Granvin: Ikkje infarkt på eit helt år
Kommunelege Gunnar Hetland vil no erklære Granvin som Norges første infarktfrie kommune. Det skjer etter storsalg av olivenolje og solid innsats i behandling av type 2 diabetikarar.
Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.
INFARKT Granvin har det siste året vore infarktfritt. Dei siste fem åra har kommunelegen heller ikkje notert nye tilfelle av angina pectoris.
- Statistisk sett skulle vi i Granvin med våre 1040 innbyggjarar hatt 10-12 tilfelle av hjerteinfarkt og hjerneslag det siste året. Vi har hatt null tilfelle, sjølv om 200 (19 prosent) av innbyggjarane i kommunen er over 67 år, fortel kommunelege Hetland (59) og legg til at også fjorårstala er gode. Då hadde Granvin fem dødsfall totalt, tre av desse gjaldt personar over 90 år.
Den gode helsa til innbyggjarane i Granvin meiner Hetland blant anna kjem av den solide innsatsen i behandlinga av type 2 diabetikarar, innsatsen gjeld både aktiv medikamentell behandling og kostråd. Salet av olivenolje, type kaldpressa virgin, har auka stort etter at kommunelegen foreslo at Samvirkelaget tok inn slike Middelhavsvarer.
- Heile 44 prosent av dødsfalla i Norge skuldast hjarte-karsjukdom. Eg meiner at sjukeheims- og operasjonskøar kan reduserast betydeleg med meir intensiv behandling av høge lipidar, blodtrykk og homocystein, seier Hetland. Han set av ein halv time kvar gong han har ein pasient med type 2 diabetes på kontoret.
For slapt og daft
- Å ha diabetes type 2 er som å gå med ei tidsinnstilt bombe, to av tre diabetikarar døyr av hjerteinfarkt. Mange tilfelle av følgjesjukdom skuldast underbehandling. I Norge er det altfor slapp og daff behandling av type 2 diabetes. Legen fokuserer ofte berre på blodsukkeret, men blodsukkeret er berre viktig for den mikrovaskulære sirkulasjonen. For å ta vare på den makrovaskulære helsa, må legen også vurdere acetylsalisylsyre, statinar og blodtrykkssenkande legemiddel, seier Hetland. Dei fleste pasientane hans med type 2 diabetes får også B-vitamin for å senke homocysteinet. I tillegg til resepten på dei mange medisinane følgjer det råd om røykjestopp, kosthald, omega-3-feittsyrer og mosjon. Alle pasientane får med seg skriftleg informasjon. - Det er klart at når pasientane skal ha ein slik omfattande behandling med fleire typar medikament dagleg, treng vi ein halv time per konsultasjon, slår han fast. - Men løner dette seg økonomisk for deg? Treng ikkje ein lege korte konsultasjonar og mange pasientar for å tene til smør på brødet? - Eg har fastløn, så eg slepp heldigvis å tenkje på innteninga, seier Hetland. Han har vore i kommunen i 11 år og veit når han skal ta ein ekstra blodtrykks- og kolesterolmåling. Han kjenner familiane og deira helseproblem. B-vitamin mot høgt homocystein blir framleis sett på som eksperimentell behandling, fordi det ikkje er harde bevis for at dette senkar infarktrisikoen. Men Hetland har ofte pasientar med høgt homocystein på kontoret og finn at det er grunn til å liggje litt i forkant av utviklinga. Hetland fremjer folkehelsa i Granvin ikkje berre frå sin plass på legekontoret, men også i formannsskap og kommunestyre. Som folkevald representant har han rekna ut at førebyggjande helsearbeid kan spare kommunen for store summar i sjukeheimsplassar. - Tenk på kva ein slagpasient kostar i pleie per år! Kan vi unngå to-tre hjerneslag i året, kan vi spare millionsummar. Her i Granvin har vi få tilfelle av hjerneslag og vi ingen sjukeheimskøar. - Men kva skal innbyggjarane i Granvin til slutt døy av? - Dei skal døy ein naturleg død. - Men det kan vere eit infarkt eller eit slag? - Ja, men dersom ein er frisk til ein fyller 90 og seinare får ein rolegdød, då er det ein naturleg død slik eg ser det, slår den entusiastiske kommunelegen fast. - Kva seier gravensarane til dine behandlingsmetodar og Middelhavs-råd? - Å, dei ser ut til å vere nøgde, for dei er spreke som lopper, forstår du! Opphav:

Annonse kun for helsepersonell
Beslektede artikler: | - Granvin skal bli infarktfri sone |
Dagens Medisin09/00
Hanna Hånes