedisin og seniorrådgiver i Statens helsetilsyn

DENNE GONGEN skal eg slå inn opne dører. Krisa i fastlegeordninga er temaet. Det meste eg skal seie, har blitt sagt før, og heilt sikkert betre, av andre. Andre har analysert utviklinga og den prekære situasjonen for fastlegeordninga betre enn meg tidlegare. Men det brenn no. Etter at samhandlingsreforma blei innført for ti år sidan, har det jamt og trutt gått feil veg. Vi har hatt trønderopprør, handlingsplanar er utarbeidd, fagfolk og politikarar har ytra seg og drøfta, gong på gong. Det har ikkje mangla på merksemd rundt problematikken.

Situasjonen i dag er likevel at kommunane har store utfordringar med å rekruttere nye fastlegar. Dette medfører kostbare vikarløysingar i mange kommunar, som ofte gir dårlegare kvalitet på tenesta. Over 120.000 nordmenn står no utan fastlege. I mange kommunar har pasientane ingen reelle val dersom dei vil skifte fastlege, sidan alle lister er fulle.

Se også: Når pandemi avløses av pest

Skal vi overlate alt ansvaret til kommunane? Tilsette fleire legar på fast løn? Det kan fungere, men kva taper samfunnet i effektivitet og kostnadskontroll?

FRIDOMEN. Kvar femte fastlege er 60 år eller eldre, noko som inneber eit enda større rekrutteringsbehov framover. For mange fastlegar er arbeidsbelastninga ikkje til å leve med, undersøkingar har vist ei gjennomsnittleg arbeidsveke på 56 timar. Det betyr at vi treng fleire fastlegar, eller ein monaleg reduksjon av arbeidsoppgåver, dersom legane skal kunne jobbe mindre i framtida.

Sjølv er eg ein av dei som har slutta. Eg vart fastlege i 2004, tre år etter at ordninga vart innført. Eg treivst godt, lenge. Eg starta i ein gruppepraksis, som sjølvstendig næringsdrivande fastlege. Eg opplevde stor fridom, med kontroll over eigen arbeidssituasjon, inntekta var god og arbeidsmengda passe. Men samhandlingsreforma, med massiv oppgåveoverføring utan at ressursar blei tilført, medverka til at eg slutta, samt kjensla av at vi etter kvart vart grenselause.

BELASTNINGA. Vi har tatt på oss altfor mange ikkje-medisinske oppgåver, i tillegg til alt vi fortløpande vert pålagt av nye medisinske oppgåver. Det vart dessutan mindre lønsamt og ei større belastning ved næringsdrift etter som åra gjekk.

Som næringsdrivande må du ha ei inntekt å leve av, dessutan dekning ved eige fråvær, som sjukdom, svangerskap og fødsel, etterutdanning og anna. Du må spare til eigen pensjon. Du skal betale ut løn til tilsette, kurs og kompetanseheving, du har husleige, utgifter til data, medisinsk utstyr, med meir.

SUKSESSFAKTORANE. Skal vi overlate alt ansvaret til kommunane? Tilsette fleire legar på fast løn? Ja, det kan fungere. Særleg i små kommunar. Og for legar under spesialistutdanning. Men kva taper samfunnet i effektivitet og kostnadskontroll?

Fastlege Inga Marthe Grønseth reflekterte nyleg godt rundt dette i sin blogg i Dagens Medisin. Ho skriv her at finansieringsmodellen er ein sentral suksessfaktor for fastlegeordninga, den er kostnadseffektiv for kommunane, for pasientar og for systemet. Vi må derfor gjere næringsdrift tilstrekkeleg lønsamt igjen, slik at dette vert attraktivt for mange.

Dersom alle fastlegar skal over på fastløn, vil dette bli ein uhandterleg situasjon for Kommune-Noreg.

KONTINUITETEN. Ein fersk studie frå det allmennmedisinske forskingsmiljøet ved Universitetet i Bergen stadfestar «det som hjartet alltid har visst»: Pasientar som har hatt den same fastlegen i over 15 år, har lågare risiko for død.

Kontinuitet i lege-/pasientforholdet er assosiert med lågare bruk av legevakt, færre akutte innleggingar på sjukehus og lågare mortalitet i folkesetnaden. Dess lengre pasienten har hatt same lege, dess betre kjem hen ut på desse måltala. Det lønar seg med andre ord at legen kjenner pasienten.

PARADOKSET. Redaktør og fastlege Njål Flem Mæland i Utposten skreiv nyleg om det primærmedisinske paradoks. Organspesialisten kan levere betre resultat i behandlinga av enkeltpasientar med diagnosar som til dømes kols og diabetes. Men når det gjeld totalhelsa til folkesetnaden i eit samfunn, lukkast vi suverent mykje betre – og til ein lågare kostnad – med ei sterk primærhelseteneste.

Derfor treng vi fastlegeordninga. Les artikkelen til Mæland – og bli klokare!

OPNE DØRER. Helseminister Ingvild Kjerkhol og statsminister Jonas Gahr Støre: No har de ansvaret. Dørene er opne. Lytt til fagfolka der ute. Den kjenner best kvar skoen trykkjer, som har han på. Det lærte vi allereie i o-fagsundervisninga på barneskulen.

Den nye regjeringa har lova å styrke fastlegeordninga. Det står att å sjå om fagre valløfter vert innfridd. Ein ting er sikkert; det må friske pengar inn.


Dagens Medisin, fra Legeliv-spalta i Kronikk og debattseksjonen, 18-utgaven

Nyhetsbrev
Følg med på siste nytt fra Dagens Medisin ved å abonnere på vårt gratis nyhetsbrev og følge oss i sosiale medier.
Del:

Kommentarer

OBS! Du må logge inn for å kommentere

Bli medlem

Nyheter fra startsiden

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!