Sånn går no dagane i spesialisthelsetenesta…

Det er ei frustrerande øving å nytte IKT-system i spesialisthelsetenesta nett no. Potensialet er nesten endelaust, men det krev system som det ikkje tek fem år å endre. Det krev system som kan prate saman.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.

Eskild Hustvedt

Innlegg: Eskild Hustvedt, sjukepleiar og avdelingstillitsvald for Fagforbundet ved kreftavdelinga, Haukeland universitetssjukehus

SÅ SIT EG her igjen. Og ventar. Eg ventar på eit journalsystem som aller helst ikkje vil vise meg informasjonen eg har bedt om. Og der krasja det, ja. Det er visst ein sånn dag. Då er det berre å smørje seg med tålmod og starte det opp igjen. Der, no lastar det, trur eg, eller, jo der.

Sånn går no dagane i helsetenesta. Det krasjar gjerne litt, har kanskje ein treig dag sånn innimellom, og ein må verkeleg jobbe for informasjonen. Aller helst må ein registrere informasjonen fleire stader. Ta til dømes vekta til ein pasient: Det er ein ganske grunnleggjande opplysning, og ein opplysning som er viktig i dosering av kreftbehandling.

SYSTEMANE. Eg har så mykje som fire forskjellege stader eg eventuelt kan leite etter denne verdien, i tre forskjellege program.

Dips er journalsystemet. Ein gammal travar som heilt openbart har sett betre tider, og som har eit barn som aldri vart vaksen som heiter Dips Arena. I Dips kan eg finne verdien to stader, i rein tekst i innkomsten til pasienten, og eventuelt i tidlegare utfylte versjonar av «trygg pleie», som er eit skjema me fyller ut for å screene pasienten for mellom anna underernæring.

Meona er kurvesystemet. Ein nykommar som me har fått som del av digitalisering av kurve no nyleg dei siste par åra. Meona snakkar sjølvsagt ikkje med Dips. Det ville jo vore logisk. Her er det òg mogleg å leggje inn vekta til pasienten.

Cytodose er systemet som ein ordinerer cytostatika-behandling i. Det skal bytast ut, men ting tek som sagt tid. Her må ein skrive inn høgde og vekt for å få dosering på cytostatika. Her kan eg òg altså finne vekta. Skjema frå cytodose er ofte skrevet ut, så eg kan då òg sjå i papira. Når ein kur er ferdig vart papirskjema skanna inn i pasientjournalen, så eg kan òg eventuelt sjekke i DIPS.

Vi må slutta og låse informasjonen til eit enkelt system

SNAKKER IKKJE SAMAN. Det manglar altså ikkje på stader eg kan finne vekta til pasienten. Finst sikkert fleire òg viss eg får tenkt meg om. Ingen av desse systema snakkar saman.

Systema snakkar heller ikkje med seg sjølv. Når eg skal fylle ut «trygg pleie», er eit av felta «tidlegare vekt». Dette feltet er, som alle dei andre, eit tekstfelt eg må fylle ut. Dips hentar ikkje informasjon frå tidlegare utfylte «trygg pleie» for meg.

Informasjonen er der, den er til og med strukturert, men likevel hentar den ikkje informasjonen frå seg sjølv.

MER VELVILJE! Aller helst skulle den ha henta informasjonen frå kurvesystemet, Meona. Men Meona er jo laga av Meona, medan Dips er laga av… Dips. Det er den same pasienten i botn, men informasjonen er mura inne av separate programvareleverandørar. Eg sit òg med eit inntrykk av at det ikkje er særleg mykje velvilje frå leverandørane å høyre på dei av oss som nyttar systema.

Dips er stort sett fokusert på gullungen Dips Arena, som visstnok skal løyse «alle» problema viss me nokon gang faktisk får teke det i bruk, medan Meona sit i Tyskland ein stad og ser ut til å vere særs lite interessert i kva me i Noreg meiner. Difor ser eg langt etter forbetringar der.

FRUSTRASJON. Det er ei frustrerande øving å nytte IKT-system i spesialisthelsetenesta nett no.  Potensialet er nesten endelaust. Potensial til å forenkle kvardagen for oss i klinikken, og å frigje dyrebar tid, er der, det er det inga tvil om. Men det krev system som ikkje tek fem år å endre. Det krev system som kan prate saman. Det krev at ein slutar å låse informasjonen til eit enkelt system.

Eg har vel strengt tatt ikkje trua på at så mykje vil endre seg med eit innlegg. Men eg har i kvartfall fått ut litt frustrasjon.

Så var det å finne den vekta eg var ute etter då?


Ingen oppgitte interessekonflikter


Dagens Medisin 15/2020, fra Kronikk og debattseksjonen

Powered by Labrador CMS