Maktmisbruk og #metoo

Legeoppropet beviser noko mange kvinnelige medisinstudentar og legar allereie veit. Me må avlive den mannlige ukulturen ein gong for alle.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

UNGE STEMMER-KOMMENTAREN: Albertine Kildahl Stavland (f. 1992), andre års medisinstudent ved Universitetet i Bergen

DEN 5. OKTOBER 2017 markerer ein viktig dato for mange kvinner. Weinstein-effekta skylde over verda. I kjølvatnet kjem opprop frå mange av landets yrkesgrupper. I desember trykkast legeoppropet #utentaushetsplikt i Aftenposten. 3600 kvinnelege medisinstudentar og legar signerer oppropet.

Les også: Hva er seksuell trakassering?

STUDENTEN OG OVERLEGEN. Engasjement, lidenskap for faget og viljen til å yte best mogleg medisin, er berre nokre få stikkord som skildrar medisinstudenten og den nyutdanna legen. Ein ofrar mykje for medisinen og finn seg til rette med tidsavgrensa arbeidskontraktar og umenneskelege arbeidstider.

Kritikkverdige forhold når aldri overflata og druknar i havet av overdriven bruk av midlertidige stillingar og systemisk svik i tilsetjingsfasa. Det er mange om beinet og frykta for å bli pressa ut av sin posisjon som ung lege i helsevesenet kan bidra til underrapportering av kritikkverdige forhold.

UKULTUR. For å avlive ukulturen, må ein sikre fleire LIS1-stillingar og lengre LIS2-kontraktar.

Skulle ukulturen halde fram, må ein sikre tryggleik for dei som varslar og konsekvensar for utøvarar av maktmisbruk. Arbeidet fram mot gode retningslinjer, og val av konsekvensar, må leiast fram av leiarane.

Berre slik vil utsette kjenne seg høyrt og alvorlegheitsgrad bli reell.

SKEIV MAKT. Historisk sett er legeyrket eit mannsdominerande yrke med lite innpass for kvinner. I skrivande stund er 67 prosent av norske medisinstudentar kvinner. Kvinnene blir snart det dominerande kjønn i legeyrket.

Allereie no rokkast gamle rammeverk og dessverre resulterer det i at nokre legar bruker seksuelle overtramp som hersketeknikk ovanfor unge leger. Om ikkje handlinga er ille nok i seg sjølve, veks frustrasjonen når situasjonen ikkje blir møtt med den seriøsiteten som situasjonen forten. Ein finn seg i ein utrygg posisjon på arbeidsplassen.

KULTURELL EVOLUSJON. Åtferd er plastisk. Å signalisere all kritikkverdig åtferd som ugreitt, vil føre til ein kulturell evolusjon. Eg håper at blesten rundt #metoo og #utentaushetsplikt fører til eit paradigmeskifte. Om få år vil kvinnelege legar banke på døra til Gutteklubben Ugrei. Resultatet vil bli at eit historisk mannsdominerande yrke vil få fleire kvinnelege overlegar.

Det er diskutabelt om dette vil hjelpe på problema i framtida. Det er dessverre ikkje nok. Det er nemleg på tide å rive ned veggane på klubbhuset. Det handlar om å føle seg trygg i jobben. Ingen skal kjenne maktmisbruk på arbeidsplassen. Ein utrygg lege er ein farleg lege.

Kronikk og debatt, Dagens Medisin 03/2018

Powered by Labrador CMS