Vi treng ryggdekning ved vanskelege val

- Det vanskelege er å gjennomføre avgrensing: Å seie nei - eller vent! Vi som utfører prioriteringane i praksis, treng først og framst ryggdekning ved vanskelige valg - og rydding i arbeidsoppgavene våre.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.

Harald Nes, seksjonsoverlege i radiologi, Helse Fonna
EG VISER TIL professor Ole Frithjof Norheim sin kronikk i Dagens Medisin (3/2014) og takker for både temaet og invitt til innspel. Det er fint at lederen for Prioriteringsutvalget vil løfte prioriteringsarbeidet opp som noko positivt og konstruktivt; «det handler like mye om å si ja» Riktig det. Men det er ikkje der det vanskelege ligg. Det vanskelege er å gjennomføre avgrensing: Å seie nei - eller vent.
Dette veit eg: Som radiolog bruker eg og kolleger minst ein halv time kvar dag på beinhard prioritering - vurdering av henvisingar. Til MR er dei langt fleire enn kapasiteten vår. Eg får aldri respons frå dei som slepp til eller blir framskynda, men får mykje pepper fra dei som får nei eller vent.
EIN SUR JOBB. Prioritering er ein sur jobb. Det medfører naturleg nok at mange skyggar unna. «Gå utenom, sa Bøygen».
Korleis kan du hjelpe meg i dette spelet, Ole Frithjof Norheim?
Pasientrettighetsloven og Prioriteringsforskrift og 20-dagersregel og slike faktorar har akselerert presset på pliktene våre, kva vi skal seie ja til, og det med ein gang. Stadig fleire faggrupper har også fått utarbeidd nasjonale førande dokument, der dei - ofte ganske freidig - erklærer utført MR som eit krav i si utgreiing. Eller dei bruker oss til å sile ønska pasientgrupper: «Henvising til ortoped når der er utført MR».
RYGGDEKNING? Med dette presenterer eg tre dominante vindar som ikkje berre påvirkar, men som i stor grad styrer prioritering; pasienten si forventning, fagfolk sine ambisjonar - og marknadskrefter. Men kva skal eg seie nei til? Her seier vel Norheim/prioriteringsutvalget som dei fleste andre: Vent kan godtakast men ikkje nei. Så då er eg i grunnen like langt, berre med ei lengre og meir uhandterleg kø.
Kva treng vi frå deg, Norheim, vi som utfører prioriteringane i praksis?
Vi treng vel først og framst:
- ryggdekning ved vanskelege valg, og
- rydding i arbeidsoppgavene våre.
RELEVANS. Du er inne på det vesentlege, når du omtalar alvorlegheitskriterier, Norheim. Det er beslekta med eit ord eg i årevis har prøvd å selge inn i helsedebatten: «Relevans». Altså kva driv vi med eigentleg, kva er viktig, kva virkar. Uforståeleg at ikkje politikarane, i sin angst for å bli upopulære, i større grad har trykt dette til sitt bryst som slagord. Her kunne dei finne brystvern når det røyner på, i mang ein debatt.
Du er også inne på det som er vanskeleg for deg som skal meine noko om dette, og det som er akilleshælen i alt helsearbeid, når du spør om rolla for pasient og pårørande. Med rettprinsippet i lovverket er det lite aksept for nei og vent. Dette genererer støy, og fagfolk vegrar seg for prioritering.
Resultatet blir det samme gamle: Mest og først til dei som ropar høgast - eller som kan betale for seg. Og det var vel ikkje slik vi ville ha det, nokon av oss?
Ingen oppgitte interessekonflikter
Kronikk og debatt, Dagens Medisin 05/2014

Powered by Labrador CMS