Kutt i førebygging kan koste helsepersonell i 2040
Korleis kan svaret på utfordringane i framtidas helseteneste vera å fjerne kompetansekrava, heller enn å utvide dei med til dømes klinisk ernæringsfysiolog?
Helsepersonellplan 2040 skisserer over 150 tiltak for å løyse den varsla mangelen på helsepersonell, blant anna ved å redusere sjukefråvær og at fleire skal jobbe meir og lengre. Tiltaka skal sjåast i samanheng med regjeringa sitt breiare arbeid for ei friskare befolkning og ei meir heilskapleg og effektiv helse- og omsorgsteneste. Samstundes er det føreslått å fjerna øyremerka førebyggingstilskot og kompetansekrav i kommunane.
Nasjonal råd for ernæring meiner at avvikling av slike tilskot og krav ikkje er foreinleg med målet om ei friskare befolkning og nok helsepersonell i 2040.
Målet med å fjerne kompetansekrav og overføre øyremerka tilskot til frie midlar er å gje kommunane meir fridom. Utfordringa er at kommunane i større grad må prioritere:
Akuttbehandling, oppgåver som er rettsfesta og gjev synlege resultat her og no, mot lågterskeltenester som fremjar helse og reduserer byrda av folkesjukdomar på både person- og samfunnsnivå, i framtida. Sjølv om ein veit at førebyggingsarbeid er meir kostnadseffektivt over tid, medfører dårleg kommuneøkonomi ofte at ressursar blir styrt mot «reparasjonsaktivitet». Desse endringane gjev med andre ord ikkje meir fridom, men umoglege prioriteringar for pressa kommunar.
Størstedelen av sjukdomsbyrda i Noreg kjem frå dei store folkesjukdommane som kreft, hjarte- og karsjukdom, og muskel- og skjelettlidingar. Mange av desse sjukdommane kan førebyggast, reverserast eller gje mindre alvorlege konsekvensar for personar som lever med dei gjennom folkehelsetiltak og tidleg innsats i helse- og omsorgstenesta, inkludert frisklivssentralar. Helsedirektoratet peika nettopp på behovet for statleg finansiering til vidare utvikling av frisklivssentralane i rapporten «Arbeidet i og effekt av tilbudet i kommunale frisklivssentraler». Dette er i samsvar med Den nye velferdskommunen som understrekar at ein treng gode økonomiske og faglege rammer for å ivareta førebyggingsarbeid. Det er difor overraskande at det øyremerka tilskotet til frisklivs-, lærings- og meistringstilbod no er fjerna.
Når det gjeld faglege rammer stiller lova per dags dato krav til at kommunane skal ha knytt til seg lege, sjukepleiar, fysioterapeut, jordmor, helsesjukepleiar, ergoterapeut og psykolog. Sjølv om En berekraftig kommunesektor argumenterer for å fjerne dette lovfesta kravet, skriv dei samstundes at det er behov for eit breitt spekter av kompetanse innan helse- og omsorgssektoren, òg ut over dei profesjonane det er stilt krav om i lova.
Korleis kan då svaret vera å fjerne kompetansekrava, heller enn å utvide dei med til dømes klinisk ernæringsfysiolog? Ved å minske kravet til fagpersonell forsvinn viktige verkemiddel når kommunane treng fagleg støtte for å prioritere førebygging og tidleg innsats.
Nasjonalt råd for ernæring fryktar at å fjerna kompetansekrav og øyremerka tilskot til førebygging vil medføre at resultatet blir det motsette av kva Helsepersonellplan 2040 ønskjer: meir sjukdom, større press på tenestene og eit auka behov for helsepersonell.
Ingen oppgitte interessekonflikter
På vegne av nasjonalt råd for ernæring:
Lene Frost Andersen, instituttleiar og professor i ernæring, Institutt for medisinske basalfag, Universitetet i Oslo
Guri Skeie, professor i ernæring, Institutt for samfunnsmedisin, Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet
Rune Blomhoff, professor emeritus i ernæring, Institutt for medisinske basalfag, Universitet i Oslo
Liv Stray Breistein, seksjonssjef, Seksjon for eldretjenester, Byrådsavdeling for helse, Oslo kommune
Elsie Brenne, pensjonist, tidl. folkehelserådgiver, Østfold fylkeskommune
Simon Erling Nitter Dankel, professor i medisin/ernæringsbiokjemi, Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen
Lars Thore Fadnes, professor, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen
Aysha Grönberg, ph.d og fagsjef Mat i Forbrukerrådet
Kirsten Bjørklund Holven, professor i klinisk ernæring, Institutt for medisinske basalfag, Universitet i Oslo
Nanna Lien, professor i samfunnsernæring, Institutt for medisinske basalfag, Universitet i Oslo
Helle Margrethe Meltzer, pensjonist, tidl. forskningssjef ved Folkehelseinstituttet
Amund Måge, forskningssjef, Avdeling sjømat og ernæring, Havforskningsinstituttet
Camilla Sandvik, førsteamanuensis, Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag, Nord universitet
Mette Svendsen, klinisk ernæringsfysiolog, Medisinsk klinikk, Oslo Universitetssykehus
Eli Skeie, ph.d og klinisk ernæringsfysiolog, Kvam herad