Meir innfløkt med elektronisk kurve

For pasientsikring og effektivitet har den elektroniske kurveløysinga vore eit så stort tilbakesteg at me må rope varsku. Systemet gjer det vanskelegare å sørge for rett medisin til rett pasient til rett tid.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fire år gammel.

Hjalmar Ødegaard

Kronikk: Hjalmar Ødegaard, overlege ved Medisinsk avdeling, Sørlandet sjukehus Flekkefjord (SSHF)

I AVSKJEDSTALEN SIN sa distriktslegen i ein av nabokommunane at den viktigaste teknologiske nyvinninga i hans tid hadde vore kulepennen.

Legen meinte at innføring av elektronisk journal måtte vere den dårlegaste handelen legestanden hadde gjort sidan Johannes Faustus´ dagar.

STORT TILBAKESTEG. Me ser ikkje like svart på det, men for pasientsikring og effektivitet har den elektroniske kurveløysinga MetaVision, ein del av prosjektet Elektronisk pasientjournal, vore eit så stort tilbakesteg at me skyldar alle kollegaer å rope varsku.

Fem månader etter at me skifta frå DIPS-baserte papirkurver, er det nemleg på tide å gjere opp status. Me har hatt programmet lenge nok til at ein ikkje kan skulde på manglande opplæring og erfaring, og står att med eit system som gjer det vanskelegare å sørge for «rett medisin til rett pasient til rett tid».

Kor skortar det? I denne teksten er det ikkje plass til detaljar, og det er som kjent der feila gøymer seg. Eg skal likevel prøve å skildre nokre av vanskane.

INNFLØKT SYSTEM. Metavision opererer nesten avsondra frå dei andre kliniske programma me brukar, det vere seg pasientjournal, reseptformidlar eller kjernejournal. Alt må følgjeleg leggast inn manuelt. Arbeidet med å samle alle dei spreidde – og ofte motstridande opplysningar – frå pasient, pårørande, henvisning, PLO-melding og reseptregister saman til ei påliteleg medisinkurve, var innfløkt nok frå før.

No er det tett på umogeleg å gjere jobben skikkeleg: Ein må klikke seg fram til preparat, produsent, styrke, administrasjonsform, administrasjonshastigheit, hyppigheit, og fleire andre variablar det ikkje går an å skildre utan å bruke svært mange ord, alle i kvart sitt felt, før ein endeleg kan sende fororndinga til godkjenning til seg sjølv. Så er det på´an igjen, typisk åtte-ti gonger for våre pasientar.

ENDELAUS TASTING. Programmet virkar til å vere utforma i den tru at kvaliteten automatisk hevar seg med aukande detaljnivå. Samanhengen viser seg å vere stikk motsett: Endelaus tasting, og dobbel bokføring av medisinar i parallelle program, er ei innebygd, obligatorisk kjelde til rot, og me må no drive systematiske feilsøk i listene til alle pasientar.

Alternativet til all tastinga er å nytte «hurtigvalget». For mange medisinar finnst nemleg ferdigutfylte malar, som ofte er fornuftige, og ikkje sjeldan passar inn i den kliniske situasjonen ein står i. Så har ein valget på ei travel vakt: Å punche seg gjennom ei ulideleg rekke rubrikkar for kvar medisin, eller «eg klikkar ok på kva som helst berre dette programmet sluttar å plage meg».

FALLGRUVER. Når pasienten etter kvart skal skrivast ut, har programmet faktisk ei løysing for å eksportere medikament elektronisk til journalen. Så vidt eg veit, har ingen hjå oss nytta funksjonen meir enn ein gong: Det viser seg at det både er enklare og tryggare å legge opplysningane inn manuelt enno ein gong.

Det eksisterer ingen interaksjonsanalyse i programmet, og det skal berre eitt feiltrykk, i ein av dei mange rubrikkane, før ein td har ordinert 560 mg gentamicin fast kvar dag gjennom heile opphaldet, for å nemne eit par andre fallgruver.

Kurven inneheld ikkje berre medisinordinasjonar: Vitalparametra og «early warning score» finnst på ei eiga fane. Den tek eit halvminutt å laste inn, kvar einaste gong, og er pre-innstilt på «pasienten minutt for minutt». Sjølv når ein stiller inn eit fornuftig tidsformat, er informasjonen knødd saman til det bortimot uleselege. Resultatet er at heile vinninga med kurveføring – å få overblikk over korleis tilstanden utviklar seg over tid – nærast er vekke.

UTAN UTBYTTE. Systemet var visstnok opprinneleg utvikla til intensivpasientar, og til dei er det truleg meir eigna. Det er imidlertid ikkje slik at «one size fits all», og for vanlege pasientar, på vanlege sengepostar, kjem programmet fullstendig til kort. Framtida ligg heilt openbart i digitaliserte kurver, men den som trur løysinga me har, er vegen å gå, må gjerne kome og sjå sjølv: Kvar vakt- og visittlege brukar fort ein halvtime ekstra på skjermen kvar dag, utan at det gir nokon form for utbytte. 

Klinikerar bør ikkje utan vidare bytte meir skjermtid i bytte mot svekka pasientsikring

Om MetaVision skal tilføre meir enn det tek frå pasientbehandlinga, må kurva få ein layout det går an å arbeide med, og byrje å snakke med andre kliniske program. Metavision melder at dei stadig arbeider med å forbetre seg, samtidig som ingenting tydar på at dei endringane me faktisk treng, og ber om, kjem på plass i overskueleg framtid. Me vil difor gje klinikerar andre stader tips om å gjere betre research enn me gjorde, og ikkje utan vidare gå med på meir skjermtid i bytte mot svekka pasientsikring.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Kronikk og debatt, Dagens Medisin 16/2019

Powered by Labrador CMS