Fastlegane er god helseøkonomi

Dagens helsepolitiske praksis er å spare på skillingen og la dalaren gå, og viser at helseøkonomiske vurderingar er eit vilkår for etisk forsvarleg fordeling av helsetenester.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Kronikk: Torleiv Robberstad, spesialist i samfunnsmedisin

EIN VIKTIG DEL av samhandlingsreforma er å få pasientane snarare tilbake frå sjukehus til kommunehelsetenesta, for å spare liggjedøgn og pengar. Men kommunane har aukande kapasitetsproblem: Stadig fleire fastlegelister blir lukka, og ein stadig mindre del av dei eldste – aldersgruppa 80 år og eldre – får omsorgstenester.

KOSTRA-gruppe 13 er dei 49 største kommunane, nest etter dei fire aller største. Alle 49 har meir enn 20.000 innbyggjarar. Samanlagt har dei meir enn tredjeparten av befolkninga, og halvparten av dei er vertskommunar for somatiske sjukehus med akuttfunksjonar.

NEDPRIORITERT. Kva fortel offisiell statistikk om samhandling kring dei eldste der (1)?

Aldersfordelinga av fastlegane er som landsgjennomsnittet, og frå 2010 til 2015 var prosentauken av fastlegar nesten tre gonger så stor som av folketal, men likevel blei andelen av opne lister mindre. Dei eldste har fått litt fleire fastlegekonsultasjonar, men også meir bruk av telefon, legevakt og poliklinikk. Dette gjeld også gruppa 50–79 år, men den har fått færre konsultasjonar.

Dette handlar nok både om auka arbeidspress og om nedprioritering av dei halvgamle til fordel for dei eldste.

VARIASJONAR. I 2015 låg KOSTRA-gruppe 13 likt med landsgjennomsnittet, både i innleggingar og liggjedagsforbruk, men med store variasjonar innan gruppa. I tredjedelen med flest innleggingar er fastlegane eldre, solopraksis er meir vanleg, pasientlistene er lengre og mange fleire av dei er lukka. For dei eldste blir meir ordna per telefon, eller med å henvise pasientane vidare til legevakt, poliklinikk eller innlegging. Tredjedelen med størst «liggjedagsforbruk» viser mykje av det same mønsteret.

«Liggjetid før utskrivingsklar status» er den tida som trengs for undersøking og behandling, etter fagleg vurdering på sjukehuset. Den var 20 prosent lenger for tredjedelen med størst liggjedagsforbruk enn for tredjedelen med minst. Forklaringa er venteleg fagleg: At pasientar frå desse kommunane var meir behandlingstrengande og/eller dårlegare undersøkt før innlegging.

INNLEGGINGAR. Ein del av sjukehusinnleggingane er frå sjukeheimar. Det er flest innleggingar frå kommunar med høg sjukeheimdekking, men dette paradokset kan ha å gjere med at desse har så lite av korttidsplassar, sjukeheimlege og heimetenester.

«Utskrivingsklare liggjedagar» fortel kor lang tid det går før kommunale omsorgstenester kan overta pasientansvaret. Her ligg vertskommunane 70 prosent høgare enn den andre halvparten av KOSTRA-gruppe 13, og dette er det vanskeleg å finne faglege forklaringar på.

I vertskommunane har fastlegane kortare lister, men likevel er færre lister opne. Det ser ut som om fastlegane her kan ta det meir med ro fordi spesialisttenestene tek seg av meir.

KOSTNADER. Oslo er den største vertskommunen. Her får dei eldste færre fastlegekontaktar ,men mange fleire polikliniske konsultasjonar og innleggingar, og liggjetida før utskrivingsklar status er 37 prosent lenger enn for KOSTRA-gruppe 13. Dette at sjukehusa der gjer så mykje arbeid som er fastlegearbeid i andre større kommunar, kan forklare korfor fastlegane der har mykje større andel av opne pasientlister endå desse ikkje er kortare.

I 2015 var offentlege kostnader på 16.700 kroner per liggjedøgn ved somatiske sjukehus. Etter det tilsvarar årleg meirforbruk for dei eldste 10.200 liggjedøgn og 170 millionar kroner i Oslo, og 2760 liggjedøgn og 46 millionar kroner i Bergen, samanlikna med KOSTRA-gruppe 13.

UETISK. Låg fastlegekapasitet heng altså nøye saman med høgare forbruk av liggjedøgn i sjukehus. Offentlege kostnader per konsultasjon hos fastlege eller legevakt var på cirka 490 kroner, bare tre prosent av liggjedøgnkostnaden. Då er det uetisk å la sjukehus gjere fastlegearbeid, så lenge kvantitativ og kvalitativ styrking av fastlegeordninga kan gi meir helsenytte for ressursane.

Dagens helsepolitiske praksis er å spare på skillingen og la dalaren gå, og viser at helseøkonomiske vurderingar er eit vilkår for etisk forsvarleg fordeling av helsetenester.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Litteratur: Robberstad T.: Å spare på skillingen og la dalaren gå. Utposten nr 7/2017.

Kronikk og debatt, Dagens Medisin 21/2017

Powered by Labrador CMS