Korleis kan Norge bidra i global helse?

Ebola- og zika-epidemiane har vist at alle land har ein felles sårbarhet knytt til helse, utvikling og sosial tryggleik. Nasjonale og globale helseutfordringar heng nøye saman, og vi må søkje løysingar gjennom langsiktige investeringar og vedvarande partnarskap over landegrensene.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Kronikk: Camilla Stoltenberg, direktør for Folkehelseinstituttet
Frode Forland, fagdirektør ved Folkehelseinstituttet

FUGLEINFLUENSA, svineinfluensa, hiv, sars, ebola og zika er ikkje lenger sjukdommar som berre er langt borte. Fordi vi reiser mykje meir enn før, kan dei vere nær oss alle berre få timar etter at dei vert oppdaga i ein annan del av verda.

Alle medlemslanda i verdas helseorganisasjon (WHO), har vedtatt og forplikta seg på det internasjonale helseregelverket. Dette regelverket (IHR) har som mål å hindre spreiing av infeksjonar og andre helsetruslar mellom land.

SAMSPEL. Ei rekkje land har store manglar i sin helseberedskap. Eit omfattande internasjonalt arbeid, leia av WHO, er i gang med å identifisere svikt i beredskapsnivået i alle medlemslanda og finne måtar å dekke behova på med relevante ressursar finansielt og fagleg.

Samarbeid mellom ulike institusjonar for folkehelse kan etter vår meining spele ei viktig rolle i å bygge langsiktig kapasitet og kompetanse for å styrke den globale helseberedskapen.

Folkehelseinstituttet har fått midlar frå UD gjennom NORAD til å støtte fire land i dette arbeidet, Malawi, Ghana, Palestina og Moldova.

HJELP TIL SJØLHJELP. Etter internasjonale standardar har Norge eit robust og effektivt system for vern mot smittsame sjukdomar, og vi har implementert krava i det internasjonale helseregelverket. Ein kunne lett tru at dette er nok for å  verne om folks helse innanfor landets grenser.

Likevel engasjerer vi oss i mange globale tiltak for å styrke internasjonal helseberedskap og respons. Dette gjer vi ikkje berre av omsyn til fattige land, men òg fordi det er nødvendig for vår eigen helsetryggleik og globalt. Globalt samarbeid er hjelp til sjølvhjelp.

Mange har tenkt at faren knytt til infeksjonssjukdomar for lengst er over, sidan vaksine og antibiotika har hjelpt oss å utrydde og kontrollere mange av dei. No ser vi at manglande vaksinedekning igjen skapar utbrot av meslingar, polio, kikhoste og difteri.

Antibiotikaresistens har alt blitt ein trussel mot effektiv behandling av kreft og avansert kirurgi, og det kan bli eit stort folkehelseproblem om vi ikkje handlar klokt og varsamt med desse livsviktige medisinane framover.

SMITTEVERN. Langt borte ligg ei flyreise unna. Alle utbrot startar lokalt, først med få tilfelle. Utan eit godt lokalt smittevern kan dei raskt spreie seg og utgjere nasjonale og globale utfordringar.

God sjukdomsovervaking, effektiv diagnostisering, varsling, behandling og infeksjonskontroll er det som trengs lokalt og nasjonalt, og som det internasjonale helseregelverket krev. Eit godt fungerande lokalt helsevesen er også det beste bolverket mot globale helse-epidemiar.

UTFORDRINGAR. Etter ebola-utbrotet i Vest-Afrika har mange peika på nokre særskilde utfordringar: Problem med internasjonal koordinering og svake nasjonale helsesystem, behov for ekstern vurdering av nasjonal helseberedskap og behov for langsiktig finansiering. Dessutan manglar effektive vaksinar mot bakteriar og virus som kan skape epidemiar. Folkehelseinstitutett leia arbeidet med å utvikle ein ny ebola-vaksine.

No har ein ny organisasjon kalla CEPI blitt oppretta for nettopp å utvikle vaksinar mot framtidige epidemiar. Norge har saman med fleire andre land og organisasjonar gått inn med ei betydeleg finansiering av dette initiativet, og hovudkontoret for denne organisasjonen er lagt til Folkehelseinstituttet i Oslo.

NETTVERK. Gjennom det internasjonale helseregelverket er vi og alle land gjensidig forplikta til å støtte land med mindre ressursar både fagleg og finansielt for å få på plass grunnleggande kapasitet for smittevern og folkehelse.

Sidan 2014 har Folkehelseinstituttet vore aktivt med i eit stort internasjonalt nettverk av land og organisasjonar (Global Health Security Agenda) for nettopp å styrke vår felles evne til å førebygge, oppdage og handtere utbrot av infeksjonssjukdommar.

FØLGJER WHO. Vårt arbeid følgjer WHO sine planar og strategiar. Vi støttar fire land, Malawi, Moldova, Ghana og Palestina. Saman med nasjonale helsemyndigheter har vi først evaluert helsetryggleik og beredskap, for så å prioritere innsatsområde og gje fagleg og finansiell støtte for å gjennomføre tiltaka. Programmet har førebels ei femårs-ramme, men dette er langsiktig arbeid som vil krevje innsats over lengre tid.

Målet er å oppnå god global helse, slik det er definert i Stortingsmelding 11 (2011–2012): «Forbedret helse for hele verdens befolkning, redusert helseulikhet og løsninger på helseproblemer på tvers av landegrenser, så vel som på tvers av sektorer. Innsatsen inkluderer forebygging av sykdom, robuste helsesystemer, allmenn tilgang til gode helsetjenester og helsesikkerhet for alle».

Ingen oppgitte interessekonflikter
 

Powered by Labrador CMS